Arbeidsområdet
Hovudoppgåva for Olje- og energidepartementet er å tilretteleggje ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane. Utan god konkurranseevne, effektiv ressursbruk og lønsemd i energisektoren kan vi ikkje skape dei arbeidsplassar og inntekter som er naudsynte for å sikre velferd og sysselsetting. Energipolitikken må leggjast opp slik at ein innanfor miljømessig forsvarlege rammer best mogeleg utnyttar den samla tilgangen på arbeidskraft, kunnskap, kapital og naturressursar.
Som sekretariat for den politiske leiinga vil departementet ha som mål å utvikle seg med dei energipolitiske målsetjingane som regjeringa har og som mellom anna er gitt att i aktuelle meldingar og proposisjonar til Stortinget.