Ved eit sjukehus i Wien i 1840-åra arbeidde den unganske
legen Ignaz Semmelweis. På denne tida var det vanleg at
kvinner som fødde barn på sjukehus, fekk høg feber og
døydde nokon dagar etter fødselen. Sjukdommen vart
kalla barselfeber.
I 1847 påviste Semmelweis samanhengen mellom dårleg
hygiene blant legar og den dødelege sjukdommen
barselfeber. På den tida var det ikkje vanleg å vaska
hendene.
Teorien til Semmelweis var at legestudentar som både
undersøkte døde menneske og kvinner som hadde fødd,
overførte eit "likstoff" frå likene. Det var dette som gjorde
dei sjuke, meinte han sidan legestudentane ikkje vaska
hendene sine. For å teste ut teorien sin bad han
halvparten av studentane om å vaske hendene grundig i
kloroppløysing før dei undersøkte kvinnene. Resultatet vart
som han trudde. Detvar færre kvinner som vart sjuke etter
at studentane vaska hendene sine.
Først etter at Semmelweis var død, vart teorien hans
anerkjent. I mellomtida døydde tusenvis av kvinner av
barselfeber.
|