Den kommunale beredskapen er organisert i 34 regionar som blir leia av Interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA). Til Tromsø kjem det representantar frå alle desse utvala. Som ein del av planen for å styrke oljevernberedskapen i Nord-Noreg er seminaret denne gongen lagt til Tromsø.
SFT vil tirsdag 18. september klokka 15.30 inviterar pressa til å komme til Polarmiljøsenteret i Tromsø. Det vil det bli gitt ei orientering om kva som er gjort i år for å få til ein betre oljeverberedskap, i Noreg generelt, og i Nord-Noreg spesielt. Me oppsummerar også nokre av erfaringane etter forliset av "John R".
Direktør for Beredskaps- og kontrollavdelinga i SFT, Joakim Lystad, vil presentere SFTs arbeid med oljevernberedskap. Det blir enkelt servering.
Dei som vil komme kan melde seg til:
- Medierådgjevar Anne Margrete Alværn, mobiltelefon: 9004 6626