Odin
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvising 
Liknande dokument  

Kva er Odin?

Organisering

Odin er ei felles, elektronisk informasjonsteneste frå regjeringa og departementa. Den sentrale redaksjonen for Odin er plassert i Servicesenteret for departementa (SSD), Informasjonsforvaltning. Dei enkelte departementa og Statsministerens kontor (SMK) har sin eigen lokale Odin-redaksjon. Det overordna ansvaret for Odin ligg i Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) som skal avklare og gjere vedtak i prinsipielle spørsmål, og om nødvendig leggje desse fram for regjeringa.

Informasjonsleverandørane (departementa, SMK og den sentrale Odin-redaksjonen) er ansvarlege for publisering og vedlikehald av informasjon på sine eigne sider.

Formålet med Odin

Formålet med Odin er å gjere informasjons- og nyheitsstoff frå regjeringa og departementa tilgjengeleg på Internett, og gjennom dette vere med på å gjere den sentrale forvaltninga meir open og tilgjengeleg gjennom bruk av moderne informasjonsteknologi. I eit brukarperspektiv er det viktig at informasjonen frå regjeringa, SMK og departementa blir presentert einskapleg på ein innbydande måte, og at det er lett å søkje og finne fram. Tenesta skal også tilby interaktivitet og tovegskommunikasjon.

Historikk

Odin vart lansert som eit prøveprosjekt 1. august 1995, og vart etablert som permanent teneste frå 1997 med den føresetnaden at det vart gjort ei ekstern evaluering og ei brukarundersøking. Konklusjonen frå evalueringa, som vart gjort av Norsk regnesentral, var at tenesta, "trass i svakheter og mangler må betraktes som en verdifull tjeneste som fyller viktige behov både for politiske myndigheter, forvaltningen og publikum".

Regjeringa gav i mars 1998 si tilslutning til at Odin framleis skal vere den sentrale Internett-tenesta for departementa og SMK. Statens forvaltningstjenste, (Ft) fekk av Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) det operative ansvaret for at vidareutviklinga av Odin vart gjennomført i tråd med avgjerder og tilrådingar frå regjeringa.

Prinsipp

Odin skal vere ei heilskapleg og brukarvennleg informasjonsteneste. Tenesta skal vere offentleg tilgjengeleg.

Servicesenteret for departementa er gitt det samla ansvaret for drifta av Odin. Det overordna ansvaret og retten til å vedta endringar i retningslinjene for drift etc. har FAD som eigardepartement.

Eit eige organ, Brukerforum, skal ta seg av saker knytte til drifta av Odin. I forumet deltek ein representant for kvar av innhaldsleverandørane, og forumet vert leia av SSD. Brukerforum kan avgjere spørsmål av praktisk og prinsipiell karakter innanfor visse rammer. Ved avstemming har kvar av leverandørane ei stemme.

Saker som Brukerforum ikkje kan avgjere, vert overletne til FAD.