Mykje av flaumvatnet som til slutt renn ut i Nordsjøen vil vere sterkt forureina av miljøgifter frå både gamal- og nyare industri. I tillegg til kjem næringssalter frå oversvømte landareal. Både på grunn av dei store vassmengdene og mengden av forureinande stoff er det truleg at noko vil nå Norskekysten. Dette er avhengig av straum, vind og ikkje minst lystilhøva når det gjeld algevekst.
Næringssalter
Fleire års kystovervaking viser at vatn frå Tyskebukta i flaumperiodar når heilt inn til Ytre Oslofjord. Sjølv om det kjem meir næringssalter, er det vanskeleg å seie sikkert om det vil føre til ekstraordinær oppblomstring av alger. Om hausten er det tradisjonelt sett stor algeblomstring i kystvatn.
Miljøgifter
Mesteparten av miljøgiftene er festa til partiklar som vil "synke" ned og samle seg i botnslammet langs straumbanene frå Tyskebukta og nordover. SFT trur difor at relativt lite miljøgifter frå denne flaumen vil nå Norskekysten.
Kystovervaking
SFT har i dag ansvaret for eit omfattande overvakingsprogram på miljøgifter og næringssalter langs Norskekysten. Denne overvakinga har pågått i mange år, og vil kunne påvise om flaumen påverkar vårt nære kystmiljø.
Les meir:
Spørsmål kan rettast til:
- SFT: Fungerande SFT-direktør Trond Syversen
Telefon: 22 57 35 74, privat: 22 15 65 04, mobil: 908 26 281