Kroppens immunforsvar
Page
Lepra
Lepra (spedalskhet) har vore ein frykta og forferdeleg sjukdom sidan oldtida. Dei som fekk sjukdommen, fekk store, opne sår som lukta vondt. Dei spedalske vart sett på som ureine, og vart ofte beskulda for å forårsaka ulykker i samfunnet.

På 1800-talet vart mange nordmenn ramma av lepra, særleg i fjordstrøka på vestlandet.
Armauer Hansen, som fekk arbeid som lege ved leprahospitala i Bergen i 1868, meinte at sjukdommen skuldast ein bakterie. Han studerte cellevev frå sjuke pasientar under mikroskop, og i 1873 oppdaga han nokon ørsmå stavforma lekamar i vevet. Han kunne deretter fastslå at lepra skuldast ein bakterie (leprabasillen), som kunne smitte frå menneske til menneske

Lenkjer:
Lepramusetet i Bergen
"Air"
av
Johann S. Bach
(1685-1750)
Play
Stopp
Bilde av ei 28 år gammal kvinne og ein 13 år gammal gut som er vorte sjuke av lepra (frå boka Natur og Univers1).