Melder leikeimportørar til politiet
To importørar av leikar blir melde til politiet for brot på forbodet mot ftalat i leikar til små barn. Dette er ei oppfølging av ein stikkprøvekontroll SFT har hatt. Den viste at halvparten av dei kontrollerte leikane og spedbarnsprodukta av mjuk plast inneheldt ftalater, som kan ha helseskadeleg effekt.
SFT har tidlegare varsla importørar og butikkar at dei vil få tvangsmulkt på 100.000 og 25.000 kroner dersom SFT finn slike produkt ved neste kontroll. Forbod mot ftalat i leikar for barn under tre år Frå 1. januar 2000 blei det forbode å omsette leikar som er tilsett ftalater til barn under tre år. SFT tilrår at foreldre og andre spør forhandlarar om innhaldet i mjuke plastleikar, og ikkje kjøper dei dersom dei ikkje får gode svar. Les mer:
|