Opprettheld forbod mot deponering av våtorganisk avfall på Hesjedalen avfallsplass
SFT opprettheld Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt vedtak om forbod mot deponering av våtorganisk avfall på Hesjedalen avfallsplass i Førde. Etter SFTs vurdering vil eit forbod mot å deponere våtorganisk avfall gje store reduserte miljøulemper frå deponiet, innanfor samfunnsøkonomisk rimelege rammer.
Sunnfjord Miljøverk (SUM) klaga til SFT over fylkesmannen sitt vedtak frå 10. februar 2000 om forbod mot deponering av våtorganisk avfall på Hesjedalen avfallsplass. Ei heilskapleg vurdering tilseier at det ikkje er vesentlege grunnar som talar for å gjere om vedtaket om forbodet. SFT ber fylkesmannen vurdere kva som er rimeleg frist for når forbodet skal tre i kraft.
Les meir:
SFT sitt brev til Sunnfjord Miljøverk [24.01.01]
Spørsmål rettas til SFT
- Direktør Trond Syversen, Lokalmiljøavdelingen, telefon 22 57 35 74
- Seksjonssjef Hans Aasen, telefon 22 57 34 13
|