Klor (Cl2) er ein irriterande gass. Det er ein gulgrøn gass med ei stikkande, karakteristisk lukt. Klor blir mykje brukt i industrien, blant anna i produksjon av plast. Når klorgass kjem i kontakt med slimhinner, vert det danna syrer, som truleg er ansvarleg for dei toksiske effektane.
Symptom
I lettare tilfelle vil gassane medføra irritasjon i auge, nase og svelg med hoste og lett pustebesvær. Avhengig av konsentrasjon og eksponeringstid kan meir alvorlege symptom som til dømes lungeødem utviklast.
Behandling
Den eksponerte må snarast evakuerast frå området og haldast varm og i ro. Fysisk aktivitet vil auka risikoen for lungeskade. Alle pasientar med symptom frå luftvegane bør observarast på sjukehus i eit døgn.
The directorate for health and social affairs, Postbox 7000 St. Olavs plass
/ Universitetsgata 2, 0130 Oslo, Norway Tel: + 47 810 20 050, Fax: + 47
24 16 30 01, webredaktor@shdir.no
Sosial- og helsedirektoratet, PB 7000 St. Olavs plass/Universitetsgata 2,
0130 Oslo Tel.: + 47 810 200 50, Faks: + 47 24 16 30 01 Org.nr. 983 544
622 webredaktor@shdir.no