Avgjørelse i innsigelsessak, 19. juli 2005
Flora
kommune – motsegn til reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken.
Vi
viser til brev av 26. januar 2005 frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane om denne
saka.
Saka
er i samsvar med § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova (pbl) sendt
Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd.
Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne stadfesta Flora
kommunestyre sitt vedtak om reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken.
Departementet legg vekt på at steinbrotet vil gi Flora kommune og eit lite
grendesamfunn fleire nye arbeidsplassar. Dette vil igjen på lengre sikt kunne
styrke busetnaden i området, og vere avgjerande for at skulen og båtruter vert
halde oppe.
Bakgrunn
for saka
Planprosessen
for regulering av eit steinbrot på Seljestokken starta i 2002. Då gav det faste
utval for plansaker i Flora kommune eit positivt signal på førespurnad frå
tiltakshavar Norwegian Sandstone Export AS om igangsetting av eit planarbeid.
Hovudføremålet
med reguleringsplanen er etablering av eit steinbrot for uttak av devonsk
sandstein, med knuseanlegg og kai for utskiping av ferdig produkt. Sandsteinen
er tenkt nytta i asfaltproduksjon. Testar av steinen viser at den ligg over dei
høgste krav som vert stilt i dag. Heile tiltaket vil dekke eit areal på 574
dekar. Førekomsten av sandstein innafor planområdet er rekna til 129 mill. tonn
og kan gi drift i om lag 100 år. Sjølve steinbrotet er tenkt etablert som
dagbrot.
Tiltaket
er av eit så stort omfang at det er krav om konsekvensutgeiingar (KU) etter
reglane i plan- og bygningslova. KU vart
godkjent av Bergvesenet gjennom sluttdokument datert 13. oktober 2004.
Konsekvensane
av tiltaket er gjennom KU vurderte til på den eine ytterkant å ha stor og
positiv konsekvens for sysselsetjing, medan tiltaket på den andre ytterkant
vert vurdert å ha sers stor konsekvens for kulturminner på land. Samla
vurdering i KU er at tiltaket totalt sett har ein relativ liten, men negativ
konsekvens. Alle avbøtande tiltak som er tilrådd i sluttdokumentet til KU, og
som kan styrast gjennom reguleringsplanen, er vedteken innarbeidd i
reguleringsplanen.
Det
planlagde området ligg i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i
gjeldande arealdelen til kommuneplan for Flora.
Fylkeskommunen gav fråsegn til planen i brev datert 21. september 2004. I fråsegna
uttalar fylkesutvalet at det meiner reguleringsplanen for Seljestokken
steinbrot er utforma slik at omsynet til landskap og kulturmiljø er ivareteke.
Fylkesutvalet vil ikkje gå i mot at det vert etablert eit steinbrot i området
slik det er planlagt og vist på staden. Til slutt i fråsegna uttalar
fylkesutvalet at det ikkje bør opnast for fleire brot i dette området av fylket
før ein har gjort erfaringar med dei tre som no er aktuelle, og dei viktigaste
kulturmiljøa i området er nærmare vurdert.
Riksantikvaren fremja i brev av 1. november 2004 motsegn mot framlegget til
reguleringsplan ut frå omsynet til kulturminne. Motsegna gjeld områda for
kaianlegg, transportband og drift. Desse delane av planen er etter
Riksantikvaren si meining i sterk konflikt med eit kulturmiljø med gravrøyser
som vert vurdert til å vere av nasjonal verdi. Innanfor sjølve planområdet ligg
det 4 gravrøyser. I eit større området har ein registrert 27 gravrøyser. Det særeigne
kulturmiljøet som gravrøysene på Seljestokken er ein del av, er eit av svært få
område av denne typen i landet. Riksantikvaren meiner det ikkje bør opnast for
fleire steinbrot i området før ein har gjort erfaringar med dei to som no er
godkjende. Desse ligg i Bremanger kommune.
Riksantikvaren
har ikkje innvendingar mot sjølve uttaksområdet, ut frå at det her ikkje er
kjende kulturminne. Potensialet for å finne ukjende kulturminne i området er
vurdert som lågt.
Mekling vart gjennomførd den 26. november 2004 utan at kommunen og
Riksantikvaren kom til semje i saka.
Flora kommunestyre handsama saka i møte den 15. desember 2004 og gjorde der vedtak om
ikkje å ta motsegna til følgje. Saka vart vedteke oversend
Miljøverndepartementet til endeleg avgjerd. Kommunen legg vekt på at det
omsøkte tiltaket ikkje direkte vil røre
ved dei 4 gravrøysene.
Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev til at han i prinsippet er samd med
Riksantikvaren i at det er viktig å ta vare på kulturarv og særmerkte
kulturmiljø av den typen ein finn i og i tilknyting til planområdet. I
konsekvensutgreiinga er det peikt på at kultur-miljøet knytt til gravrøyser i
området står fram som heilskapleg og med intakt struktur der opplevings-,
pedagogiske og vitskaplege verdiar er store. Det er lagt til grunn at tiltaket
vil ha "meget stor negativ konsekvens" i forhold til kulturminna på
land.
På
den andre sida finn fylkesmannen å måtte legge vekt på at ingen av gravrøysene
kjem i direkte konflikt med tiltak planen legg til rette for, og at kommunen så
langt som råd er har tilpassa planutforminga slik at kulturminna og miljøet i
størst mogleg grad blir tekne vare på. Fylkesmannen er samd med fylkeskommunen
i at dei verknadane av sysselsetting, verdiskaping og kapitaltilførsel er så
viktige for lokalsamfunnet og kommunen, at det bør leggjast avgjerande vekt på
omsynet til samfunnsutviklinga. Fylkesmannen viser i den samanheng til det
lokale engasjement og fråsegner frå bygdelaget til fordel for planforslaget.
Etter
ei samla vurdering rår fylkesmannen til at planforslaget for steinbrot på
Seljestokken vert stadfesta.
Synfaring i området vart halde 20. april
2005 med mellom anna representantar frå kommunen, tiltakshavar, fylket,
Riksantikvaren, Bergvesenet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet.
Nærings- og handelsdepartementet (NHD) gav i brev av 10. juni 2005 til Miljøvern-departementet
uttale i saka. I uttala legg NHD
vesentleg vekt på at ansvaret for areal-planlegginga etter plan- og
bygningslova ligg til kommunen, og at det skal vesentlege grunnar til for at
statlege myndigheiter skal overprøve eit kommunalt planvedtak. I denne saka har
kommunestyret samrøystes vedteke planen etter ein grundig lokaldemokratisk
prosess. NHD kan ikkje sjå at staten har sterke nok grunner til å gå mot
kommunen. Det vert og lagt vekt på at sjølve gravrøysene ikkje vert direkte
skada, at det er eit stort behov for sysselsetjing i området og at tiltaket har
fått positiv tilslutning i grenda. NHD viser også til at Bergvesenet meiner at
i denne saken må ein leggje vekt på dei samfunnsmessige verknadane av
sysselsetjing, verdiauke og kapitaltilførsel.
Miljøverndepartementet si vurdering
Departementet
si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom
kommunen og fylkeskommunen eller statleg sektormyndigheit. Det må liggje føre
nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne
overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.
Konflikten
i denne saka gjeld spørsmålet om etablering av eit driftsområde og
transport-område i tilknyting til eit større steinbrot for uttak av devonsk
sandstein. Steinen, som er tenkt nytta i asfaltproduksjon på kontinentet, skal
auke friksjonen i asfalten og dermed auke trafikktryggleiken.
Innanfor
det regulerte området ligg det 4 gravrøyser. Desse ligg i område regulert til
parkbelte i industristrok kombinert med spesialområde vern. Tre av gravrøysene
ligg ved sjøen, medan den fjerde ligg på eit platå ovanfor eksisterande bilveg.
Riksantikvaren
fremja motsegn mot planen fordi han meiner kaianlegget, transportanlegget og
driftsområdet vil øydeleggje den heilskap som området med gravrøysene ligg i.
Det er ikkje reist motsegn mot sjølve steinbrotet. Riksantikvaren peiker på at
gravrøysene er av stor nasjonal verdi.
Inngrepet vil etter kulturminnemyndigheitene si meining medføre ei
visuell skjemming av kulturmiljøet og ei fragmentering av det største
samanhengande gravrøysmiljøet av denne typen på Vestlandet. Dette vil redusere
verdien av området og moglegheit for kunnskap og oppleving.
Flora
kommune er omstillingskommune med stor trong til nye arbeidsplassar. Regionen
har den seinare tid mist mange arbeidsplassar, både innan statleg forvaltning
og privat sektor. Særleg har verftsindustri og fiskeriindustri hatt problem. Folketalet i Sogn og Fjordane har og dei
seinare år gått tilbake. Det er ei nasjonal oppgåve å leggje til rette for
busetnad og sysselsetjing i distrikta.
Det
planlagde steinbrotet vil gi ca. 20 nye arbeidsplassar, over lang tid (100 år).
I tillegg kan ein vente ulike ringverknader som ytterlegare vil kunne styrkje
sysselsetjing og busetnad. Dette vil igjen kunne styrkje lokalsamfunnet og vere
avgjerande for at skule og lokalbåtruter kan halde fram. Grendelaget i området
har teke aktivt del i planlegginga av steinbrotet og gitt positiv tilslutning
til prosjektet.
I
denne saken ligg det føre nasjonale kulturminneinteresser. Steinbrotet kjem i
konflikt med kulturminneinteressene, men etter ei samla vurdering er
Miljøverndepartementet kome til at omsynet til å styrkje sysselsetjinga og
busetnaden i Flora kommune og regionen må vege tyngst i denne saka. Departement
finn derfor å kunne stadfesta kommunen sitt vedtak om reguleringsplan for
steinbrot på Seljestokken.
I
samband med gjennomføringa av tiltaket føreset departementet at dei avbøtande
tiltak
som
er nemnd i konsekvensutreiinga og tatt inn i reguleringsføresegnene vert
utført.
Tiltakshavar
og kommunen bør og i samråd med dei regionale kulturmyndigheiter legge
betydeleg innsats i å vurdere ytterlegare avbøtande tiltak for å minske
skadeverknadane for det samla gravrøysmiljøet. I den samanheng viser vi til
framlegg under synfaringa om tildekking/skjerming av transportband.
Kulturminnemyndigheitene
har ikkje prioritert å gjennomføre registreringar etter kulturminnelova
§ 9 for å fastslå om det er konflikt mellom arealdisponeringa og ikkje synlege
automatisk freda kulturminne. Kulturminnemyndigheitene må derfor registrere i
planområdet og fastsetje eventuelle vilkår for gransking før tiltak kan setjast
i verk. Etter kulturminnelova si § 10 skal tiltakshavar betale for slike
granskingar.
Vedtak
I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985
stadfestar Miljøverndepartementet vedtak av Flora kommunestyre i møte den 15.
desember 2004 om reguleringsplan for steinbrot på Seljestokken. Samstundes
stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner med nokre mindre
endringar og eit tillegg gjort av departementet, jfr. pkt. 2.8 i føresegnene.
Motsegna frå Riksantikvaren vert derfor ikkje teken til følgje.
Det
stadfesta plankart med reguleringsføresegner følgjer vedlagt med påteikning om
stadfestinga.
Departementet
finn etter det opplyste at reguleringsplanen er handsama i samsvar med reglane
i plan- og bygningslova, og at sakshandsaminga ikkje gir grunn for merknader.
Om kunngjering av stadfesta
reguleringsplan viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3.
Kommunen
er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.
Med
helsing
Knut Arild Hareide
Kopi:
Flora kommune
Riksantikvaren
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Nærings- og handelsdepartementet
Vedlegg:
Dokumenta i saka