Hausta takk for lange vogntog

Samferdselsminister
Liv Signe Navarsete mottok i går ein takk frå "Transportmagasinet" på
vegne av transportbransjen, for å ha fått til ei vidareføring av
overgangsordninga for lange vogntog. Transportmagasinet gav ministeren ein
original av ei karikaturteikning, som eit uttrykk for at bransjen set stor pris
på engasjementet til statsråden i denne saka.
-
Dette har vore ei sak som eg i lengre tid har arbeidd hardt for at skulle gå
gjennom. I november hadde eg eit møte med EU-kommisæren for transport og
energi, Jacques Barrot. Eg tok opp kor viktig det er at Noreg får vidareføre
overgangsordninga for lange vogntog og fekk gjennomslag for det, seier
samferdselsministeren.
- Det ville vore håplaust om EU-krav skulle hindre oss i å drive
tungtransport som er lagt til rette for norske vegar og ver. Dette er sjølvsagt
òg ei viktig sak for norsk transportnæring, då det ifølgje næringa sjølv er
registrert 10.000 kombinasjonar av køyretøy som denne ordninga ville fått
verknad for. Barrot viste forståing for vår sak i møtet, og ba oss ta opp dei
tekniske detaljane med EU-direktoratet for transport og energi. No har vi fått
melding frå direktoratet om at desse detaljane er i orden. Samferdselsdepartementet
har sendt eit brev til Vegdirektoratet, der vi ber direktoratet om å få på
plass dei forskriftsendringane som er nødvendig for at overgangsordninga kan
halde fram, seier samferdselsministeren.
Brev av 28.11.06
frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet
Brev av 12.10.06
frå samferdselsministeren til EU-kommisæren for transport og energi, Jacques
Barrot
Vedlegg 1
Vedlegg 2
Vedlegg 3