Hei!

Mitt navn er Inghild Lysne Sanden, og eg er administrasjonssjef i Samfunnsstyret. Eg kjem frå Lærdal i Sogn og Fjordane, og går industriell økonomi 2.klasse.

Som navnet tilseier har eg ansvaret for dei administrative oppgåvene i styret. Eg har blant anna ansvar for gratislista, der du kan bli med i ein komitè eller stille til valg og på den måten gjere eit arbeid som sørger for at du slepper å betale for å komme inn på Samfunnet. For å komme på denne gratislista må du altså vere medlem i ein komitè, men du må også vere medlem av Samfunnet, eit medlemsregister som eg også har ansvar for. I tillegg til dette har eg ansvar for kontakt med alle lag og foreningar som me har her på Ås, samt ansvar for romfordelingen som skjer kvar haust og vår.
Eg sitter som det 5.medlemmet av valgnemnda, som arbeider med å finne dyktige kandidatar til alle dei flotte verva her på Samfunnet.

Som administrasjonssjef har eg også det overordna ansvaret for samfunnstjenesten her på Samfunnet. Samfunnstjenesten er det lille arbeidet kvar medlem må gjere kvart semester (1-2 gonger for semesteret), for at me skal kunne halde dei festane me vil her på huset. Dette arbeidet skjer gjennom vår kjære personalsjef, Tone Aksnes Lian (personal[a]student.umb.no). Ho kallar inn til samfunnstjeneste, og sørger for at det er nok folk på arbeid slik at nettopp du kan ha det moro her!

Dersom det er noko du lurer på er det berre å sende ein mail eller komme inn på kontoret!



Med venleg helsing

Inghild Lysne Sanden

Mail: inghs[a]student.umb.no