I doktoravhandlinga «Læring av erfaring? Eit psykoanalytisk blikk på lærarars læring», finn Ramvi at lærarar i ungdomsskulen i stor grad knyt sjølvbiletet sitt til om dei opplever å få ein god relasjon til elevane eller ikkje.
- Og dei har høge ambisjonar om korleis dette forholdet skal vere. Presset på lærarane om å ha gode relasjonar til elevane er så stort, at dårlege relasjonar ikkje kan beskrivast, seier Ramvi og held fram:
- Den dårlege relasjonen blir umulig å snakke om. I staden snakkar lærarane heller om manglande relasjonar til elevane, seier Ramvi.
Vrien kombinasjon
I følgje Ramvi seier det høge idealet til lærarane også at dei ikkje må mislike nokon elevar.
- Mange lærarar meiner det er viktig å bli kjent med elevane for å kunne like dei, og for å byggje ein god relasjon. Når lærarane skal bli kjent med elevane seier dei ofte at det er viktig og nødvendig å vere seg sjølv. Men å vere seg sjølv og samtidig vere profesjonell er vanskeleg, fortel Ramvi.
Undersøkinga hennar av skulelærarars moglegheiter for å lære av erfaring har sitt utgangspunkt i eit feltarbeid over eit skuleår. Datamaterialet blei samla inn i form av observasjonar og samtalar med lærarar på to forskjellige norske ungdomsskular.
Paradoks i skulen
Kravet om å like alle elevar og samtidig vere seg sjølv, kan opp-levast som eit dilemma for mange lærarar. Ramvi har funne at dette dilemmaet fører til eit ubevisst forsvar mot å gå inn i relasjonar til elevane, både hjå den einskilde lærar og hjå skulen som system.
- Det sosiale forsvarssystemet skal hjelpe den einskilde lærar til å unngå ei oppleving av sårbarheit i lærar-elev-relasjonen. Skulen arbeider paradoksalt nok mot utviklinga av denne relasjonen, samstundes som den einskilde lærar seier at forholdet til eleven er alfa og omega, seier Ramvi.
Erfaringsblokkering
Forskaren fortel at lærararbeidet gjerne blir opplevd så personleg at all kritikk lett blir oppfatta som personleg kritikk.
- Eg observerte at kollegafellesskapet på skulen bar preg av sår-barheit for kritikk. Det kan sjå ut som det har utvikla seg ein skulekultur der ingen kritiserer kvarandre, seier ho.
I følgje Ramvi skal forsvarssystemet i skulen beskytte mot sår-barheit.
- Sårbarheita er knytt til lærar-elev-forholdet. Forsvarssystemet oppstår fordi det blir lagt for lite vekt på å forstå kor vanskeleg det er å vere medmenneske og fagperson i ei og same rolle, seier Ramvi, som konkluderer med at konsekvensen av dette forsvars-systemet er at det blir vanskeleg å lære av erfaring.
- Det føregår ei form for erfaringsblokkering, som hindrar lærar-ane i både å forstå seg sjølve og eleven.
Stort behov
- Læraryrket er ein relasjonsprofesjon. Det er relasjonen som er læraren sin arbeidsreiskap. Med større toleranse i skulemiljøet for kor krevjande det er å leve i dilemmaet mellom nærhet og av-stand i relasjonen, vil ein ikkje ha så stort behov for å skilje det mellommenneskelege frå det faglege i lærarrolla, seier Ramvi og avsluttar:
- Som det har kome fram i min studie har lærarane eit stort behov for å bli i stand til å bruke seg sjølve i arbeidet med elevane. Lær-arane sitt sjølvstende og deira autonomi må styrkast for å bryte det sosiale forsvarssystemet som forhindrar lærarane i ei slik utvikling.
Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen


English »
