Pressemelding
Nr.:
73/06
Dato: 30.06.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Ole Herman Fisknes, tlf 22 24 79 00
Martin Kildal utnemnd til prost i Indre
Helgeland prosti
Rådgjevar
Martin Kildal vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Indre Helgeland prosti
i Sør-Hålogaland bispedøme.
Martin
Kildal tok teologisk embetseksamen i 1981 og vart ordinert til prest i 1982. Han
har vore kretssekretær i Helgeland krets av Noregs Kristelege Ungdomsforbund og
vikarprest i Sør-Hålogaland bispedøme. Kildal har vore sokneprest i Sørfold, institusjonsprest
i Rana og sokneprest i Hemnes. Han er no rådgjevar i Trygdeetatens Arbeidslivssenter
i Nordland.