Frå 1. januar 2002 blei det innført strengare krav til lydstyrke på leikar.
Stikkprøvekontroll
Tidlegare i år viste ein svensk test at ei rekkje kruttlappistolar og leikemobiltelefonar var over støygrensa. SFT la denne testen til grunn ved ein stikkprøvekontroll i butikkar i Oslo, Bergen, Trondheim og Akershus. I tillegg gjorde kontrollørane også ei enkel støymåling av over 100 leikar med lyd. Eit mindre utval leikar blei plukka ut og sendt til akkreditert laboratorium i Sverige.
Kruttlappistolar verst
Testen viste at seks av sju testa kruttlappistolar og ein leikemobiltelefon hadde for høg lydstyrke. SFT har pålagt dei aktuelle butikkane å fjerne desse leikane. Viss ikkje vil SFT gi tvangsmulkt.
- Resultatet for kruttlappistolane er ikkje bra, men det er positivt at så mange av dei andre lydleikane ikkje er over grensene, seier SFTs kontrolldirektør Joakim Lystad.
SFT vil følgje opp med fleire kontrollar
Denne kontrollen er ein del av SFTs to-årige prosjekt "Barn og farlege produkt". SFT vil følgje opp med fleire kontrollar av mellom anna støyete leikar.
Spør i butikken
SFT minner om plikta produsentar, importørar og forhandlarar har til å forsikre seg om at leikar dei omset er i tråd med regelverket. Sidan SFT berre har gjennomført ein stikkprøvekontroll, ber SFT forbrukarane vere merksame på faren for høyrselsskader og spørje i forretningane om leikane er støytesta.
Les meir:
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Fungerande seksjonssjef, Bodil Eggen, Seksjon for kjemikalie- og produktkontroll
Telefon: 22 57 36 65, e-post: bodil.eggen@sft.no