KORLEIS UNDERVISA I DIALEKTEMNET?

(Sjå L97, særleg 3. 6. 7. og 10. klasse)


1 Få fram skilnaden mellom talemål og skriftnormal.

- presentera talemålstekst som skal overførast til skriftnormal

- presentera normalisert tekst som skal overførast til talemål

- dersom mogeleg: demonstrera døme på ulike dialektar i klassen

Mål:

a) Kjenna omgrepa:

- dialekt

- skriftnormal

b) Ha synspunkt på kvifor me treng ein/to skriftnormal(ar)

 

2 Analysera eigen dialekt

Mål:

a) Kunna finna døme på fonologiske og morfologiske særdrag i eigen dialekt:

- samanlikna eldre variantar av dialekten med eigen variant av dialekten

- Tillegg: Undersøka korleis ordtilfanget også endrar seg:

* finna døme på eldre ord som ikkje vert forstått/brukt

* ta lista med heim og spørja foreldre/besteforeldre

b) Ha synspunkt på kvifor språk endrar seg.

 

3 Målføret og skriftnormalen

- samanlikna nokre trekk i formverket i dialekten med formverket i skriftnormalen:

* hovudform

* jamstelt form

* sideform (klammeform)

Mål:

a) Bli merksam på kvifor ein har valfrie former i skriftnormalen

b) Læra noko om bruk av ordlista

 

4 Prosjekt- eller temaarbeid om lokalt talemål, td

- Sosiolingvistisk undersøking

- Stadnamnundersøking

 

5 Lesa, skriva og framføra litterære tekstar på dialekt

- Folkedikting, td segner

- Skjønnlitteratur


Til norskseksjonen