
Introduksjon
Studiet er ei
nettbasert vidareutdanning i pedagogisk bruk av informasjons- og
kommunikasjonsteknologi (IKT) for lærarar i den vidaregåande skulen
i Hordaland. Studiet vert utvikla og blir gjennomført i eit samarbeid
mellom Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskolen i Bergen (HIB).
Omfanget
av studiet er gitt i ECTS-poeng, der 3 poeng tilsvarar 1 vekttal.
Studiet skal omfatta 30 poeng, fordelt på 5 modular, kvar på 6 poeng.
Studiet vert gjennomført som eit nettstudium, i tillegg er det ei
oppstartsamling og ei vurderingssamling for kvar modul.
Studiet er skulebasert og vert gjeve som tilbod til dei
vidaregåande skulane i Hordaland. Studiet er eit alternativ
til første
10-vekttalseining ”IT for lærarar” i gjeldande fagplanar ved HSH
og HiB, og kvalifiserer for opptak til andre 10-vektalseining ved
desse institusjonane.
Mål
Studiet
skal auka den formelle og reelle IKT-kompetansen til lærarar i den
vidaregåande skulen. Studiet
skal gi lærarane grunnlag for å bruka og integrera IKT i eige arbeid.
Det krev teknisk kompetanse og praktisk kjennskap til bruk av ny
teknologi og grunnleggjande forståing av spørsmål knytt til bruk av
IKT og læring, m. a. i dei ulike faga.
Innhald
Dei
obligatoriske modulane skal omfatta ei innføring i bruk av aktuelle
IKT-verktøy (IKT-1), refleksjon omkring nye arbeidsmåtar som oppstår
i møte mellom teknologi og læringsteori (IKT-2) og utprøving i eige
arbeid (IKT-3). Dei valfrie modulane skal omfatta fordjuping innan IKT
og læring i relevante fag eller emne.
Organisering
og arbeidsmåtar
Studiet skal organiserast i 6-poengsmodular. Kvar modul skal omfatta
to samlingar, ei oppstartsamling og ei vurderingssamling til slutt. I
mellom dei to samlingane skal det vera rettleiing via elektroniske
nettverk. Kvar 6-poengssmodul skal strekkja seg over eitt semester, og
tilsvara ei arbeidsmengd på ein (1) vekedag. For lærarar i full
stilling vil det vera normalt å ta desse 30 poenga over fem (5)
semester. Slik vil kursdeltakarane kunna oppleva kontinuitet i læringsprosessen.
Det er vesentleg i denne type utdanning at læraren får høve
til å bruka ny kunnskap i eige arbeid.
I
studiet skal ein bruka eit nettbasert samarbeidsverktøy for å sikra
god kommunikasjon mellom studentar og mellom studentar og rettleiarar.
Vurdering
Kvar modul vert avslutta med ei vurderingssamling der kvar
studentgruppe skal presentera det obligatoriske arbeidet sitt (moduloppgåve
eller prosjektarbeid) for ei ekstern sensorgruppe. Det vert utarbeidd
kriterium for den obligatoriske oppgåva som er knytt til kvar modul,
både når det gjeld fagleg innhald, korleis arbeidet skal brukast i
praksis og korleis gruppa skal presentera det for sensorgruppa. Det
vert gjeve karakter for arbeidet og for presentasjonen. Karakterar
vert gitt etter ECTS-skalaen frå A til F. Dersom eit arbeid ikkje
vert godkjent (karakteren F), får gruppa ny frist på seg til å
levera moduloppgåva inn til ny vurdering.
Denne sida er oppdatert
av Anders Grov Nilsen 06.02.02
.

|