Prosjektet retter seg mot barnehage, småskule og Pedagogisk Psykologisk Teneste. Også SFO og helsestasjonar er med. Overgangen frå barnehage til skule står sentralt i prosjektet.
Målet med prosjektet er at dei ulike arenaene skal jobbe nærare saman, utveksle erfaringar og bli kjent med kvarandre sitt omgrepsapparat. På den måten skal deltakarane utvikle handlingskompetanse til å førebyggje, avdekkje og avhjelpe psykososiale vanskar blant barn i alderen fire til åtte år.
Stort behov
- Vi har sett at utfordringane i barnehage og småskule har blitt stadig større. Med dette prosjektet tek vi tak i problematikken gjennom å lære av kvarandre, seier Marta Vignes Steine frå Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen, som er koordinator for prosjektet.
Dei fire kommunane som skal lære av kvarandre i prosjektet er kommunane Eigersund, Lund, Sandnes og Time. Frå kvar kommune deltek fagfolk frå barnehage, skule, PPT, SFO og helsestasjon.
Sinte og tause barn
Frå Senter for åtferdsforsking er det fire rettleiarar som er med. På ulike samlingar får deltakarane rettleiing gjennom gruppe-diskusjonar der ulike døme frå praksisfeltet blir drøfta.
- Det kan vere barn som slit med utagerande åtferd, som er sinte, men også stille barn, som ikkje så lett blir sett, seier Hildegunn Fandrem, ein av dei fire rettleiarane frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.
- Det er ei utfordring for mange å sjå systemretta på dei sakene dei jobbar med. I dette prosjektet er det om å gjere å lytte til og lære av kvarandre, seier ho.
Tidlig start
- Vi meiner det er viktig å starte tidlig i arbeidet med å hjelpe desse barna. Vi håper at det å sjå korleis dei ulike arenaene verker inn på kvarandre vil gi nyttig lærdom. Samtidig er det også eit mål å finne fram til tiltak og løysingar, seier Vignes Steine.
Ho meiner mykje dreier seg om å bli betre på å sjå kva som skjer i barnehage og småskule.
- Når vi veit korleis vi skal tolke det vi ser, er det også lettare å finne fram til kva som kan gjerast for å få desse barna til å meistre.


English »
