Utskriftsversjon Nettstedskart Kontakt SFT Sámiegiella/Samisk English






Nyheter

Brev
Dokumenter
Offentlig journal
Høringer
Kunngjøringer
Leserinnlegg
Emner
Utslipp fra bedrifter
og grunnforurensning
Forbrukerstoff
Akutt forurensning
Om SFT
Publikasjoner
Regelverk
Skjema og maler
Bibliotek og lenker


23.08.02
PCB i kvalspekk

Vågekvalfangsten på rundt 671 dyr vil til saman gi om lag 336 tonn spekk, og av dette vel ein halv kilo PCB. SFT meiner at det ikkje er fornuftig prioritering å bruke nær ein million kroner på å samle inn dette spekket. Til samanlikning kostar det 2000-3000 kroner å samle inn like mykje PCB i 5 til 10 isolerglassruter. 

Det finnast rundt 450 tonn PCB i produkt som framleis er i bruk. Av dette reknar ein med at omlag 335 tonn er deponert eller dumpa, slik at PCB har enda i miljøet.

Lov å kaste fiskerestar
Både Norges Miljøvernforbund og Fylkesmannen i Nordland har bede SFT vurdere om kvalspekket bør takast på land og destruerast. Etter forureiningslova er det lov å kaste fiskerestar og kvalspekk medan ein er til havs.

Ein million for ein halv kilo
Kvalen er eitt av mange dyr høgt oppe på næringskjeden som får i seg miljøgifta PCB. Kvar kval inneheld små mengder PCB. Men SFT deler Norges Miljøvernforbund si uro over at ein finn PCB og andre miljøgifter i vågekval og andre sjøpattedyr.

SFT er derimot ikkje samd med Miljøvernforbundet i at kvalspekk bør samlast opp og takast på land for destruksjon. Dette vil vere kostbart og føre til store miljøulemper, som lukt og utslepp av klimagassen metan.

Innsamling av PCB
SFT meiner det er viktigare å rette innsatsen mot å redusere tilførsel og spreiing av PCB frå kjelder på land - eit høgt prioritert arbeid i SFT. Dette gjer SFT mellom anna ved å få igang for innsamling og destruksjon av PCB-haldige isolerglassruter. At ein finn PCB og andre miljøgifter i vågekval, fisk, isbjørn, polarmåke og andre dyr i våre nordlege havområde, viser kor viktig denne jobben er.

Les meir:

Spørsmål kan rettast til:

  • Direktør for Lokalmiljøavdelinga, Marit Kjeldby, tlf.: 22 57 35 00, privat: 22 73 18 24, mobil: 900 92 324

 


Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post
Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no

English Kontakt oss Nettstedskart Søk Utskriftsversjon www.sft.no