Oppdatert: 13. august 2007    

   


Tilsette
 
•  Jostein Tvedte
 •  Lars Vavik
 •  Svein Ove Lysne

 •  Aslaug Grov Almås
 •  Elen Instefjord
 •  Anders Grov Nilsen
 •  Knut Steinar Engelsen
        [Send e-post til alle]

Studietilbod
 • IKT i læring 
   (Revidert studieplan frå august
   2007. Denne inneheld både
   delkurs og heile masterstudiet)

 Prosjekt
 • PILOT 
 • PLUTO 
 • MENU 
 • LæreRIKT 
 • SLANK 
    
 

 

 

 

 

 

 

 



Vevmeister

 

 

Velkommen til Osahaugen!


Tenkjer du på utdanning eller vidareutdanning innan IKT og læring?

Då er HSH rette staden for deg! 

- IT-seksjonen har sidan 1980-talet vore mellom dei fremste miljøa både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld IKT og læring! 

Nasjonalt og internasjonalt kjende
I 1998 fekk HSH status som nasjonalt knutepunkt innan utvikling av IKT-baserte læringsmiljø av kyrkje- utdannings-og forskingsdepartementet i samråd med Norgesnettutvalget. 
- Med dette påla institusjonen seg sjølv eit mål om at HSH i nasjonal samanheng skal vera blant dei sentrale aktørane innan utvikling av IKT-baserte læringsmiljø.
- Også i internasjonal samanheng vågar me å stikka oss fram. Gjennom ulike EU-prosjekt og samarbeid med fleire sentrale aktørar innan IKT og læring har seksjonen etterkvart vidgjeten og lang erfaring.

Mastergrad
Å tilby relevante IKT-studium til allmennlærarar er likevel hovudoppgåva vår. - Gjennom studia våre skal lærarar opparbeida seg grunnlag for å nytta og integrera IKT i ulike fag i læringsmiljø som blir meir og meir IKT-baserte. Slik er me med på å heva den formelle og reelle IKT-kompetansen blant lærarar i norsk skule og opplæring. - Tilboda våre inneheld fleire ulike fagprofilar som alle kan avsluttast med mastergrad i "IKT i læring"!

 

 
Sentralbord: +47 534 91300 - Fax: +47 5349 1401 - Postadresse: Postboks 5000, N-5409 Stord - www.hsh.no