Statusbeskriving
Arbeidsmål 1.1. Medverke til oppfølging
av strategien for berekraftig utvikling i Norden og handlingsprogrammet
for det nordiske miljøsamarbeidet 2001-2004.
Oppfølginga av strategien for berekraftig utvikling i
Norden skjer både nasjonalt i dei enkelte landa, og gjennom
sektorsamarbeidet under nordisk Ministerråd. I 2003 vart
det lagt fram ein midtvegsrapport for oppfølging av denne
strategien som syner at dei enkelte landa nasjonalt er godt i gang med
gjennomføringa av strategien. I regi av Nordisk Ministerråd
vart det i 2003 òg utarbeidd eit indikatorsett som skal
vise utviklinga i forhold til dei konkrete måla i strategien.
Miljøsektoren sitt ansvar for å gjennomføre berekraftstrategien
er lagt til grunn ved utarbeiding av Det nordiske miljøhandlingsprogram
2001-2004. Dette programmet inneheld ei rekkje konkrete mål
og aktivitetar. Sekretariatet i Nordisk Ministerråd gjennomfører
for tida ei evaluering av korleis miljøsektoren følgjer
opp miljøhandlingsprogrammet, men allereie no kan ein slå fast
at miljøsektoren har nådd/gjennomført
eller sett i gang arbeidet med å gjennomføre dei
aller fleste måla og aktivitetane i programmet.
Arbeidsmål 2.1. Påverke utforminga av
EU sin politikk basert på ein brei nasjonal prosess og
sikre at relevante og akseptable EU-rettsakter blir gjennomførte
ope og effektivt i det norske lovverket.
EØS-avtala blir stadig meir omfattande ettersom nye
rettsakter kjem til i avtala. Den innverknad avtala har på norsk
politikk aukar tilsvarande. Innverknaden EØS-avtala har
på norsk miljøpolitikk aukar i takt med utvidinga
av det ambisiøse lovgivingsprogrammet i EU. Særleg
innafor forureiningsområdet deltek Noreg aktivt i Kommisjonens arbeidsgrupper
i medhald av EØS-avtala. Arbeidet er nærare omtalt
under dei enkelte resultatområda.
Utvidinga av EU og EØS-avtala gjer utfordringa med å få innverknad
på regelverket stadig større. Derfor følgjer
Regjeringa kontinuerleg med i utforminga av politikken i Kommisjonen,
Rådet og Europaparlamentet og legg til rette for ein brei nasjonal
prosess, gjennom tidleg varsling av nytt regelverk og informasjon
til allmenta på internett.
Kommisjonen er i ferd med å utarbeide nytt regelverk
om kjemikaliar, ein strategi for marint miljø, ein strategi
for miljøteknologi og ei rekkje endringar i eksisterande
direktiv som skal betre luftkvaliteten, vasskvaliteten og avfallshandteringa.
Det er lagt stor vekt på å sikre ei rask og
effektiv gjennomføring i norsk lovverk av EU-rettsakter som
blir sett på som relevante og akseptable. I denne prosessen
er det viktig å sikre medverknad frå aktuelle
partar.
Arbeidsmål 3.1. Arbeide for at miljøkonsekvensar
blir analyserte og miljøomsyn integrerte i forhandlingane
i WTO og i regelverka.
I mandatet for den nye forhandlingsrunden i Verdas Handelsorganisasjon
(WTO) har miljø blitt eit eige forhandlingstema, under
dette forholdet mellom WTO-regelverket og miljøvernavtalene,
og det er eit omsyn som skal integrerast i alle forhandlingsområde.
I tillegg til miljø skal det forhandlast på områda landbruk,
tenester og immaterielle eigedomsrettar, marknadstilgang for industriprodukt;
inklusive fisk og regelverk (subsidiar og antidumping).
Arbeidsmål 4.1. Arbeide for at OECD integrerer miljøomsyn
i arbeidet sitt og utarbeider analysar og retningslinjer som kan
fremje ei berekraftig utvikling.
OECD arbeider aktivt for å styrkje den tverrfaglege integreringa
av miljøomsyn i den samla verksemda i organisasjonen. Berekraftig
utvikling er nedfelt som ei sentral målsetjing for heile
OECD-området.
OECD har vedteke ein miljøvernstrategi for dei neste
10 åra som gir målsetjingar for miljøpolitikken
i OECD-landa og nasjonale tiltak for å nå desse.
Dei fem overordna målsetjingane er: å halde oppe
integriteten i økosystema, kople økonomisk vekst
vekk frå forverring av miljøet, bruke indikatorar
til å måle framsteg og betre grunnlaget for avgjerder,
betra livskvalitet, og styrkt internasjonal miljøstyring
og samarbeid. For kvar av målsetjingane er oppgitt dei
viktigaste utfordringane, nasjonale tiltak for å møte
utfordringane, indikatorar til å måle framsteg
og forslag til OECD sitt vidare arbeid. Prioriteringane, både
i berekraftprosjektet og i miljøvernstrategien, samsvarer
godt med norsk miljøvernpolitikk.
Arbeidsmål 4.2. Utvikle vidare det regionale miljøsamarbeidet
i Europa, innan UNECE med spesiell vekt på «Miljø for
Europa»-prosessen, under dette oppfølging av EECCA-strategien
(Eastern Europe, Caucasus and Central Asia).
Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i
landa i Sentral-, Søraust og Aust-Europa er ei prioritert
oppgåve for å kunne oppnå miljøforbetringar. Samarbeidet
mellom landa i Europa og Nord-Amerika om reformarbeid og miljø i
dei austlege delane av kontinentet skjer innan ramma av «Miljø for
Europa»-prosessen.
Ministerkonferansen i Kiev i mai 2003 gav «Miljø for
Europa»-prosessen ei ny retning med ein miljøstrategi for
dei 12 tidlegare sovjetrepublikkane (Russland, Kviterussland, Ukraina,
Moldova, Georgia, Aserbajdsjan, Armenia, Turkmenistan, Tadsjikistan,
Kasakhstan, Kirgisistan og Usbekistan). Miljøsamarbeidet
på Balkan skal førast vidare. Tre nye miljøavtaler
vart underteikna (om strategiske miljøvurderingar, om nasjonale
forureiningsregister og om erstatningsansvar ved industriulykker ved
grenseoverskridande vassdrag). Vidare fekk ein handlingsplan for
biologisk mangfald tilslutning. Det vart også vedteke retningsliner
for betre energiprising, energisparing og utfasing av miljøskadelege
energisubsidiar. «Miljø for Europa»-prosessen fekk òg
eit klart mandat for sitt vidare arbeid fram til neste konferanse.
Noreg hadde ei sentral rolle som medlem av styret for konferansen og
i forhandlingane om ministererklæringa.
Arbeidsmål 4.3. Medverke, gjennom det norske formannskapet
i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD), til at CSD blir vitalisert
og til at målsetjingane frå Johannesburg-toppmøtet
knytte til vatn, sanitær og busetnad blir sette ut i livet.
CSD har hovudansvaret for å overvake gjennomføringa
av vedtaka frå toppmøtet i Johannesburg 2002.
På CSD sin sesjon i april/mai 2003 fikk Noreg gjennomslag
for at kommisjonen skal fokusere sitt arbeid dei to kommande åra
på tre hovudområde: vatn, sanitær og
busetnadsspørsmål. Dette vil gjere kommisjonen
sitt arbeid meir fokusert. Resultata frå toppmøtet
i Johannesburg vil vidare bli følgde opp ved valet av den
norske miljøvernministeren til leiar for CSD det kommande året.
I den norske formannskapsperioden vil det bli søkt å gjennomføre
WSSD-måla om berekraftig utvikling for kamp mot fattigdom
gjennom ei vitalisering av CSD som overordna politikkorgan for berekraftig
utvikling gjennom brei politisk mobilisering. CSD skal spesielt
medverke til at Millennium- og Johannesburg-måla knytte
til vatn, sanitær og busetnad, og tverrgåande
spørsmål og overvaking, blir gjennomførte
på ein mest mogleg kostnadseffektiv og berekraftig måte
med konkrete og synlege resultat som demonstrerer at det nyttar.
På nasjonalt plan pliktar Noreg å ha ein nasjonal agenda
for berekraftig utvikling, NA21. Koordineringsansvaret for denne
planen er lagt til Finansdepartementet, men Miljøverndepartementet
spelar ei viktig rolle i utarbeiding av NA21, og vil framover arbeide
med den vidare oppfølginga. Miljøverndepartementet
og andre involverte departement deltek i ei styringsgruppe leia
av Utanriksdepartementet, for å støtte opp under
det norske formannskapet ved å utarbeide ein strategi for
formannskapet og medverke til at strategien blir gjennomført på ein
mest mogleg effektiv, koordinert og smidig måte. Styringsgruppa
vil førebu posisjonar når det gjeld dei substansielle
spørsmåla som står på dagsordenen
til CSD; vatn, sanitære forhold og busetnadsspørsmål,
og tverrgåande spørsmål og overvaking.
For å styrkje bemanninga er det utnemnt ein eigen ambassadør
til CSD samtidig som bemanninga ved den norske FN-delegasjonen i
New York vil bli styrkt.
Arbeidsmål 4.4. Arbeide for å oppgradere
UNEP, m.a. ved å få til vedtak om å opprette
ein global kvikksølvmekanisme, og å styrkje vitskapskapasiteten
i UNEP. Føre vidare arbeidet med å integrere omsynet
til klima, biodiversitet og miljøgifter i den ordinære verksemda
til dei multilaterale organisasjonane.
FN sitt miljøvernprogram UNEP har sentrale funksjonar
for overvaking og analyse og tek initiativ til forhandlingsprosessar
om miljøvernavtaler. Det er i dag brei internasjonal semje
om at UNEP må styrkjast. Miljøverndepartementet
har spelt ei aktiv rolle ved m.a. å foreslå eit
vitskapspanel for UNEP, ein miljøombodsmann for FN og ein
strategi for å byggje opp kapasitet innan miljøforvaltning
i u-landa. Miljøvernministeren fekk, på UNEP sitt
styremøte i februar 2003, gjennomslag for at UNEP sin vitskapskapasitet
skal styrkjast, og at UNEP skal utarbeide ein strategisk plan for
kapasitetsbygging og teknologioverføring. Desse forslaga, og
behovet for adekvat og stabil finansiering av UNEP, skal følgjast
opp i både UNEP og Kommisjonen for berekraftig utvikling
sine prosessar framover, mellom anna gjennom mellomstatlege konsultasjonar
hausten 2003 og på UNEP sin spesialsesjon i mars 2004.
Departementet fikk i 2003 gjennomslag for at GEF skal utvide
verksemda si til også å omfatte støtte
til PIC- og POPs-konvensjonane på kjemikalieområdet.
Arbeidsmål 5.1. Arbeide for at Noreg blir eit føregangsland
som nyttar ein større del av bistandsmidlane til miljøtiltak
enn i dag, og integrerer miljøomsyn i all bistand.
Den andre programperioden (2000-2004) i miljøvernsamarbeidet
mellom Noreg og Sør-Afrika er komme godt i gang, og dei
fleste miljøprosjekta er no under gjennomføring.
Strategiske konsultasjonar mellom dei to miljøverndepartementa
inngår som ein viktig del av avtala. Det vart i 2003 gjennomført
ein midtvegsgjennomgang av miljøprogrammet. Anbefalingane
frå denne må følgjast opp i 2003/2004.
I 2001 underteikna Indonesia og Noreg ei intensjonsavtale om å føre
vidare miljøvernsamarbeidet i 2001-2004. I 2002 vart ramma
for samarbeidet ytterlegare utvida. Samarbeidet vil no vere eit «partnarskap»
slik Toppmøtet i Johannesburg definerer det og oppmodar
til.
Når det gjeld Kina og Noreg har det vore ein tett miljøpolitisk
dialog mellom miljøvernstyresmaktene i dei to landa. Den
kinesiske miljøvernministeren besøkte m.a. Svalbard
i 2003 etter invitasjon frå miljøvernministeren.
Avtala mellom Kina og Noreg om bilateralt miljøsamarbeid
omfattar aktivitetar innan institusjons- og kapasitetsbygging, kulturminnevern,
miljøinformasjon og luft- og vassforureining.
NORAD har inngått rammeavtaler med 7 miljøfagsenter,
under dette Miljøverndepartementet, Statens forureiningstilsyn,
Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning og Statens Kartverk. Fagsentra
skal vere kompetansebase for NORAD innan miljøbistand,
og skal stille til rådvelde fagkompetansen sin innanfor
dei fagområda og arbeidsfelta som dei er ansvarlege for
i statsforvaltninga. Fagsentra er òg aktive med å styrkje
miljøadministrasjonen i fleire utviklingsland gjennom institusjonelt
samarbeid. Alle miljøfagsentra har i 2003 utført
oppdrag for NORAD knytte m.a. til vurdering av ulike program og
prosjekt og til vurderingar retta mot norsk bistandsforvaltning.
Eit døme på dette er samarbeidet som er etablert
mellom Direktoratet for naturforvaltning og miljøstyresmaktene
i Nepal for å styrkje deira kapasitet knytt til konsekvensvurderingar
av vasskraftutbygging.
Verkemiddel
Resultatområde 8 - underområda internasjonalt miljøvernsamarbeid,
miljøvern i polarområda og radioaktiv forureining
blir hovudsakleg finansiert over kap. 1400, 1410 og 1471.
For Noreg er det nordiske samarbeidet særleg viktig
både på politisk nivå, embetsmanns- og ekspertplan
for å få betre gjennomslag i miljøarbeidet
i EU og anna internasjonalt miljøsamarbeid. På sentrale
område som hav, vatn og kjemikaliar har Noreg gjennom det
tette ekspertsamarbeidet i nordisk regi fått høve
til å påverke det internasjonale regelverket i
ei grad som ville vore vanskeleg for Noreg aleine.
På EU/EØS-området er møte
med EU-formannskap og med sentrale EU-land, Nordisk Ministerråd
og nordiske «frukostmøte» i forkant av miljøvernministermøta
i EU dei sentrale verkemidla på politisk plan.
Noreg held uformelle kontaktar med sentrale aktørar
i EU-kommisjonen, Europaparlamentet og EU-medlemslanda omkring saker
som er viktige for Noreg. Dette gjeld spesielt på klimaområdet, der
Noreg ved fleire høve har gitt til kjenne sine synspunkt
på det føreslåtte kvotedirektivet til
EUs miljøkommisær, dei sentrale Europa-parlamentarikarane
og medlemsstatar. Andre spørsmål som har vore
reiste overfor aktørar i EU er marine spørsmål,
kjemikaliepolitikken og ulovleg hogst av tropisk tømmer.
Noreg deltek òg i EU-møte på departementsrådsnivå (EPRG)
og i ca. 30 ekspertgrupper på miljøområdet.
Miljøverndepartementet har lånt ut ein person
til det svenske miljøverndepartementet for å styrkje
kontakten med miljøarbeidet i EU. På nasjonalt
plan blir det halde informasjonsmøte med frivillige organisasjonar
og partane i arbeidslivet, og relevante saker blir sende på høyring
til aktuelle partar. Det blir arbeidd med å gjere tilgangen til
informasjon endå betre for eksterne aktørar, og med
auka deltaking i dei førebuande EU/EØS-prosessane.
Det vil vere spesielt viktig at det vidare arbeidet innan OECD
med berekraftig utvikling og oppfølging av miljøstrategien
reflekterer resultata frå toppmøtet i Johannesburg,
og korleis OECD kan medverke til å fremje desse. Det vidare
arbeidet i OECD med fråkopling av miljøpåverknad
frå økonomisk vekst er viktig i denne samanhengen.
I 2004 vil det vere eit miljøvernministermøte
i OECD-regi.
Ei langsiktig oppbygging av miljøvernforvaltninga i
landa i Sør-Aust-Europa (Balkan) og dei tidlegare sovjetrepublikkane
(dei såkalla EECCA-landa; Eastern Europa, Caucasus and
Central Asia) er ei prioritert oppgåve for å kunne
betre miljøet. Eit viktig verkemiddel vil framleis vere økonomisk stønad
til miljøprosjekt på Balkan og i EECCA-landa.
På ministerkonferansen «Miljø for Europa» i Kiev,
Ukraina i mai 2003, vart det vedteke ein miljøstrategi
for EECCA-regionen. Noreg hadde ei sentral rolle i førebuinga
av strategien, og i denne vil Noreg si oppfølging av Kiev-konferansen
også vere eit viktig verkemiddel.
Noreg vil medverke aktivt både i forhold til forhandlingsmøte
i WTO og i samband med alliansebygging, for å få til
ei tilfredsstillande forhandlingsløysing som sikrar fleksibilitet
for verkemiddelbruk i miljøvernpolitikken, og som vidare
sikrar at miljøvernavtalene ikkje blir underordna WTO-regelverket.
Noreg legg vekt på at miljøomsyn skal integrerast
i WTO-forhandlingane og i handelsregelverket, for å sikre
at handelssystemet medverkar til berekraftig utvikling. Vurderingar
av miljøkonsekvensar vil vere eit viktig verkemiddel i denne
samanhengen.
Regjeringa vil medverke til at miljøbistand for m.a.
implementering av miljøkonvensjonar blir styrkt i Verdsbanken,
UNESCO, UNEP, UNDP, WHO og andre.
Regjeringa vil følgje opp vidareføringa i UNEP av
arbeidet med ei FN-reform på miljøområdet, m.a.
gjennom å følgje opp vedtaka frå Ministermøtet
i Cartagena i februar 2002 og handlingsplanen frå Johannesburg
i september 2002, der ein skal komme fram til tiltak for å styrkje
den internasjonale miljøforvaltninga. I denne samanhengen
vil ein særleg leggje vekt på å utvikle
mekanismar som sikrar FN ei meir effektiv og heilskapleg tilnærming
til miljøvern, m.a. gjennom vidare å styrkje UNEP
si rolle som sentral FN-autoritet innan miljøspørsmål,
inklusive styrkt og meir planmessig finansiering, styrking av UNEP
si koordineringsrolle overfor miljøkonvensjonane, og betre
koordinering mellom dei ulike konvensjonane på miljøområdet.
CSD-formannskapet gir Noreg høve til å forme det
vidare internasjonale arbeidet med berekraftig utvikling med særleg
fokus på fattigdoms- og utviklingsaspektet. Formannskapet
set oss i ei pådrivarrolle i forhold til viktige politiske
prosessar med fokus på utvalde tema, og kan vere ein modellskapar
for det framtidige arbeidet i CSD gjennom utforminga av den første
«review»-sesjonen etter Johannesburg.
Regjeringa vil arbeide for ein meir målretta kommisjon.
Regjeringa vil arbeide for at CSD blir ein global møteplass
der landa i samarbeid med private aktørar utviklar globalt
politisk engasjement for å møte dei framtidige
utfordringane i arbeidet med berekraftig utvikling.
Det globale miljøfondet (Global Environment Facility:
GEF) finansierer dei globale miljøavtalene. GEF vart oppretta
for å dekkje tilleggskostnadene ved tiltak som gir globale
miljøfordelar innanfor områda vern av biologisk
mangfald, klima, ozon, internasjonale vasspørsmål
og, i den grad dette heng saman med dei 4 hovudformåla, ørkenspreiing.
For inneverande fireårsperiode disponerer GEF ca. 2,7 mrd.
USD. Fondet har nyleg vedteke retningslinjer for bruk av midlar
til støtte for den globale miljøgiftavtala (POP-avtala)
og det vil òg bli opna for å innlemme miljøgifter,
og jorderosjon og avskoging som nye hovudformål.
Miljøverndepartementet medverkar på ulike måtar
til å styrkje miljøintegrasjonen i det norske utviklingssamarbeidet.
Utanriksdepartementet sitt dokument om
Utvikling,
fattigdom og miljø: Miljøpolitiske prioriteringer
2001-2005 gir føringar for implementering av strategien.
Regjeringa sin handlingsplan for kampen mot fattigdom i sør
mot 2015 -
Kamp mot fattigdom utgjer
ei overordna tilnærming til korleis vi kan medverke til å realisere
FNs millenniumsmål. Vidare er miljøfagsentra sentrale miljørådgivarar
for NORAD og samarbeidspartnarar i fleire utviklingsland. Utvekslingsordninga mellom
NORAD og miljøforvaltninga (1999-2003) har ført
til ei gjensidig styrking av den bistands- og miljøfaglege
forståinga i organisasjonane, og det blir vurdert å halde
fram med dette.
16.2 Miljøvern i nord og polarområda
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med miljøutfordringane
på Svalbard, Jan Mayen, i Barentshavet, i Arktis elles
og Antarktis med biland og det bilaterale miljøsamarbeid
med Russland.
Strategiske mål
Noreg skal, gjennom internasjonalt arbeid, medverke til at miljøsituasjonen
blir betra i Noreg sine nærområde i nord og i
den arktiske regionen. Dei store, samanhengande villmarksområda
på Svalbard og i Antarktis skal saman med kulturminna sikrast
mot vesentlege inngrep og påverknader. Svalbard skal framstå som
eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, og busetnadene
skal drivast på ein miljøforsvarleg måte
for å sikre miljø og trivsel. Noreg skal arbeide
for at dei nære arktiske havområda våre
blir tekne vare på som nokon av dei reinaste i verda, og
at ressursutnyttinga går føre seg innanfor rammer
som sikrar at det biologiske mangfaldet blir halde oppe på kort
og lang sikt.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga
sine arbeidsmål, resultatindikatorar
og statusbeskriving
Statusbeskriving
Arbeidsmål 6.1. Medverke til å betre miljøsituasjonen i
Noreg sine nærområde i Barentsregionen og i den arktiske
regionen.
Det er i gang 7 prosjekt i oppfølginga av den nordiske
handlingsplanen for vern av natur- og kulturminne i Arktis (Grønland,
Island og Svalbard). Dei gjeld m.a. effektar av tråling
og botnskraping, overvaking av slitasje på vegetasjon og
kulturminne, LA 21 i Arktis og prosjekt om miljøundervisning.
Nokre av prosjekta blir avslutta i 2003 og resultata vil bli gjort
kjent gjennom rapportar via Internett. I 2003/2004 er det planlagt å setje
i gang med ytterlegare 3 prosjekt, eit om representativt utval av
arktiske kulturmiljø, eit om naturvegleiarar i Arktis og
eit om integrering av miljøomsyn i forskingssektoren.
Arktisk Råd vart oppretta i 1996 av dei fem nordiske
landa, Russland, USA og Canada. Hovudformålet med Arktisk
Råd er å fremje samarbeid, koordinering og samhandling
mellom landa i felles arktiske saker på ei rekkje område.
Noreg dekkjer sekretariatsutgiftene til «Arctic Monitoring and Assessment
Program», AMAP. Noreg deltek aktivt i «Arctic Climate Impact Assessment»,
ACIA. Under ministermøtet i Arktisk Råd hausten
2003 vart førebelse resultat presenterte. Vidare har Noreg
vore ein viktig pådrivar og bidragsytar til eit større
prosjekt i Russland under Arktisk råd sitt program for
bevaring av arktisk flora og fauna (CAFF) knytt til økosystemtilnærming
og bevaring av biologisk mangfald i det nordlige Russland (ECORA).
Hovudfinansieringa kjem her frå den globale miljøfasiliteten
(GEF), men det er òg store bidrag frå Noreg og
nokre andre arktiske land.
Saman med lokalt og regionalt miljøvernsamarbeid i Barentsregionen
utgjer arbeidet under den bilaterale miljøkommisjonen det
viktigaste bidraget frå norsk side til Barentssamarbeidet
på miljøområdet (jf. arbeidsmål
2). Arbeidet under kommisjonen er no strukturert i tre hovudområde
for å få best mogleg effektivitet og samarbeid
på tvers av fagdisiplinar. Hovudområda er det
grensenære miljøsamarbeidet, natur- og kulturforvaltning
i Kenozero og vern av dei nordlege havområda. Programmet
Reinare Produksjon og samarbeid på klima- og energiområdet
er òg høgt prioritert. Det regionale miljøvernsamarbeidet
mellom Finnmark fylke og Murmansk fylke rapporterer òg
til miljøvernkommisjonen. Vidare er det eit nordisk samarbeid
om prosjekt knytte til vern av område i Barentsregionen.
Miljøvernkommisjonen møtest årleg og
vedtek arbeidsprogramma for to år av gongen. Det blir lagt
stor vekt på å stimulere og styrkje det regionale
og lokale folk til folk-samarbeidet, under dette samarbeid mellom
urbefolkningar. Austersjøområdet er frå 2003
etablert som ein felles gjennomføringsmekanisme under Kyotoprotokollen.
Når det gjeld vern og bruk av naturressursar og biologisk
mangfald, har den norsk-russiske gruppa for biodiversitet eit koordinert
samarbeid med Sverige og Finland om fleire prosjekt i Russland.
Delar av dette går inn i arbeidet i Barentsrådet
og Arktisk Råd. På kulturminneområdet
står objekt på UNESCO-lista, vern og rehabilitering
av kultur- og landskapsvernområde i Kenozero og samarbeid
om kulturminne i grenseområda sentralt.
Arbeidsmål 7.1. Fremje miljøinvesteringar
i Nordvest-Russland gjennom m.a. NEFCO
og Den nordiske investeringsbank (NIB).
Moderniseringsprosjektet for nikkelverket kom i gang i 2002.
NIB har informert departementet om at prosjektet no blir seinka
med 1-1 1/2 år i forhold til tidlegare ferdigstilling som
var planlagt innan utgangen av 2006. I følgje NIB vil ikkje
dette påverke utsleppsreduksjonane. Når moderniseringa
er fullført er det venta at utsleppa av SO
2 og tungmetall
til luft vil vere reduserte med minst 90%. Det er også gjennom
NEFCO gitt støtte til eit biobrensleprosjekt i Kamenka
i Arkangelsk fylke.
Dei fleste store industrikombinata i Barentsregionen har delteke
i program for reinare produksjon og dei første investeringsprosjekta
blir førte vidare under NEFCO-fondet for reinare produksjon.
Sertifisering av ei mekanisk bedrift etter miljøsertifiseringssystemet
ISO 14001 er ferdigstilt og opplæring med sikte på sertifisering
er sett i verk ved to nye bedrifter.
Arbeidsmål 7.2. Styrkje miljøkompetansen
i forvaltning og industri.
Nordic Environmental Finance Corporation (NEFCO) er ein sentral
samarbeidspartnar når det gjeld miljøprosjekt
i Norden sine nærområde og har medverka til fleire
miljøprosjekt i Russland og land rundt Austersjøen,
m.a. energiøkonomisering, overgang til bioenergi, innsamling
og destruksjon av miljøgifta PCB, rehabilitering av vass-
og avløpssystem og reduksjon av forureining frå landbruket.
Norske konsulentar og bedrifter medverkar i fleire av desse. Innsatsen
i kandidatlanda til EU blir gradvis nedtrappa, mens innsatsen i
Nordvest-Russland er aukande. Det blir vurdert sterkare engasjement
m.a. i Ukraina og etter kvart også i Kviterussland.
Arbeidsmål 8.1. Styrkje samarbeidet om vern og forvaltning
av Barentshavet.
For Barentshavet vil framtidig utvikling når det gjeld
utnytting av naturressursar i russisk farvatn og på russisk
sokkel vere viktig. Transporten av oljeprodukt frå russisk
side langs norskekysten har auka monaleg frå våren
2002 og har også halde nivået gjennom vinteren
med 10-15 transportar pr. månad. Desse oljeprodukta kjem
frå kjelder på land, men det er òg ein
monaleg auke i oljeleiting på russisk sokkel. Det norsk-russiske
miljøvernsamarbeidet blir difor nytta til å sikre
at russiske ekspertar deltek i delar av arbeidet med den heilskaplege
forvaltningsplanen for norsk del av Barentshavet, jf. verkemiddelomtalen
under resultatområde 4. Arbeid med å utvikle og
etablere eit system for miljøovervaking av radioaktivitet
og andre miljøgifter i norsk del av dei nordlege havområda
er i gang. Norsk-russisk samarbeidd om risikovurdering og vurdering
av behov for framtidig beredskap knytt til kommande petroleumsaktivitet
og petroleumstransport frå norsk og russisk sokkel, er
starta opp.
Arbeidsmål 8.2. Avgrense den menneskelege påverknaden
på bestandsutviklinga hos utvalde arter.
Svalbardrein har i dag ein levedyktig bestand. Det er òg
grunn til å tru at bestanden av polarrev på Svalbard
er innafor sikre biologiske grenser.
Det er likevel store variasjonar i bestanden av rein og rev frå år
til år, noko som først og fremst skuldast klimatiske
forhold. Det er ikkje påvist at den svært avgrensa
haustinga av svalbardrein og polarrev påverkar bestandane.
Bestandane av kvitkinn- og kortnebbgås er innafor biologisk
sikre grenser. Det er usikkert om bestanden av ringgås
er innafor sikre biologiske grenser. Alle tre bestandane har auka
sidan 1980.
Transporten av fleire forureiningsstoff gjennom luft til Svalbard
synest å vere redusert dei seinare åra. Det er
påvist nedgang i svoveldioksid og sulfatkonsentrasjonane,
og reduksjonen er på respektive 75% og 67% sidan 1980.
Det er lite truleg at svovelsambindingar er årsaka til
forsuring som overstig tolegrensene på Svalbard. Produksjon
og bruk av PCB og persistente plantevernmiddel er sterkt redusert
i løpet av dei siste 10-30 åra i dei fleste land.
Undersøkingar viser likevel at PCB-nivået i arter
som isbjørn, sel og polarmåse ved Svalbard framleis
er blant dei høgaste i Arktis. Dei siste målingane
tyder på at nivåa aukar. Det er gjennomgåande
lågare nivå av tungmetall på Svalbard
enn nær dei industrielle punktkjeldene der mesteparten
blir avsett. Vi har førebels ikkje så lange tidsseriar
at dei kan nyttast til å sjå utviklingstrendar
når det gjeld kvikksølv, tungmetall etc. på Svalbard.
Vi kan difor ikkje seie noko om kor vidt desse stoffa førekjem
i avtakande eller aukande konsentrasjon.
Arbeidsmål 9.1. Styrkje områdevernet på Svalbard
og bevare omfanget av villmarksprega naturområde utanfor
verneområda.
I behandlinga av St.meld. nr. 22 (1994-95)
Om
miljøvern på Svalbard uttalte Stortinget
at dei etablerte verneområda på Svalbard i lita
grad omfattar dei delane av øygruppa som har biologisk
produksjon. Regjeringa vart beden om å leggje fram forslag
til nye verneområde på Svalbard, der viktige landområde
med biologisk produksjon blir sikra vern.
Hovudinnhaldet i eit forslag til verneplan vart presentert i
St.prp. nr. 1 (2002-2003) Miljøverndepartementet.
Arbeidsmål 10.1. Avgrense menneskelege skadeverknader
på og bevare kulturminne og kulturmiljøet.
Ein del kulturminne er utsette som ein følgje av den
auka ferdsla. Det er påvist endringar i vegetasjonsdekket
omkring dei kulturminna der cruiseskip set i land eit større
tal turistar om sommaren.
Det er etter kvart også eksempel på at turistar og
andre besøkande skader kulturminne direkte, anten ved å fjerne
ting eller ved utilsikta aktlaus åtferd. Den viktigaste
slitasjefaktoren er likevel framleis naturlege prosessar som m.a.
vêr, vind og erosjon.
Det er sett i verk overvaking av slitasje på kulturminne,
og det er gjennomført tiltak for å bevare kulturminne
som stod i fare for å bli øydelagde m.a. på grunn
av aukande ferdsel. Det er òg sett i verk utvida vern av
enkelte kulturminne som er sterkt utsette for slitasje.
Arbeidsmål 11.1. Styre ferdsla på Svalbard.
Ferdsla på Svalbard aukar. Det er registrert ein klar
auke i talet på ilandstigingsplassar og personar som har
gått i land frå oversjøiske cruiseskip og
frå cruiseskip i kysttrafikk dei siste åra.
Styresmaktene vil følje nøye med når
det gjeld dette besøkstrykket som framleis aukar, for å sikre at
det ikkje medfører skade på naturen eller øydelegg
høvet for andre til naturopplevingar uforstyrra av motorisert
ferdsel.
Ferdsla blir regulert gjennom ei eiga forskrift slik at denne
ikkje reduserer omfanget og kvaliteten på villmarksområda.
Det er òg lagt vekt på å sikre at ferdsel
i dei villmarksprega områda i dag ikkje øydelegg
eller reduserer kulturminna på lengre sikt. Det er sett
i gang overvaking av den motoriserte ferdsla.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 8, underområde miljøvern
i nord- og polarområda, blir dekt over Norsk Polarinstitutt
si budsjettramme, jf. kap. 1471, men kap. 1410 inneheld òg
budsjettmidlar som skal medverke til finansieringa av dette resultatområdet
i 2004.
Prosjektsamarbeidet med Russland, støtte til NEFCO sitt
miljøutviklingsfond, blir finansiert over Utanriksdepartementet
sitt budsjett. Årleg løyving til NEFCO sin grunnkapital
er delt mellom Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet.
Noreg stiller til rådvelde eit tilskot på inntil
270 mill. kr til moderniseringsprosjektet for nikkelverket i Petsjenga.
Tilskotet blir administrert av Nordisk Investeringsbank, NIB. Norilsk
Nikel låner tilsvarande beløp av NIB og medverkar
med resterande 1/3 i eigenkapital. Sverige medverkar med 3 mill.
USD i tilskot. Det er avtalt å samarbeide med miljøvernforvaltninga
i Russland om overvaking av miljøverknadene av prosjektet.
Det viktigaste verkemidlet Miljøverndepartementet har
i samarbeidet med Russland er den bilaterale miljøkommisjonen,
som er leia på politisk nivå. Informasjon i nordområda
er eit viktig verkemiddel for Barentssamarbeidet. Dette blir i all
hovudsak ivareteke av Svanhovd miljøsenter.
Eit viktig verkemiddel for miljøvernforvaltninga på Svalbard
er den nye miljøvernlova for Svalbard med tilhøyrande
forskrifter som tok til å gjelde 1. juli 2002. Lova set
klare rammer for all verksemd på øygruppa, og
Sysselmannen har eit effektivt apparat for handheving som kan oppdage og
straffeforfølgje brot på regelverket.
Andre verkemiddel som er tekne i bruk er velordna registrering
og overvaking av sentrale miljøkomponentar og aktive vernetiltak
gjennom m.a. Miljøovervakingsprogrammet for Svalbard og
Jan Mayen (MOSJ).
Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking er ein
føresetnad for at Noreg skal kunne forvalte sine polare
territorium på ein økologisk forsvarleg måte.
Norsk polarforsking av høg internasjonal kvalitet er òg
ein føresetnad for at Noreg skal kunne spele ei aktiv rolle
i den vidare utviklinga av det internasjonale forskings- og miljøvernsamarbeidet
i polarområda. Det blir henta inn viktig ny kunnskap gjennom
forsking i regi av Norsk Polarinstitutt, andre forskingsmiljø og
NFR.
Eit internasjonalt samarbeid for forvaltning av miljøet
på Svalbard, knytt mellom anna til å verne trekkjande
arter og hindre langtransportert forureining, er òg eit
viktig verkemiddel.
Det blir kontinuerleg samla inn store mengder data om våre
hav- og kystnære område i nord. Samtidig aukar
behovet for miljøovervaking og kriseberedskap i samband
med ulykker. Departementet vurderer å etablere
Barentshavet på skjerm som eit
nytt verktøy for miljøvernforvaltninga.
Vidare er informasjon eit verkemiddel for å spreie kunnskap
om Regjeringa sin miljøpolitikk for Svalbard.
16.3 Radioaktiv forureining
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje
og redusere utslepp og risiko for framtidige ulykker som kan medføre
radioaktiv forureining som kan påverke naturmiljøet.
Internasjonalt går dette arbeidet føre seg m.a.
i regi av Londonkonvensjonen og Oslo- og Paris-konvensjonane, og gjennom
felles innsats for å løyse atomproblema i Nordvest-Russland.
Strålevern og helseverknader av radioaktiv forureining
ligg under Helsedepartementet sitt ansvarsområde.
Strategiske mål
Noreg skal medverke til å redusere utslepp og risiko
for utslepp av radioaktive stoff som kan føre til forureining
av norsk miljø.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltninga
sine arbeidsmål, resultatindikatorar
og statusbeskriving
Statusbeskriving
Arbeidsmål 12.1. Redusere faren for radioaktiv forureining
av miljøet frå avfallslager, nukleære anlegg
og transport av radioaktivt materiale i Noreg sine nærområde.
Arbeidet med ei norsk-russisk konsekvensvurdering av ulykkesscenarium
ved atomanlegga i Majak er avslutta. Første fase i arbeidet
med vurdering av radioaktiv forureining av elva Jenisej frå atomanlegget
i Krasnojarsk og mogleg påverknad av dei nordlege havområda
er avslutta. Prosjektet som vurderer landområde som er
særleg sårbare for radioaktiv forureining ved
ei atomulykke ved atomkraftverket på Kola er avslutta,
mens arbeidet med eit felles russisknorsk automatisk målenettverk
i Murmansk-regionen held fram. Eit norsk forslag til overvakingsprogram
for radioaktivitet i nordlege havområde er utarbeidd og
godt motteke av russiske ekspertar. Det er skipa ei arbeidsgruppe
som skal sjå nærare på ei styrking av
samarbeidet.
Idear om transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall mellom
europeiske reprosesseringsanlegg og kjernekraftverk i Japan via
den nordlege sjøruta og norske farvatn blir følgde
nøye. Noreg vil arbeide for at det internasjonale regelverket
om transport av radioaktivt avfall blir styrkt.
Arbeidsmål 13.1. Arbeide for reduksjon og stans
i utsleppa gjennom kontaktar med involverte land og samarbeid innanfor
relevante internasjonale fora.
Dei totale utsleppa av radioaktive stoff til det marine miljøet
er vesentleg reduserte i forhold til tidlegare. Frå det
engelske reprosesseringsanlegget i Sellafield vart det på 90-talet
sleppt ut store mengder av det radioaktive stoffet Technetium-99. Det
er dei seinare åra målt høge konsentrasjonar av
dette stoffet i tang og hummar langs norskekysten. Noreg har i mange år
lagt stort press på britiske styresmakter og oppmoda dei
til å redusere utsleppa. Britane har no vedteke ein mellombels stans
i 9 månader, mens dei testar ut den nye teknologien. Trykket
på britiske styresmakter når det gjeld Sellafield
vil bli halde oppe til utsleppa er stansa permanent.
Arbeidsmål 14.1. Kartleggje kjeldene og redusere utsleppa
til nivå som ikkje påverkar naturmiljøet.
Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining
vil norske styresmakter halde seg fortløpande orienterte
om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde.
I tillegg til forureining utanfrå, omfattar programmet samtidig
utslepp av radioaktive stoff frå nasjonale kjelder. Dette
arbeidet har så langt vore fokusert på utslepp
frå dei nukleære anlegga i Halden og på Kjeller,
og bruk av opne radioaktive kjelder ved sjukehus, oljeindustri og
forskingsaktivitetar. Overvakingsprogrammet vil bli ført
vidare i 2004, mellom anna for å få oversikt over
utslepp av naturleg radioaktive stoff frå oljeindustrien.
Verkemiddel
Finansieringa av resultatområde 8, underområde radioaktiv
forureining, er i hovudsak dekt over kap. 1410, mens det på kap.
1400 òg er sett av midlar til dette underområdet.
Finansieringa på kap. 1410 dekkjer m.a. ei vidareføring
av overvakingsprogrammet for radioaktivitet langs norskekysten og
eit terrestrisk overvakingsprogram. Midlar til prosjektsamarbeidet
med Russland kjem frå kap. 0197 post 70 - Tilskot til atomtryggleikstiltak
og samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa over Utanriksdepartementet
sitt budsjett.
Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Miljøverndepartementet
og Sosial- og helsedepartementet ved Statens strålevern,
vart Strålevernet i 1999 formelt faginstans for Miljøverndepartementet
på området radioaktiv forureining av miljøet. Dette
gir tryggleik for at Miljøverndepartementet sine noverande
og framtidige plikter på dette området vil bli
ivaretekne på ein tilfredsstillande måte. Det
behovet Miljøverndepartementet har for slik ekspertise
vil truleg auke i åra framover m.a. som følgje
av aukande fokus på utsleppa frå Sellafield, auka
fokus på utsleppa frå oljeindustrien og planar om
transport av radioaktivt avfall i eller i nærleiken av
norske farvatn. Det er òg generelt aukande internasjonalt
fokus på vern av miljøet mot radioaktiv forureining.
Det blir arbeidd aktivt med nye kriterium for utslepp og det er
aukande satsing på forsking i moglege effektar på naturmiljøet
som følgje av eksponering frå radioaktive stoff.
Informasjonsberedskap er svært viktig når det gjeld
radioaktiv forureining. Statens strålevern har som faginstans
på området hovudansvaret for informasjonsarbeidet.