Oppbygginga
av Odin-tenesta
Odin
er informasjonstenesta på Internett for regjeringa, Statsministerens kontor og
departementa.
Tenesta
er bygd opp på følgjande måte:
- Odin er portal for
departementas og Statsminsterens kontors nettenester.
- Odin-forsida gir
eit samla oversyn over informasjonen (frå den felles informasjonsstrukturen)
for alle nettenestene.
- Arkivet til Odin inneheld alle dokument som er publiserte, også
dei historisk arkiverte.
- Nytt på tenesta på Odin-forsida gir eit samla oversyn over alle
dokument som er publiserte av Statsministerens kontor og departementa dei siste
sju dagane.
- Nytt på tenesta
under det enkelte departement inneheld stoff frå kvart enkelt departement dei
siste sju dagane.
- Odin har ein felles
navigasjon, som er inndelt i globale val (menyen øvst horisontalt) og lokale
val (menyen venstre vertikalt).
- Alle dokument er
søkbare på tvers av alle nettenestene.
- Departementa har
eigne engelske sider. Det finst Norgesinformasjon på tysk, fransk, spansk og
engelsk.
- Navigasjonen i Odin er på bokmål og nynorsk. I tillegg har enkelte
departement eigne samiske sider.