Saksliste
Stad: Auditoriom (KBA), KvinneBarn-senteret <-- OBS! Merk at det er på KBA
Dato: Mandag, 5. mars 2007
Tid: 1230 - 1430
Formalia
Godkjenning av innkalling, val av ordstyrar og referent
Sak 10/07 Orientering frå Studentrådet ved FTR
Bl.a.: ”PBL på eksamen”, ”Tidligere studiestart på høsten”, ”MRSA-testing”
Kort orientering med rom for spørsmål av oppklarande art.
Sak 11/07 Evaluering av gebyrordning for bokskap
Bakgrunn:
Hausten 2005 blei det innført gebyr for bokskap på KvinneBarn, Lab og Nevro. Ordninga medførte at studentane fikk høve til å prioritere bygg, noko som blei godt motteke. Samtidig fikk ein differensiert mellom studentar som trengte bokskap og studentar som ikkje trengte, men som kunne tatt eit om det var gratis. Pengane som blei samla inn blir delt ut i 2007 i form av velferdsmidlar til diverse studentorganisasjoner.
Innkomne forslag:
1. Vidareføre ordninga med 100 kr i gebyr per bokskap.
2. Avskaffa ordninga.
Diskusjon og votering.
Sak 12/07 Midttime IID/Stadium II
Studentar i Stadium II og spesielt termin IID har utstrakt bruk av fritimar midt på dagen. Det har kome inn forslag om å fjerne denne slik at dagen blir komprimert.
Diskusjon og votering.
Sak 13/07 Turnusdebatt - Vedlegg
NMF Trondheim har sendt ut e-post med alternativ for løysningar av kapasitetsproblematikken (også vedlagt her). Vi tar diskusjonen på Allmøte der vi prøver å finne ut kva alternativ vi synest har minst ulemper.
Det presiserast at å lese vedlegget er ein fordel.
Diskusjon og eventuell votering.
Sak 14/07 Kunngjeringar
Har du eller din organisasjon noko å melde?
Sak 15/07 Eventuelt
Det blir enkel servering.
Bjørn Mørkedal
FTR1, DMF
| Vedlegg | Størrelse |
|---|---|
| Sak 1307 Turnus_forslag til endring av administrasjon.pdf | 67.18 KB |
