Ingunn Størksen, Arlene Thorsen og Inger Kristine Løge arbeider saman i ei forskargruppe med fokus på dei minste barna. Dei tre forskarane har ulik erfaringsbakgrunn. Størksen er psykolog, Thorsen er spesialpedagog med førskulelærarbakgrunn, og Løge er logoped med lærarbakgrunn.
- Fordi vi har ulike roller lærer vi mykje av kvarandre. Vi har ulike teoretiske og praktiske innfallsvinklar til problematikken, seier Størksen, som har forska på psykososiale konsekvensar av sam-livsbrot i doktoravhandlinga si.
Thorsen arbeider for tida med ein doktorgrad om dei vaksne sine haldningar til og tenking om barn, medan Løge har ein doktorgrad om språkutvikling og språkvanskar.
Klar tale
Dei tre forskarane er ikkje i tvil om at tidleg innsats er avgjerande i arbeidet med barn som har psykososiale vanskar.
- Forsking viser at barn som har psykososiale problem, ofte må slite med vanskane heile livet. Mange opplever også at vanskane blir fleire og større etter kvart som dei veks til. For å hjelpe desse barna trengst det førebyggjande tiltak i tidleg alder, seier Løge.
- Forsking har også vist at barn som slit med psykososiale vanskar i tidleg alder, veldig ofte har problem med å få seg utdanning, jobb og vener når dei blir vaksne, seier Størksen, som saman med Thorsen og Løge er godt nøgd med bodskapen i Stortings-melding nr. 16 (2006–2007) «… og ingen sto igjen».
Kvalitet først
Forskargruppa ved Senter for åtferdsforsking meiner gode relasjonar er eit nyttig verktøy i arbeidet med dei små barna.
- For små barn er gode relasjonar viktig både for læring og for førebygging av vanskar. Ofte er det dei barna som det er vanske-legast å nå fram til, som det er viktigast å nå fram til, seier Thorsen, som legg til at dei vaksne har ei sentral oppgåve i det å gi barn gode erfaringar.
Saman med Løge og Størksen er ho oppteken av å auke kompe-tansen hjå personalet i barnehagane, slik at dei kan leggje til rette for eit godt oppvekstmiljø for alle barn.
- Det er viktig ikkje å gløyme at kvalitet må gå føre kvantitet. Med eit auka fokus på barnehagar og små barn er det fort gjort å bli oppteken av full barnehagedekning framfor sjølve tilbodet i barne-hagane, seier ho.
Satsar sterkt
Ved senteret arbeider forskarane med fleire prosjekt om dei minste barna. I tillegg er dei i gang med eit forskings- og kompe-tansehevingsprosjekt saman med Lesesenteret og Stavanger kommune, og dei har eit samarbeid gåande med Sørlandet kompetansesenter om eit nytt observasjonsmateriell, i tillegg til TRAS og ALLE MED, som senteret har vore med på å utvikle.
«Dei utfordrande barna», eit prosjekt om omfattande åtferds-vanskar hjå små barn, har også gitt dei mange gode erfaringar.
- Senter for åtferdsforsking har alltid jobba mest mot grunnskulen, men no satsast det også sterkt på barnehagane. Det er ein spennande og ny profil for senteret, avsluttar Størksen.


English »
