1. Svertedauden

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Svertedauden
Om nynorskjournalistar iført tvangstrøyer i
riksavisene
 
 
 
 
 
 
 
Semesteroppgåve
ved Senter for journalistikk,
Høgskolen i Bodø, våren 2004
Emnekode JO102U 001
 
 
 
Eli Bjelland
Kandidatnummer: 24

 
”Kunne
du
tenkja deg å kyssa utan di eiga tunge? Slik ville det vera å bruka bokmål
for meg.”
- Ingvild Bryn, NRK
 
Eg elskar nynorsk. Eg elskar Ivar Aasen og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Han fordi han
sleit ut mangfaldige skopar for å laga eit norsk språk, eit språk tufta på norske dialektar. Ho fordi
ho er sjølve provet på at språket den dag i dag er høgst levande. Eg elskar å vita at eg har rett i at
Oslo-ungdomen treng sidemålsstilen like mykje som dei treng matematikk. Eg elskar å sjå Carl
I. Hagen snubla i grasrota når han krev å bli sitert på bokmål i aviser.
1
Då ler eg. Eg ler av sinte
lesarinnlegg på bokmål om kor fælsleg det er å sjå på Venner for livet med nynorsk teksting. Eg
ler av bokmålselevar som tygg blyanten sund medan dei febrilsk leitar i ”spynorsk mordliste” på
sidemålseksamen. Eg er blotta for sympati med desse. Eg skriv ”eg”, og eg er stolt av det.
 
Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming
frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre
- Ver Varsam-plakaten, punkt 1.5
 
Som journaliststudent er eg på sett og vis ein del av pressa i Noreg. Etikk er ein stor del av
pensum, og Ver Varsam-plakaten vert rekna for å vera sjølve bibelen i journalistikk. Til liks med
Moses som kom ned frå fjellet med ti levereglar under armane, kom Norsk Presseforbund i 1936
med nedskrivne retningsliner for journalistar. Som del av pressa har eg med andre ord til
oppgåve å verna enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege
styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre. Eg vil ynskjer at nynorskjournalistar og
det nynorske språket skal verta verna mot overgrep og forsømming frå dei såkalla riksavisene i
Noreg. Dette er eit essay om språklege tvangstrøyer i den frie pressa og om den nynorske
identiteten. Om nokon i Pressens Faglege Utval les dette, kan dei rekna det for å vera ei melding
av ein samla redaktørstab i Osloavisene for brot på fleire punkt i Ver Varsam-plakaten.
Underteikna naiv, men lærande journaliststudent frå Stord.
 
 
 
 
 
1
Vårt Land 20. januar 2004, Carl I. Hagen går ut og seier at han ikkje ville latt seg intervjua om han visste at
journalisten skreiv nynorsk. Han ynskjer berre å bli sitert på bokmål.
 
2

”Ein kan seie at nynorsken er blitt som Gud. Han er overalt, men ein ser ikkje
nødvendigvis så mykje til han”
2
- Stephen Walton
 
Noreg er eit språkkløyvd land. Jamstillingsvedtaket, som Venstre-regjeringa trumfa gjennom i
1885, slår fast at bokmål og nynorsk er sidestilte språkformer i landet. Ein kan velja om ein vil
skriva Noreg eller Norge på lik line med valet dei fleste nordmenn i alle tider har slite med; ribbe
eller pinnekjøt. Nett som mjølkesjokoladen, er nynorsk eit lite stykke Noreg. Det opprinnelege
namnet på nynorsk var landsmål, med andre ord eit mål for heile landet, tufta på dialektar og ei
motvekt til det danske og framande embetsspråket i byane. I vår tid er dei store skilnadane
mellom nynorsk og bokmål viska ut. Likevel snakkar 50-60 prosent av nordmenn ein dialekt
som ligg nærare nynorsk enn bokmål. Så om Carl I. Hagen hadde fått det som han vil, at alle
skal bli sitert på sitt eige mål, ville språkfordelinga i avisene sett ganske så annleis ut.
 
Slik stoda er i dag, er det i dei små lokalavisene det nynorske språket står sterkt. Av i alt 220
aviser nyttar 49 av desse nynorsk. Dette høyres i utgangspunktet ikkje så verst ut, men om ein
ser på opplagstala, viser det seg at nynorskavisene berre utgjer 8,7 prosent av det samla
avisopplaget i Noreg. Firda i Førde er den største nynorskavisa, med eit opplag på 14 500. I
tillegg kjem 25 språkkløyvde aviser, som til dømes Bergens Tidende, Fædrelandsvennen,
Varden og Stavanger Aftenblad.
3
Alle dei store riksdekkjande avisene nyttar bokmål, og berre
bokmål. Berre dei meiningsberande riksavisene, som Nationen, Vårt Land, Dagen,
Klassekampen og i nokon mon Dagsavisen, skriv nynorsk. Desse tala gledar korkje meg eller
Carl I. Hagen. For om han meiner at alle skal få bli sitert på sitt eige språk, er det klart at
nynorskprosenten i pressa hadde auka dramatisk. Eg for min del ofrar ein tanke til alle dei
nynorskjournalistane som sit i somme av våre riksavisredaksjonar og vansmektar språkleg sett.
Fora feite på ytringsfridom, Ver Varsam-plakaten og ei tru på den frie pressa, vert dei sett i
tvangstrøyer av redaktørane. Tvinga til å skriva bokmål, som dei etter alt sannsyn har eit meir
distansert forhold til enn hovudmålet sitt. Slikt vert det magert språk av skulle ein tru.
 
 
 
 
2
Henta frå Ottar Grepstad: Det nynorske blikket, (2002) s. 283
3
Tal frå 2002, henta frå Mediemållaget ved tidlegare leiar Terje S. Skjerdal.
 
3

”Nynorsk har alltid vore mitt språk. Men det har òg skaffa meg mykje hovudbry i yrket
mitt”
- Gerd Kjellaug Berge, hotelldirektør ved Selje Hotell
4
 
I haust var eg i journalistisk praksis i Harstad Tidende. Forventningane i førekant var store, ja
ein kan faktisk gå så langt som å dra parallellar til fyrste gongen eg skulle drikka meg full. Det
var no sjølve livet starta, tenkte eg den gong som no. Eg vart skuffa båe gongar. Ikkje fordi det
var ei meiningslaus erfaring. Det var det så absolutt ikkje. Drikkinga gjorde seg godt på min
dåverande ungdomlege og sosiale cv, og arbeidserfaringa i Harstad Tidende ville eg aldri vore
forutan på min vaksne og seriøse cv. Likevel var ettersmaken av opplevingane eg hadde gjort
farleg lik den grufulle og bitre kombinasjonen av kaviar og juice. Min jomfrutur i spritverda
hamna bak Esso, der eg spydde framføre eit par eldre ungdomar med meir vodkaerfaring enn
meg sjølv. På sett og vis kan ein seia at det var tilfellet i Harstad òg. Biletleg stod eg bak min
eigen identitet og spydde framføre Ivar Aasen og alt eg står for. Eg vart tvungen inn i eit
språkleg fengsel, og som ein judas sat eg føre datamaskina og skreiv nyhendeartiklar på bokmål,
signerte med mitt namn, og som vitneprov på min tapte nynorske uskyld og identitet. Like lite
som eg ville at mor og far skulle få greia på at deira umyndige dotter hadde drukke seg full på
Absolut og sitronbrus den gongen, ville eg at dei eg tidlegare hadde vist mi uknekkjelege
nynorske overtyding ovanfor, skulle få greia på at eg no sat og hora mot sjølve grunnprinsippet
mitt; skriv nynorsk.
 
”Det heter ikke SKAKAMJØLK, det heter MILKSHAKE!”
5
- Harstad Unge Høgre
 
I heile mitt korte liv har eg vore språkleg medviten. På barneskulen drakk eg ”mjelk” der alle
mine medelevar svor til ”melk”. Allereie då måtte eg stå på barrikadane og forsvara dialekten
min. Der andre valde folkehøgskule etter kor gode snøbrettforholda var på staden, valde eg
folkehøgskule i Ørsta fordi det er fødestaden til nynorsken sin store far. Eg var den einaste som
jubla då det var klart at heile skulen skulle på laurdagsekskursjon til Ivar Aasen-tunet, den
einaste som vart forbanna då eg oppdaga at folk hadde klistra tyggegummi i augo på statuen av
ordsamlaren frå Ørsta, og den einaste som tok seg bryet med å dedisera ein eigen vegg til Ivar på
rommet. Slik har eg utvikla min nynorske identitet. Eg er inga fanatisk målkvinne, i den grad at
4
Under takketalen ved tildelinga av prisen Årets Nynorskbrukar 2001, sitat gjengitt av Ottar Grepstad: Det
nynorske blikket, Oslo 2002, s. 11
 
5
henta frå Ottar Grepstad: Det nynorske blikket, (2002) s. 203
 
4

eg aldri har vore knytt til Norsk Målungdom (i alle fall ikkje som eg kjenner til
6
) eller Noregs
Mållag. Eg er fullstendig usamd i alt den ekstreme gubbeklubben Vestmannalaget
7
står for, men
eg skriv nynorsk fordi det ligg nærast dialekten min, og eg kjempar for målet mitt fordi det vert
pressa frå alle kantar. Nynorsk er så absolutt ein del av min identitet.
 
 
Så kva er eigentleg ”den nynorske identiteten”?
”Det går mangt eit menneske
og ser seg fritt ikring
for Ivar Aasens skuld”
8
  
 
R.B. Le Page og Andrée Tabouret-Keller har sett opp ein teori om språkbruk som
identitetshandling. I boka
Acts of identity
(1985) set dei mennesket i sentrum for språket, og for
dei er språk det språklege repertoaret til eit enkeltmenneske. Kvart tilfelle av språkbruk, kvar
talehandling er ei framsyning, der språkbrukaren syner den indre verda si.
9
Historikarar knyter som regel omgrepet
identitet
til stat, nasjon og nasjonalisme. Forfattar Ottar
Grepstad har i si bok, Det nynorske blikket, prøvd å trekkja liner frå opphavlege identitetsteoriar
til det han meiner er den nynorske identiteten. Det er ikkje den nasjonale identiteten som utgjer
ein mogleg fellesskap for nynorskbrukarane til skilnad frå andre nordmenn. Stat, nasjon og
nasjonalisme er korkje ideologiske eller motiverande grunntrekk ved det målfolk og
nynorskbrukarar elles måtte meina om nynorsk skriftkultur i dag. Det har vore ei utvikling frå
nasjonalisme over mot ein kulturell og språkleg identitet som no er lausriven frå fenomenet
nasjon, skriv Grepstad
.
Han referer til Benedict Anderson, som har skapt uttrykket
førestelte
fellesskapar
. I utgangspunktet er det mynta på å gripa tak i viktige trekk ved ein nasjon, men
Grepstad viser at prinsippa i uttrykket kan overførast til andre samfunnsformasjonar, i dette
tilfellet språk. Ei gruppe med menneske kan føla fellesskap, ein førestelt fellesskap som så og
seia er der utan å vera uttalt, men som dermed òg kan bli verande vag og utflytande.
 
 
 
 
6
I programmet Rikets Tilstand på Tv2 vert det i oktober 2002 avslørt at Norsk Målungdom har juksa med
medlemstala i ei årrekkje. Ved hjelp av falske medlemslister tileigna dei seg økonomisk støtte frå staten.
7
Ein del av Ivar Aasen-sambandet, som frontar høgnorsk, dvs. ein nynorsk med i-endingar, blotta for modernisering
8
Tarjei Vesaas i sitt monumentale dikt over Ivar Aasen i 1950, gjengitt frå Ottar Grepstad: Det nynorske blikket,
Oslo 2002, s. 11
9
Jon Peder Vestad sin vevstad, www2.hivolda.no/jpv/
 
5

”Tolugt mod er godt aa hava.
Tidt mot straumen fær du kava,
Um din Rett er nog so god”
10
- Ivar Aasen
 
Nynorskbrukarane finn du overalt, og dei har ulike forhold til språket sitt. I eine ytterkanten finn
du
målfolk
. Det er dei som er politisk organiserte i friviljuge organisasjonar som Noregs Mållag
og Norsk Målungdom, eller som på anna vis markerer si tilslutning til målpolitisk handling. I
andre enden har du gruppa som Grepstad referer til som
nynorsksympatisørar
. Desse deler neppe
nokon førestelt fellesskap, men har ofte ein bakgrunn som gjer at dei delvis kjenner ein slik
fellesskap frå innsida. Døme på slike sympatisørar kan vera fyrstegenerasjons bokmålsbrukarar,
der foreldra skriv nynorsk. Desse har som oftast eit meir positivt syn på det nynorske språket enn
til dømes born av bokmålsbrukarar. I midten finn du den største gruppa, nemleg
nynorskbrukarane
. Her er variasjonane mange, og Grepstad har delt gruppa inn i ulike
kategoriar:
•
 
Idealisten
skriv alltid nynorsk same kvar vedkomande bur, vert oppfatta som profilert
nynorskbrukar, og er som regel medlem i Noregs Mållag.
•
 
Den standhaftige
nyttar nynorsk så sant han får høve til det, offentleg og privat, vert
oppfatta som prinsippfast og er av den grunn gjerne med i Noregs Mållag.
•
 
Den inderlege
gjer nynorsken til ein del av si livsform utan at han/ho ser det som om å
gjera å vera konsekvent, men er såpass overtydd at medlemsskap i Noregs Mållag ikkje
er så viktig.
•
 
Den tilbaketrekte
får aldri eller nesten aldri nytta nynorsk i arbeidet, skriv nynorsk
privat, men søkjer seg sjeldan bestemte stillingar for å kunna skriva nynorsk, skiftar
heller ikkje bustad av den grunn, og oppsøkjer knapt Noregs Mållag.
•
 
Pragmatikaren
finn seg greitt til rette med å skriva den språkforma som arbeidsgivaren
krev, skriv stendig mindre nynorsk privat, og vert aldri medlem i Noregs Mållag.
 
Det eg prøver å få fram ved å lista opp alle desse kategoriane er i fyrste omgong å visa at
nynorskbrukarane ikkje tilhøyrer ei homogen gruppe. Eg er korkje idealist, standhaftig eller
tilbaketrekt. Inderleg kan eg relatera meg til, men eg ser det absolutt som om å gjera å vera
konsekvent. Viss ikkje hadde eg neppe reagert slik eg gjorde i Harstad Tidende. Kvar og ein
som nyttar nynorsk, har til dels ulike grunnar for å gjera det, og er i større eller mindre grad
knytt til målforma. Med andre ord finst det ingen fastlagd nynorsk identitet. Likevel viser
10
Ivar Aasen: utdrag frå Symra, 3. utgåve (1875)
 
6

forsøket med å samanfatta den nynorske identiteten, slik Grepstad har gjort, at nynorsk er meir
enn eit språk. Eg vil påstå at den nynorske identiteten finst, i større eller mindre grad, fordi det er
eit minoritetsspråk. Me som skriv nynorsk har heile livet måtta kjempa for og forsvart våre
språklege rettar, og tålt at Unge Høgre harselerer med nynorskungdomen i form av velklingande
slagord som ”La dem raute alene, bare vi slipper”.
11
Eller kampanjen den same organisasjonen
køyrer på sine nettsider no, der bokmålsbrukaren vert framstilt som ein nystrigla Blindern-gut
med penn i handa og blikket vendt oppover, medan nynorskbrukaren vert plassert framføre ein
åker i ein Felleskjøpet-dress med flatt og umoderne hår. Nynorsk vert jamleg skulda for å vera
ubrukeleg, unødvendig, fordyrande, konstruert og øydeleggjande for ”norsken”. Fordi målforma
mi vert pressa frå alle kantar, og møter motstand dagleg, kjenner eg av ein eller annan grunn
fellesskap med andre nynorskingar. Eg veit at dei møter same motstanden som meg privat og i
arbeidslivet, og på eit plan trur eg at desse har same oppfatninga av den språklege
undertrykkinga som finn stad i landet vårt som det eg har.
 
”Kvart tilfelle av språkbruk, kvar talehandling er ei framsyning, der språkbrukaren syner den
indre verda si.”, skriv som sagt Vestad. Alle som tilhøyrer ei gruppe som ein kjenner samhald
med, ynskjer å tilfredsstilla dei retningslinene, anten dei er skrivne eller uskrivne, som gruppa
verdset. Det trengst ikkje IQ på 140 og Mensa-medlemskap for å skjøna det. Det er difor eg
drikk ”mjelk”, og ikkje ”melk”. Eg ynskjer å visa at eg aldri vil leggja meg flat for
normaliseringa av dialektane, som den siste tida har eksplodert utanfor Oslo. Å bli møtt med
arroganse og ”Hva behager?” i hovudstaden, tek eg som ei sjølvfølgje. I staden for då å gjera
dialekta mi meir tilgjengeleg, legg eg til ekstreme dialektord. Kvifor? For å visa min identitet.
Eg snakkar dialekt og skriv nynorsk. Det skaper mykje hovudbry i kvardagen, og difor vert det
ekstra viktig å føla fellesskap med andre i denne minoriteten eg tilhøyrer.
 
”I ei anna stilling laut eg bruke bokmål, men da eg begynte å bruke nynorsk att, var
det som å komma heim!”
- Kvinneleg redaksjonsmedlem i NRK Møre og Romsdal
12
 
For å visa at den nynorske identiteten så absolutt er tilstades, medan ein eventuell bokmålsk
identitet er ikkje-eksisterande, sporar eg av ein augneblink og ser mot etermedia. I radio og Tv er
det tale, og ikkje skrift, som står i sentrum. Ein Nils-Gunnar Lie eller ei Siri Lill Mannes med
bokmålsnær tale ville neppe fungert bra i øyregongane på publikum. Difor tek ein det som ei
11
For nokre år sidan sende Oslo Unge Høgre ut flygeblad med denne teksten i samband med kampen mot sidemål.
Teksten stod over biletet av ei ku.
12
Frå intervju utført av Jon Peder Vestad om nynorskbruk i NRK Møre og Romsdal 1997: www2.hivolda.no/jpv/
 
7

sjølvfølgje at dei nyttar nynorsk på skjermen. Mange vert forferda når eg gjer dei merksame på
at mange nynorskjournalistar vert språkleg underkua i Osloavisene. ”Hæ? Er det
nynorskjournalistar i VG og Dagbladet?”, er svaret som møter meg. Fordi det ikkje fins stoff på
nynorsk, tek publikum det som ei sjølvfølgje at det berre er tilsett bokmålsjournalistar i
riksavisene. Fordi dette er journalistar ein ikkje høyrer, berre les produkt av, er ikkje ålmenta
klar over at det finst dugande journalistar i Aftenposten, VG og Dagbladet som må ofra språket
sitt til fordel for ein attraktiv jobb. ”Har du freista å ”opponera” mot bokmålstvangen?”, spør
Linda Eide i 1989 dåverande journalist i Dagbladet, Ingolf Håkon Teigene. ”Nei, det har eg vel
eigentleg aldri gjort. Det er liksom berre slik det er, og det verkar ikkje som om det er mykje håp
om å få bruka nynorsk i denne avisa”, svarer den gongen ein noko resignert Teigene. No er
sunnmøringen å sjå i NRK, sjølvsagt på klokkeklar nynorsk. Ingolf Håkon Teigene på bokmål
ville unekteleg vore like unaturleg og malplassert som engelskuttalen til Thor Heyerdahl. Kvifor
ikkje trekkja konklusjonen vidare? Er det ikkje grunn til å tru at det vert malplassert òg når
Teigene
skriv
bokmål? Om ikkje for publikum, så for han sjølv. Vidare i intervjuet med Eide,
fortel han at ”Ja, eg ville absolutt ha skrive nynorsk om eg hadde hatt høve til det. Og eg meiner
at artiklane mine ville ha vorte betre på nynorsk.”
 
"Her er et hus. Her er en dør. Vinduer, 1, 2, 3, 4. Så banker vi på. Hva kommer nå ?
Lekestue!"
13
 
Då eg var lita leika eg med dokker som snakka bokmål. Bokmål var leikespråket til alle borna i
barnehagen eg gjekk i. Femåringen Eli snakka stordamål, medan Barbie og My little Pony vart
tileigna stemmer på Oslo Vest-mål når dei skulle konversera med Ken og ponnivenene sine. Det
var den største sjølvfølgja i heile verda der og då. Og no, som vaksen, har eg erfart at det faktisk
er
ei sjølvfølgje. Like sikkert som at mine vener frå rundt omkring i landet har vakse opp med
Tøydukke Anna, Fraggleberget og Labbetuss, har dei òg nytta bokmål som leikespråk. Korleis
kan det ha seg slik? Eg har fundert mykje på dette fenomenet, og trur eg har svaret, i alle fall
delar av det. Lat oss ta ein avstikkar til Barne-tv. Ingen treng førebilete å sjå opp til sterkare enn
born, og det får dei kvar dag klokka 18.00. Det er då den heilage timen byrjar, og dei vaksne må
skru av nyhenda og fotballen. Då er det borna som er ekspertane og som skjøner kva som vert
sagt. Som born elska eg persille. Ikkje fordi Ingrid Espelid Hovig gjorde/gjer det, men sjølvsagt
fordi Tøfflus
14
sa ”mmm” kvar gong han åt ein kvast. Eit høgst levande prov på at born hentar
13
Frå kjenningsmelodien til Barne-tv-serien Lekestue
14
Kjend karakter frå Jul i Skomakergata som har kruspersille som livrett.
 
8

ideal frå Barne-tv. Eg åt persille fordi denne snakkande tøffelen hadde det som livrett. Kan det
då òg tenkjast at eg snakka bokmål fordi han gjorde det? Ja, vil eg seia. Skulle eg hatt førebilete
som snakka nynorsk på denne tida, måtte eg plent ha tatt til takke med den vesle tigeren eller
bjørnen,
15
men ingen av dei åt særleg mykje persille. Seriar på bokmål, som Postmann Pat,
Kroppen vår, Flode, Kalle Klovn og Bertha, kan eg nemna i fleng. Av nynorskseriar er det altså
berre ”Janosch fortel eventyr” eg kan hugsa. Slikt trur eg det vert bokmålske leikestemmer av.
Som femåring var det snop, teite storesøsken og trylling som opptok mykje av tida mi. Skeiv
fordeling av målføre i Barne-tv brydde eg meg lite om. Det var fyrst då eg vart gamal nok til å
sjå Midt i Smørøyet, at eg kjende irritasjonen kom sigande. Borna der snakka utelukkande Oslo-
mål, og både programleiarar, intervjuobjekt og dei som spelte i dramaseriane såg ut til å bli henta
frå hovudstaden. Desse var på den tida dei kulaste og tøffaste borna i heile verda, og dei synte
oss som bur utanfor Ring 3 i Oslo at me ikkje var det.
 
”Stolt nynorsk”
- Visjonen til Nynorsk Mediesenter
 
I Førde er nyleg ein visjon født. Ein visjon som skal gjera nynorsken meir synleg i statskanalen
NRK. Nynorsk Mediesenter er stolte foreldre, og dei byrjar å oppdra vedunderet 1. juli i år.
Vonleg vert visjonen å finna i barne- og ungdomsprogramma til NRK snarast mogleg. For det er
ikkje berre synsing når eg seier at desse delane av kanalen nærast er blotta for nynorsk. Av 120
medarbeidarar i barne- og ungdomsprogramma er berre fem prosent av desse nynorskbrukarar.
16
 
Med andre ord 20 prosent under kravet om 25 prosent nynorsk, som NRK i utgangspunktet er
plikta å ha i programma sine. Stoda er ikkje mykje betre i dei andre avdelingane, og berre
radiokanalen PeTre kan skilta med nok nynorsk. Samla sett ligg nynorskprosenten i NRK på 13
prosent. Dette er ein nedgong på seks prosent frå 1988, og talet er stendig på veg nedover. Her
kjem Nynorsk Mediesenter inn, vonleg som ein reddande engel. Unge nynorskjournalistar skal
spesialproduserast og setjast i drift gjennom praktikantordningar, og gamle nynorskjournalistar
skal lærast nye triks gjennom kurs og foredrag. Slik skal visjonen nåast; det skal skapast stolte
nynorskjournalistar, som igjen skal visa born og unge med nynorsknær dialekt at dei òg er kule
og tøffe.
 
15
Karakterar frå Barne-tv-serien ”Janosch fortel eventyr” som vart sendt på 80-talet
16
Tal henta frå www.kringkastingsringen.no
 
9

”Nynorsken er meir levande, fargerik og aktiv enn bokmålet - rett og slett meir
naturleg!”
17
- Kvinneleg redaksjonsmedlem i NRK Møre og Romsdal
 
Men lat oss no finna ut meir om identiteten til nynorskjournalistane i radio og Tv. Undersøkingar
Jon Peder Vestad har gjort i samband med forskingsprosjektet ”Når skrift er tale”, syner at
nynorskjournalistar i etermedia er meir medvitne i forhold til språket sitt enn sine
bokmålskollegaer. 186 journalistar i radio og Tv har i undersøkinga til Vestad svart på spørsmål
knytt til språk, kultur og identitet. Vestad har funne ut at nynorskjournalistar har eit meir
medvite forhold til språk og er meir stolte av målet sitt enn bokmålstalande kollegaer. Medan
kvar fjerde bokmålsbrukar svarar nei på spørsmålet om det er viktig for dei å nytta bokmål,
svarar berre seks prosent av nynorskbrukarane at målforma ikkje er viktig. På spørsmålet om dei
er krye av å vera nynorsk-/bokmålsbrukarar svarar tre fjerdedelar av nynorskbrukarane at dei er
heilt eller ganske samde, medan berre 21,6 prosent av bokmålsbrukarane er stolte av målet sitt.
18
 
Nynorskjournalistane i etermedia viser seg å vera stolte over å nytta nynorsk. 80 prosent seier
seg heilt eller ganske samde i at identiteten deira som nynorskbrukarar er sterk.
 
Kva så med nynorskjournalistane i den trykte pressa? Det er vel grunn til å tru at dei har same
syn på språket sitt som sine kollegaer i etermedia. Når dyktige journalistar som Ingolf Håkon
Teigene, Arild Rygnestad, Ådne Øyehaug og Olav Versto fortel Linda Eide i 1989 at dei ville
skrive betre om dei fekk nytta nynorsk i sakene sine, er det i mine auge noko som skurrar. No
kan ein sjølvsagt påpeika at det er lenge sidan desse intervjua vart utført, men eg trur ikkje stoda
har endra seg. Det er berre å sjå i riksavisene for å få den teorien stadfesta. Samstundes som
redaktørane i riksavisene frontar ”gjennomført avisprofil” som hovudargument for at
språktvangen kan rettferdiggjerast, går dei glipp av det eigentlege potensialet til
nynorskjournalistane i redaksjonen. Men for all del, her snakkar me om lange tradisjonar..
 
”Vi kan jo ikke slippe til alskens dialekter”
19
- tidlegare sjefsredaktør i Aftenposten, Egil Sundar
 
Kva er så den gjennomførte avisprofilen til aviser som ikkje slepp til nynorsk i spaltene sine?
Det er ofte tradisjon står som hovudargument når redaktørane noko pompøst skal forsvara si
17
Frå intervju utført av Jon Peder Vestad om nynorskbruk i NRK Møre og Romsdal 1997: www2.hivolda.no/jpv/
 
18
www.kringkastingsringen.no
19
Linda Eide: Språktvang i den frie pressa? s. 30 (1989)
 
10

språkline. Og tradisjon er vel og bra det, hadde det berre hatt rot i røynda. For det er ikkje til å
stikka under ein stol at samtlege av riksavisene på bokmål har, i meir eller mindre grad, gått
gjennom store og små endringar i løpet av levetida deira. Dei har endra både format, innhald,
politisk line og bokmålsnormal. Men frykta for nynorsk står tydelegvis som ein sterkare
tradisjon enn alt dette. Faktisk har den auka. Dagbladet sin tidlege redaktør, Hagbart Emanuel
Berner, er den same mannen som var med å stifta Det Norske Samlaget.
20
Og på 50-talet hadde
Dagbladet fleire nynorskjournalistar og var langt meir positiv til nynorsk enn dei er no. Til liks
med tradisjonen, høyrer ein òg mykje snakk om identiteten til avisa. Redaktørar peikar på at ein
sams språknormal er med på å styrkja identiteten til avisa. Kva då med språkkløyvde aviser som
Klassekampen, Vårt Land og Bergens Tidende? Lid desse avisene under ei identitetskrise? Ein
skal ha tiltru til lesarane, vert det hevda i pressemiljøet. Eg vert ikkje forvirra når eg fyrst les ei
sak på nynorsk og så ei på bokmål, og det trur eg ikkje resten av avislesarane i landet vert heller.
Det
handlar òg om tiltru.
 
”Det finnes da nok av nynorske blader, om ikke også det utmerkede Dine Penger skal lefle
for denne lille sproggruppen. Og har dere slett ingen omtanke for pakistanerne? Nynorsk
må da være helt uforståelig for dem!”
21
- Skuffet abonnent, Oslo
 
Ei anna sak er den kommersielle. Vil lesarane
ha
nynorsk på spalteplass? Mange vil truleg ikkje
det, og inst inne trur eg det er det som er det eigentlege hovudargumentet til redaktørane i VG,
Dagbladet og Dagens Næringsliv. Dei er redde for fine vestkantfruer, dei som bur i
Holmenkollåsen, dei blåe dressane, sidemålshatarane og, ja, stort sett å mista popularitet i dei
bokmålske kjerneområda. Dei er redde for sinte lesarbrev og overarbeidde sentralbordtilsette,
som må ta imot sinte ”telefonstormar”. Men fyrst og fremst er dei redde for at salstala skal
søkka. Sjølvsagt er det viktig å føya seg etter lesarane sine ynskjer, men no er det viktig å
poengtera at dette er aviser som kallar seg sjølve for riksaviser. Målet deira er å femna om heile
landet, og no har det seg slik at landet vårt er språkkløyvd. Nynorskfolk les òg riksaviser; tru det
eller ei. Men for dei er det inngrodd heilt frå barnebein av, at nynorsk ikkje er eit avisspråk. I alle
fall ikkje i dei avisene som har eit opplag på over 15 000, og som vender blikket vekk og ut frå
veggane i kommunestyret. Dei tenkjer ikkje over det fordi dei alltid har vore vane med bokmål i
media, frå fyrste møtet med Kalle Klovn i Barne-tv til vaksenlivet sitt møte med flykapringar,
rettssaker og Midtausten-problematikk i riksavisene. Difor skriv dei sjeldan kritiske lesarbrev
20
Forlag som gjev ut litteratur på nynorsk
21
Dine Penger hadde i nr. 8/89 ein artikkel på nynorsk på trykk. Det førte til fleire kraftige reaksjonar.
 
11

om mangelen på nynorsk, og difor skapar dei ikkje hovudbry og kutt i lunsjen for dei tilsette på
sentralbordet.
 
”Eg har aldri vore inne på tanken om å reisa noko korstog mot dette i VG. Det hadde då
også vore nyttelaust”
22
- Olav Versto
 
Eg vart opprørt då eg ikkje fekk nytta målforma mi i Harstad Tidende. Ingolf Håkon Teigene
meinte i 1989 at artiklane han skreiv i Aftenposten ville vorte betre om han hadde fått skrive
nynorsk. Redaktørane i riksavisene merkar ingen motvilje frå dei i redaksjonen som i
utgangspunktet har nynorsk som hovudmål, og nyttar også det som argument for å halda fast ved
språkprofilen. Kvifor manar ikkje journalistane til kamp? Kvifor er ikkje tvangstrøyene bytta ut
med lilla sjal, fotformsko og parolar? Det opplagte ville vore å svara at desse journalistane visste
kva dei gjekk til då dei tok jobben i VG, Dagbladet, Aftenposten eller Dagens Næringsliv. For
det gjorde dei jo trass alt, og det er absolutt eit relevant poeng. Kanskje er ikkje den nynorske
identiteten til desse journalistane sterkare enn at dei lett som berre det ofrar språket sitt til fordel
for ein lukrativ jobb, eit spanande arbeidsmiljø og ei god løn. Likevel er det noko som slår meg
når eg les Linda Eide sine intervju med journalistane i somme riksaviser frå 1989. Dei vil helst
skriva nynorsk, og dei meiner sakene deira ville vorte betre på nynorsk. Samstundes presiserer
dei at dei ikkje har noko problem med å skriva bokmål, og at det trass alt er det journalistiske
som er viktigast. Dei opponerer ikkje, og redaktørane deira trur at tvangstrøyene er eit ikkje-
eksisterande problem. Ingen ynskjer å tapa diskusjonar og innrømma at dei tar feil. På same
måte trur eg det kan vera vanskeleg for nynorskjournalistar å seia: ”Ja, eg vert undertrykt, men
eg godtek det fordi eg vil passa inn”. Å vera undertrykt er aldri ein ønskesituasjon, men som
oftast er ikkje denne undertrykkinga friviljug. Det er den i riksavisene, og det trur eg er sårt å
innrømma for dei fleste.
 
Journaliststanden er stor, og dei lukrative jobbane i riksavisene veks ikkje på tre. Får ein jobb i ei
av dei største avisene i landet, er nok ikkje syting og klaging det fyrste ein gjer i møte med sin
nye arbeidsplass. Til det er jobbmarknaden for liten. ”Dersom det å få skriva nynorsk er
viktigare enn det andre avisa tilbyr, så kan ein jo ikkje ta ein jobb i ei slik avis. Dette reduserer
sjølvsagt moglegheitene for dei som
vil
skriva nynorsk, og det tykkjer eg er synd. Eg skulle
gjerne sett at stoda var annleis i VG.” Det er Olav Versto som fortel dette til Linda Eide i 1989.
22
Linda Eide: Språktvang i den frie pressa? s. 73 (1989) Olav Versto var den gongen journalist og kommentator i
VG si politiske avdeling. No er han politisk redaktør i same avisa.
 
12

Han er inne på noko svært viktig her. For er det rett at dei som ynskjer å skriva nynorsk i sitt
journalistiske arbeid ikkje skal ha same moglegheitene som sine bokmålske kollegaer? Likestilte
språk utan likestilling. Heng det på greip?
 
”Me krev at Dagbladet svarar på kvifor dei ikkje nyttar språket åt 600 000 nordmenn på
redaksjonell plass, og me kjem ikkje til å gje oss før nynorsken har fått plass i Dagbladet!”
- Norsk Målungdom
 
Då bror min var liten likte han ikkje pizza. Det var før han hadde smakt det, og før det eitt år
eldre syskenbarnet hans sa at det var særs godt. Då byrja han å eta pizza, og gjer det titt og ofte
den dag i dag. Før syskenbarnet kom på bana med sitt avgjerande argument, hadde foreldra mine
òg fortald han at pizza var verdt å prøva ut. Sjølvsagt høyrte han ikkje på dei. Dei spela ikkje
fotball, og ikkje samla dei på fotballkort heller. Dei brukte ikkje fritida si til å sikla etter kortet
med Michael Laudrup
23
i VM 1986. Dette kom frå dei same folka som hadde sagt at grønsaker
var bra, og han hadde difor ingen grunn til å tru at pizza var bra når påstanden vart lagt fram av
dei same personane som forguda kokt kålrabi.
 
Dagbladet likar ikkje nynorsk i artiklane dei set på trykk. Dei har ikkje prøvd det, og dei er heller
ikkje i stor grad oppmoda til å prøva det av personar eller grupper dei har stor tiltru til, og som er
på same bølgjelengde som dei sjølv. Norsk Målungdom seier til Dagbladet at nynorsk er bra, og
at avisa burde gje språket ein sjanse. Vil Dagbladet prøva nynorsk fordi Norsk Målungdom
oppmodar dei til å gjera det? Neppe. Er det noko eg har lært etter to år med journalistikkstudiar,
så er det at pressa set sjølvstende og journalistisk integritet i høgsetet. Ingen skal koma her og
seia at dei gjev etter for press! At Dagbladet skulle gje etter for Norsk Målungdom sin kampanje,
står for meg like usannsynleg som at Carl I. Hagen skulle få gjennomslag for sitt krav om å bli
sitert på bokmål i finsk presse. ”Lukke til med kampanjen”, er redaktør Thor Gjermund Eriksen
sitt førebelse svar til Norsk Målungdom sin aksjon.
 
 
 
 
 
 
 
23
Tidlegare midtbanespelar på det danske fotballandslaget og ei rekkje utanlandske klubbar
 
13

”Nei, hva gjør egentlig de? Jeg har vel kanskje hørt navnet, men aner ingenting om det.
Men det kan jo være min egen feil. Kanskje posten blir sensurert av riksmålsforbundet…
Nei, ærlig talt, eg har ikke hørt noe fra det.”
24
- Sigurd Allern om Mediemållaget
 
Nei, for å få redaktørane til å prøva nynorsk, trur eg det trengs eit syskenbarn med felles
interesser og sterk påverknadskraft til. Kva med Mediemållaget? ”Kven er dei?”, tenkjer nok
sikkert du då. Høgst truleg har du aldri bite deg merke i korkje laget eller namnet. Det er ikkje så
rart. Ikkje har dei heimeside, og om du søkjer etter Mediemållaget på nettet, er dei mest berre å
finna som pyntelege verv på diverse storslåtte cv-ar, eller nemnd som ein medlemsorganisasjon
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har vore nestleiar i. Trass i at dei tilsynelatande har vore i
drift sidan 1977, er det i dag ingen som kjenner til dei, umogleg å vita korleis ein melder seg inn
i laget, og like lite nynorsk i Akersgata som før. Allereie i 1989, over ti år sidan oppstarten, dreg
dåverande journaliststudent Linda Eide nytta av Mediemållaget i tvil. Redaktørane kunne på det
meste melda om eit par brev dei hadde motteke. I dag er siste sporet av aktivitet i laget, etter det
eg har funne ut, eit møte mellom redaktørane i Oslo-avisene og dette mystiske Mediemållaget
datert til våren 1998. Med til historia høyrer det at dette møtet tydelegvis ikkje bar fram mogne
frukter. Kanskje gav dei opp etter det? Kanskje pakka dei saman kampsakene og sa at det var ei
umogleg oppgåve dei hadde byrja? Problemet med Mediemållaget er at dei driv ei lukka
verksemd som berre vender seg klagande og forlangande til redaktørane, som på si side ikkje har
noko å vinna, men moglege forarga lesarbrev å frykta. Når folk flest ikkje veit at det finst flinke
journalistar i Oslo som ikkje får nytta morsmålet sitt, vitnar det i mine auge om dårleg
informasjon. Informasjon som nokon burde gitt dei. Informasjon som eit Mediemållag kunne
sytt for. For det er ikkje redaktørane som lid under nynorskmangelen, langt ifrå. Det er dei som
sit med kontrollen, og som vil gje publikum det dei vil ha. Lesarar som sjølve nyttar nynorsk vil
òg ha nynorsk i riksavisene, og det kunne eit Mediemållag gjort dei merksame på. Dei kunne sett
fokus på at ålmenta fekk vita om den språklege undertrykkinga i den frie pressa.
Då
kunne ein
kanskje hausta frukter etterkvart.
 
 
 
 
 
24
Linda Eide, 1989 s. 46: svar på spørsmål om den gongen ansvarleg redaktør Sigurd Allern hadde merka noko til
Mediemållaget sitt arbeid.
 
14

”Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjera noko som strir mot hans
eller hennar eiga overtyding”
- Ver varsam-plakaten, punkt 2.5
 
Identiteten min vart truga i Harstad Tidende då eg ikkje fekk skriva på språket mitt. Ingvild Bryn
har fullstendig rett når ho påstår at eg ikkje fekk kyssa med mi eiga tunge. Slike kyss vert ein
neppe blåst av bana med. Eg hadde eit distansert forhold til det eg produserte av stoff. Det var
ikkje eg som skreiv. Portrett og reportasjar vart kalde og sterile, ”anbehetelse”
25
- monsteret, som
eg heile livet har skydd som pesten, gjennomsyra no skrivinga mi, og gjorde artiklane livlause.
Kanskje ikkje andre tykte det, men for meg vart det fullstendig feil og anonymt. Trass alt er det
vanskeleg å skriva iført tvangstrøye. Og når eg seier at eg følte meg som ein judas der eg
underteikna den eine bokmålsartikkelen etter den andre, er det ei kjensle eg har i høve til andre
nynorskingar som dagleg må stå på barrikadane for sin personlege ytringsfridom. Det har eg òg
måtta. Eg har aldri før gitt opp mine eigne standpunkt, og eg har hardnakka påstått at det vil eg
heller aldri gjera. Men så sat eg brått i Harstad. Røska opp frå illusjonen om at pressa er fri, og
tvinga til å gje avkall på nynorsken. I ytringsfridomens namn.
 
Er eg naiv? Vil visdomen og fornufta koma med åra, eller om eg ein gong i framtida står midt i
valet mellom trygg jobb i lokalavisa og spanande utfordringar i Dagbladet? Vil ei god løn og fin
bil overskyggja mine prinsipp og min nynorske identitet? Det er umogleg å svara på no, sjølv om
eg får frysningar berre ved å tenkja tanken. Det einaste eg veit er at eg alltid vil visa min
nynorske identitet ved å reisa meg når ”Mellom bakkar og berg” vert sunge. Men kven veit; åt eg
persille utan å tenkja over at Tøfflus var medskyldig i den skeive språkfordelinga i media den
gongen, kan det vel i realiteten tenkjast at det kan skje fleire gonger. Engasjement har ein
tendens til å byggja seg opp, frå du er born til du vert vaksen, for så å dala dess eldre du vert. Sjå
berre på foreldregenerasjonen, dei sprøe og kontroversielle 68-arane. Kor har dei tatt vegen?
Etter tallause sveltestreikar vart dei overvektige, og er no å finna på hytter med innlagt vatn og
do. Det er lett å seia at eg aldri kjem til å gje slepp på det eg står for, men sjansen er stor for at eg
kan møta Tøfflus att som ein redaktør om nokre år, freistande med god løn og sikker jobb, og
med ei tvangstrøye i min storleik å tilby. Litt trong av og til, men ikkje verre enn at gnagsåra får
kvila på fritida når eg byggjer meg hytte.
 
 
 
25
Omgrep som femnar om typiske bokmålsord som byrjar på an- eller be- og/eller endar på -het eller -else
 
15

 
Kjeldeliste:
Grepstad, Ottar:
Det nynorske blikket
, Oslo 2002
Eide, Linda:
Språktvang i den frie pressa? –Stoda for nynorskjournalistar i dei riksdekkande
Osloavisene
, Oslo 1989
Vestad, Jon Peder:
Vestads vevstad
, www2.hivolda.no/jpv/
Kringkastingsringen si heimeside: www.kringkastingsringen.no
Nynorsk nettportal: www.nynorsk.no
Noregs Mållag: www.nm.no
Norsk Målungdom: www.nmu.no
Vekeavisa Dag og tid: www.dagogtid.no
NRK Sogn og Fjordane: www.nrk.no/sfj
Dagbladet: www.dagbladet.no
Norsk Presseforbund: www.presse.no
Unge Høgre: www.unge.hoyre.no
 
Litteraturliste:
Grepstad, Ottar:
Det nynorske blikket
, Oslo 2002
Eide, Linda:
Språktvang i den frie pressa? –Stoda for nynorskjournalistar i dei riksdekkande
Osloavisene
, Oslo 1989
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
16

Back to top