|
Kva er arkiv på Odin?Odin-arkiv er ei samling av dei fleste dokument som Statsministerens kontor og departementa har publiser på Odin sidan starten i 1995. Du kan også finne nokre få eldre dokument. Du vil finne både gyldige, arkiverte og erstatta dokument. Organisering av arkivetArkivet er organisert etter regjeringsperiodar:
Under dei eldre periodane er det publisert færre dokument. Under kvar regjeringsperiode er arkivet vidare delt inn i dei departementa som fanst i perioden. På forsida til kvar regjeringsperiode er det eit kort oversyn over eventuelle endringar i departementsstrukturen i perioden. Under kvart departement er dokumenta sortert etter dokumenttype. Kva slags dokument finst i arkivet?I arkivet finst dei fleste pressemeldingar, talar og artiklar som departementa har publisert på Odin. Du finn også ein del dokument og regelverk. Regjeringspublikasjonar, det vil seie meldingar, proposisjonar og offentlege utgreiingar, vert ikkje arkiverte. Dei er alltid tilgjengelege frå forsida på Odin eller frå departementa sine sider under menypunktet "Dokument". Regjeringspublikasjonar finst i fulltekst tilbake til sesjonen 1996-1997. Dokumentstatusar på OdinPå Odin vert to statusar brukt for å markere at dokumenta ikkje lengre er gyldige. Arkivert: Dokument som har status arkivert finst berre i arkivet. Dette gjeld dokument der innhaldet er utgått, for eksempel eit rundskriv som ikkje gjeld lenger. Pressemeldingar, nyheiter, talar og artiklar frå tidlegare regjeringsperiodar vil automatisk få status arkivert etter eit regjeringsskifte. Erstatta: Dokument som har status erstatta er dokument som har vorte erstatta av eit nytt dokument som er tilgjengeleg på Odin. I desse dokumenta vil du finne ei lenke til det nye dokumentet. |