Forsvarsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Forsvarsdepartementets støtte til FoU innan tryggings- og forsvarspolitikken

Forsvarsdepartementet (FD) gjev økonomisk støtte til forsking innan tryggings- og forsvarspolitikk. I 2004 gav FD nesten 8 millionar kroner i støtte. Midlane vert gjevne både i form av stønad til ulike prosjekt og i form av doktorgradsstipend samt eit postdoktorstipend.

Departementet har nyleg inngått ein avtale med Senter for menneskerettar/Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo om å støtte opprettinga av ei førsteamanuensisstilling innan internasjonal humanitær rett/krigens folkerett.

Formålet med departementets støtte

Departementet har lagt vekt på at grunnforskinga skal prioriterast like høgt som den meir kortsiktige, prosjektretta forskinga. Dette blir gjort for å ta i vare den meir langsiktige kompetanseoppbygginga innanfor området.

Departementet har difor etablert ei ordning med treårige doktorgradsstipend ved følgjande utvalde norske institutt ('FD-stipendiatar'). Søkjarane må vere knytte til eit av dei utvalde forskingsinstitutta, men stipenda lysast ut i åpen konkurranse. Det er forskingsinstitutta sjølve som vurderar søkjarane og som står som arbeidsgjevar. Temaet for avhandlinga må liggja innanfor dei kriteria som departementet legg til grunn for si støtte til tryggings- og forsvarspolitisk forsking.

* Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), * Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) * Institutt for forsvarsstudiar (IFS) * Fredsforskingsinstituttet (PRIO) * Fridtjof Nansens Institutt (FNI) * Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State (ARENA), Universitetet i Oslo

Tildeling alternerer mellom desse seks institusjonane, og det blir tildelt to stipend årleg (FNI og ARENA kom med i ordninga i 2002 og fekk dei første stipendiatane i perioden 2004-2006). Doktorgradsstipenda er no fastsett til 500 000 kroner i året.

Postdoktorstipendet er, i motsetning til doktorgradstipenda, basert på fri konkurranse mellom forskarar som er knytt til de seks institutta. FD vurderar søkjarane sjølv, men stønaden administrerast av instituttet som står som arbeidsgjevar. Dette stipendet er òg treårig, og det er på 600 000 kroner i året.

I perioden 1999-2004 vart følgjande personar tildelt doktorgradsstipend:

 Namn

Tittel på avhandlinga

Institutt

År

Nina Græger

From a national to an international Norwegian defence: The use of military power as security policy instrument.

NUPI

1999 – 2001

Katja Skjølberg

En kvantitativ tilnærming til studiet av terrorisme

FFI

1999 – 2001

Pinar Tank

Turkey's military elite at a crossroad: Paths to desecuritisation?

PRIO

2000 – 2002

Torunn Laugen

Internasjonal krisehåndtering på Balkan

IFS

2000 – 2002

Andreas Selliaas

Nationalism after imperial break-up

NUPI

2001 – 2003

Tor Bukkvoll

The foreign policies of privatised States – The cases of Russia and Ukraine.

FFI

2001 – 2003

Tormod Heier

USAs påvirkning av norsk politikk på 90-tallet

IFS

2002-2004

Helene Christiansen Ingierd

Being a Moral Decision-Maker in War

PRIO

2002-2004

Thomas Hegghammer

Al-Qaidas ideologi

FFI

2003-2005

Kari M. Osland

Nye kriger? Regimeendring, legitimitet og sikkerhetssektorreform

NUPI

2003-2005

  Marianne Riddervold

Legitimacy and the Question of European Foreign and Security Policy

ARENA

2004-2006

Lars Rowe

Petsjenganikel-kombinatet: Fra finsk-kanadisk industrieventyr til norsk-russisk miljøproblem

FNI

2004-2006

Postdoktorstipendet

Rolf Hobson ved Institutt for forsvarsstudiar (IFS) blei tildelt postdoktorstipendet i perioden 1999-2001. For perioden 2002-2004 vart stipendet tildelt Sven Gunnar Simonsen, PRIO, med temaet Military Intervention and Post-Conflict Nation-Building. Stipendet blei utlyst for tredje gong hausten 2004.

 

Støtte til einskildprosjekt

I tillegg til grunnforsking gjennom doktor- og postdoktorstipend, støttar Forsvarsdepartementet einskildprosjekt innanfor tryggings- og forsvarspolitisk forsking. Tildeling av prosjektstøtte er spesifisert gjennom to sett av kriteria. Støtte til einskildprosjekt kan bli gjeve for prosjekt som strekk seg over eitt til to år.

Generelle tildelingskriteriar

  1. Relevans for norsk tryggings- og forsvarspolitikk, ved å kunne gje økt kunnskap og innsikt i de tryggingspolitiske utfordringar og problemstillingar som vårt land står overfor i dag og i åra som kjem.
  2. Relevans for vår kunnskap om Noregs internasjonale rammevilkår, og korleis desse påverkar Noregs internasjonale stilling og tryggleik.
  3. Relevans for kompetanseoppbygging og styrking av det norske fagmiljøet når det gjeld Russland/SUS, Europa (inkl. EU) og USA.
  4. Relevans for auka kunnskap og innsikt om mogelege endringar i tryggingsomgrepet og konsekvensane for Forsvaret.
  5. Relevans for vår kunnskap om bakgrunnsfaktorar, dynamikk og skiljelinjer i norsk politikk på det tryggings- og forsvarspolitiske området.
  6. Relevans for det tryggings- og forsvarspolitiske ordskiftet i Noreg.

Relevans for doktrine- og kunnskapsutviklinga i Forsvaret.

Spesifikke prioriteringar for 2005

  1. Tryggingspolitikkens gråsoner: Samfunnstryggleik, ansvarsdeling og sivilt - militært samarbeid.
  2. Militærmaktas stilling og rolle i det internasjonale samfunns fredsarbeid.
  3. Folkerettslige aspektar ved bruk av militærmakt etter NATOs intervensjon i Kosovo.
  4. Tryggingsreform i nye demokrati/svake statar, inkludert rolla for vidare samfunnsutvikling (politisk, økonomisk, osv.).
  5. Utviklinga i NATO-samarbeidet sia ’9/11’ og konsekvensar for Noreg.
  6. Den vidare utvikling av ESDP og konsekvensar for Noreg.
  7. Utviklinga av USAs tryggings- og forsvarspolitikk.
  8. Utviklinga relatert til internasjonal terrorisme.
  9. Militær transformasjon – muligheiter og konsekvensar for det norske forsvaret.
  10. Norsk forsvarspolitikk og Forsvarets geografiske tyngdepunkt: tryggingspolitiske kontra distriktspolitiske omsyn.

På grunnlag av innkomne søknader tildeler departementet si årlege prosjektstøtte. Søknadsfristen for tildeling i 2005 er 31. desember 2004.

Prosjekt som var støtta av FD i 2004:

Prosjekt

Prosjektleiar

Institusjon

Utskipning av olje fra Nordvest-Russland - utfordringer og usikkerheter

Moe, Arild

FNI

New Challenges, old conflicts: What role can the Western security communities play in emerging inter-African security initiatives.

Shalala, Edward

IFS

Russlands politikk i Sentral-Asia: et hinder for strategisk partnerskap med USA?

Opdahl, Ingerid M

IFS

En russisk Bush-doktrine? Endringer i Russlands handlingsmønster og retorikk overfor SUS-området etter 11.september.

Flikke, Geir,

Wilhemsen, Julie

NUPI

Transatlantic cooperation in the global war on terrorism. EU-US burden sharing, partnership, leadership.

Stryken, Christian Marius

NUPI

Values and weapons: enforcing the new democratic sovereignty.

Matlary, Janne Haaland

NUPI

Tourism and terrorism

Kolås, Åshild

PRIO

Preventive military actions: normative dimensions

Reichberg, Gregory

Syse, Henrik

PRIO

Could the Russian military be a partner to NATO in counter-terrorist operations?

Baev, Pavel

PRIO


Nærmare informasjon kan ein få ved å vende seg til Tryggingspolitisk avdeling i Forsvarsdepartementet, tlf. Sekretariatet: 23 09 62 10.