Pressemelding
Nr.:103/06
Dato: 20.10.06
Samferdselsminister
Liv Signe Navarsete: Gassdrift i ferjesambanda Flakk – Rørvik og Halhjem - Våge
- Ferjene som trafikkerer riksvegsambanda Flakk – Rørvik i Sør-Trøndelag
og Halhjem – Våge i Hordaland, skal bruke gass som drivstoff. Eit slikt krav om
bruk av gass som drivstoff vil vere eit av vilkåra ved dei anbodskonkurransane
som Statens vegvesen skal utlyse for ferjedrifta på desse strekningane,
opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Bruk av gass er ei miljøvennleg og framtidsretta løysing.
NOx-utsleppa frå ei gassdriven ferje er berre 10 prosent av utsleppa som kjem
frå ei tilsvarande dieseldriven ferje. Overgang til bruk av gassferjer er
dermed med på å redusere utsleppa av NOx. Bruk av gassferjer har dessutan andre
miljøgevinstar, ved at CO2-utsleppa er 25 prosent lågare enn utslepp frå ei
dieseldriven ferje. Det høyrer også med i biletet at overgang til bruk av
gassferjer legg til rette for utvikling av norsk kompetanse og teknologi på eit
område med spennande utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt, seier
samferdselsministeren.
Til redaksjonen
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er tilgjengeleg for
intervju og kommentar – ta kontakt via informasjonssjef Ivar Torvik, 22 24 81
08 eller 90 51 08 86