Barnebokanalyse

 

”MARKUS OG DIANA – LYSET FRÅ SIRIUS”

 

av

 

Klaus Hagerup

1994

 

 

 

 

Wenche Sandvik Laugaland, klasse A1B

 

”MARKUS OG DIANA – Lyset fra Sirius” – Ein litterær analyse

 

”Markus og Diana” handlar om den 13 år gamle Markus Simonsen, eller Marken som han blir kalla. Handlinga er lagt til dei siste månadane i klasse 6B ved Ruud skole og fram til han byrjar på ungdomsskulen på seinsommaren. Markus er ein litt spesiell gut. Han engstar seg for alt mogleg og har opp til fleire fobiar. Det einaste han meistrar skikkeleg er å skrive brev til kjende personar. Denne guten er nemleg autografjeger, og han slepper verkeleg fantasien laus når han skal tigge etter autografar.

            Ein dag skriv han eit brev som kjem til å forandra livet til denne vesle guten, på ein meter og femti. Han skriv nemleg eit nokså fantasifullt brev til den norske tv-stjerna Diana Mortensen, som spelar i såpeserien ”Pengar og makt” i Hollywood. Han skriv mellom anna at han er ein fjellklatrar og millionær på 36 år, og at han nok er like einsam som Diana. Ho svarar, og ein uforgløymeleg sommar kan byrje.

            Saman med bestevenen, Sigmund, startar Markus opp klubben ”Hjelp Diana” (HD), og dei skriv fleire brev der dei prøver å muntre opp den nokså triste stjerna. Dei hadde nok ikkje rekna med at ho ville invitera ”fjellklatraren og millionæren” Markus til Horten på filmpremiere og eit glas champagne. Dei to gutane får då eit fæla strev med å førebu seg til dette møtet. Dei må mellom anna overtala Mons, far til Markus, om å endra ferieplanane for sommaren, noko Sigmund, med sitt fantastiske snakketøy til slutt klarar.

            Men møtet med Diana går ikkje heilt som planlagt…

 

Motivet i denne barne- og ungdomsboka er Markus og redsla hans. Markus fryktar alt, han er rett og slett ei pyse. Han er mørkredd, har høgdeskrekk og er redd vevkjerringar. Det han fryktar mest av alt, er jenter. Når jentene i klassa kikkar på han, rødmar Markus alltid. Han tykkjer at dei ser altfor mykje på han. Men mest av alt er Markus redd for å vere seg sjølv, vesle Markus Simonsen, som alle kallar Marken. Til og med hans beste ven Sigmund kallar han Marken, for som Sigmund sjølv seier:

 

”Det er nettopp derfor jeg kaller deg Marken. De andre gjør det jo uansett. Når jeg også gjør det, blir det ikke noe skjellsord lenger. Da venner du deg til det.” (sitat, s.7-8)

 

Me møter ulike utgåver av frykta til Markus gjennom heile boka, og temaet er også frykt og einsemd. Særleg i den delen som omhandlar Diana. Ho blir framstilla som ein særs trist og einsam person. Eit godt døme på det, er det fyrste brevet Diana skriv til Markus:

 

”Ja, jeg er nok ensom, men det er det ikke mange som vet. De fleste tror jeg er hard og kald, men innerst inne er jeg fremdeles den lille jenta som med blussende kinn og fylt av forventning forlot mamma og pappa (---). Jeg er en Askepott, men hvor er prinsen? Hvem har den andre glasskoen?” (sitat, s. 63)

 

Eit anna tema i denne boka er ærlegdom, og det er også dette som endar med bodskapen i boka, nemleg at ærlegdom varar lengst.  Dette er noko Markus finn ut, etter at han har vikla seg inn i eit kaos av løgner, i samband med møtet med Diana. Han er jo slett ingen 36 år gamal millionær og fjellklatrar, men korleis skal han forklare henne det.

            Hovudpersonen i denne boka er Markus Simonsen. Ein liten gut på berre 1,50, med lyst hår og runde briller, og dei ”fikk ham nesten til å se ut som en gammel mann, selv om han bare var tretten.” (sitat, s.5). Vidare står det om Markus:

 

”Det var forresten ikke bare brillene som fikk ham til å se eldre ut enn han var. Det var også all engstelsen han gikk og bar på. Når han gikk fram og tilbake over skolegården sammen med Sigmund, var det med langsomme skritt og bøyd hode. «Som en gammel gnom,» sa Reidar, som hadde løpt sekstimeteren på 8,3 og som hadde en crossroad-sykkel til mange tusen kroner. Markus hadde ikke noen sykkel. Tanken på å slingre av gårde på et stillas på hjul gjorde ham kvalm. Da gikk han heller til skolen. Det kunne være farlig nok, mente han. Løshunder og fargeblinde billister som ikke kunne se forskjell på rødt og grønt. Man kunne aldri vite.” (s. 5-6)

 

Me forstår allereie på første sida at dette er ein gut med mange små og større bekymringar, det einaste som gjer denne vesle guten sjølvsikker, er faktisk å skrive brev til kjendisar. Når han skriv brev etter autografar, lever han seg inn i ulike rollar og personar. Fantasien vert sleppt laus, og det er ikkje noko som kan stoppe han.  Då kan han vera alt frå dopa idrettsstjerner til gamle og halvblinde damer.

            Bestekameraten til Markus heiter Sigmund, og dei to gutane er så forskjellige som du kan få dei. Sigmund er over 1,70 og trur nok ikkje han sluttar å vekse før han er over 3 meter! Men det vil han helst ikkje bli, for då kan han nok ikkje bli astrofysikar. Denne guten har nemleg store draumar for framtida og er den flinkaste i klassen. Sigmund har dessutan eit ypparleg snakketøy, og kan overtala dei fleste. Minst fire jenter i klassen er forelska i Sigmund, men han har ikkje tid til slikt, seier han. Det Markus tykkjer er så fint med Sigmund, er at sjølv om dei er så forskjellige, så forstår Sigmund korleis Markus har det, og han mobbar aldri. Sigmund og Markus dannar ”Hjelp Diana” – klubben, for å hjelpe denne stakkars, einsame skodespelarinna. Det er Sigmund som finn ut at dei skal akseptere invitasjonen til Horten, og som leier an i førebuingane.

            Diana blir framstilt som ei einsam og trist jente. Ho er tydeleg misnøgd med livet sitt i Hollywood, og lengtar tilbake til den norske naturen og fjellheimen. Det lange, lyse håret er eigentleg bleika og det er stort sett andre som bestemmer kva ho skal seie og meine. Ho har det ikkje godt. Men breva ho får frå Markus, der han latar som at han er ein einsleg millionær på 36 år, får henne til å sjå litt meir positivt på livet og tilveret. Ho vil så gjerne møte denne mannen. Det er ikkje godt å seie kva ho søkjer i Markus. Kanskje er det ein ven ho kan prata med ho ønskjer, eller kanskje er ho ein lykkejeger på jakt etter ein rik mann å støtte seg til. Dette kjem ikkje så godt fram i boka, men det er ikkje det som er temaet heller. Det ein sikkert kan seie, er at ho finn god trøst i å skrive til Markus, sjølv om den triste undertonen stadig ligg i bakgrunnen.

            Ein fjerde person i boka, som er verdt å nemne, er Mons Simonsen, far til Markus. Dei bur i eit raudt trehus eit par kilometer frå skulen. Dit flytta dei like før mora til Markus døydde, så nå bur dei der aleine. Ein kan trygt seie at Markus er lik far sin. Klaus Hagerup skildrar dei slik:

 

”Det var egentlig bare alderen som skilte dem, ellers var de svært like. Samme hårfarge, samme lutende gange og samme type briller. Den eneste forskjellen var at Markus var tynn og Mons Simonsen tykk. På jobben ble han kalt Muldvarpen. Det visste ikke Markus, men så visste ikke faren at han ble kalt Marken heller.” (sitat, s.10).

 

Ein annan ting dei to har til felles er frykta og engstinga. Mons har også høgdeskrekk og er ein liten hypokonder. Han får stadig øyresus, iallfall dersom nokon pratar om øyrene hans. I boka er forholdet mellom far og son skildra godt i eit lite avsnitt:

 

”Selv om Markus og Mons nesten aldri fortalte hverandre hva de følte innerst inne, var de virkelig kamerater. Når Markus skjulte engstelsen sin for Mons, var det bare for at den ikkje skulle smitte over på faren. Og Mons hadde det på samme måten. I virkeligheten hadde de gjennomskuet hverandre for lenge siden. De visste det begge to, og det knyttet dem bare enda tettere sammen.” (sitat, s.14).

           

Synsvinkelen i denne boka er autoral, med sterk personleg farging, det vil seie at forfattaren kjenner tankane og kjenslene til den eine personen, i dette tilfellet Markus. På denne måten kjem frykta til Markus godt fram, gjennom heile boka. Boka er særs humoristisk og Hagerup boblar over av fantasi. Han brukar ikkje særs mykje bilete i teksten, men han skriv på ein fantastisk levande og humoristisk måte. Ein kan ikkje la vere å le når ein les om Markus og Sigmund sine krumspring.

            Denne boka passar godt for alle som vil ha ein god latter, og ho kan gjerne lesast igjen og igjen for dei som ønskjer det. Alle som er eller har vore i byrjinga av tenåra vil kjenna seg igjen i det Hagerup skildrar så levande i boka si. Kan lesast for og av alle, men høver kanskje best for dei mellom 10 og 16 år. Boka er også filmatisert, med forfattaren sjølv i rolla som Mons Simonsen. I tillegg er det skrive to andre bøker om vesle Markus. Dei er ”Markus og jentene” og ” Markus og den store fotballkjærligheten”.

            God lesing!

 

 

 

 

 

 

 

Litteraturliste:

 

·        Hagerup, Klaus (1994): Markus og Diana – Lyset frå Sirius, Aschehoug & Co, Oslo

 

 

 Tilbake til norsksida