|
|
Buddhismen |
|
|
Meny Buddha Å leve som buddhist Munkar og nonner Høgtider
|
Buddha:For over 2500 år sidan levde ein mann som heitte Siddharta Gautama i india. Han vart seinare kjend som Buddha, som tyder den som har vakna. Han grunnla buddhismen, som er ein av verdsreligionane. For buddhistane er Buddha det største mennesket som har levd. Han var som ein læremeister, og det finst mange forteljingar om livet hans. Å leve som buddhist:"Buddha lærer oss å gjere det gode både med kroppen, munnen og tankane." Dei ti gode handlemåtane: Kroppen skal:
Munnen skal:
Tanken skal:
Munkar og nonner:Munkar og nonner er menn og kvinner som vel å leve som Buddha. Dei fyrste munkane og nonnene var læresveinane til Buddha. Etter at buddha var død, fortalde munkane og nonnene vidare det buddha hadde lært dei. Alle som vil bli munk eller nonne kan velje det, både barn og vaksne. Høgtider:Vesak er den viktigaste høgtida for buddhistane og blir feira på fullmånedagen i mai. Då feirer dei at Buddha vart fødd. Buddha vart fødd då det var fullmåne i maimånd. Når det er vesak, samlar buddhistane seg i tempelet. Der ofrar dei blomar, brenn røykelse og syng songar til ære for Buddha. Høgtida vulan er ein minnedag for dei avdøde. Vulan blir feira av buddhistar i Vietnam, Kina, Korea og Japan. I denne høgtida er det foreldre og forfedre som står i sentrum. I vulan viser ein at ein er takknemmeleg ovanfor foreldra og viser dei respekt. Vulan blir feira tidleg om hausten kvart år. Buddhistane ber for dei døde og tenkjer på dei.
Lenke: http://www-bib.hive.no/cgi-bin/krl-artefacts.pl?rel=b&sort=rel
Litteratur: Alfsen, Meyer, Opsal (1998) Fortel meg meir. Oslo, Aschehoug. Gjefsen, Dæhlin, Egeland (1999) Over fjellet. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag.
|
Bilder
|
| Sist oppdatert: 16.03.06 | Laga av alm04err@studpost.hsh.no |