Prosjektoppgåve mellomfag pedagogisk informasjonsvitskap

 

I samsvar med fagplanen for mellomfaget skal det som tredje modul, IM-3 gjennomførast eit prosjektarbeid som i omfang tilsvarar to vekttal. Prosjektarbeidet skal knyttast til innhaldet i IM-1 og/eller IM-2, og kan gjerne danna grunnlag for seinare hovudfagsarbeid.

I Føremål med prosjektarbeidet er m.a.:

II Krav til prosjektarbeidet

Arbeidet skal vera utført omkring eit sjølvstendig valt tema, som indikerer studenten sine interesser

Arbeidet skal formast og løysast slik studenten sjølv meiner det er rett og forsvarleg, utan for sterk dirigering av rettleiiar. Rettleiiar har

likevel plikt og rett til å koma med framlegg om endringar, tillegg etc. Det kan vera aktuelt å grunngje kvifor ein veljer bestemte

løysingar eller framgangsmåtar.

Arbeidet skal vera kunnskapsgenererande og originalt. Deter ikkje tilstrekkeleg å kopiera eller referera kva andre har gjort tidlegare.

Ein skal sjølvsagt byggja på tidlegare FoU-arbeid og kunnskap, men skal sjå til at ein også sjølv yter noko nytt og originalt - utan at det

på mellomfagsnivå blir stilt altfor store krav til originalitet.

Arbeidet skal vera knytta til informasjonsteknologi og læring/undervisning. Hovudvekta kan liggja på det eine eller andre av desse

områda, men båe skal vera med. Det blir forventa dokumentasjon og innslag av både teori og praktisk utvikling.

Ei standard oppskrift for prosjektarbeid i pedagogisk informasjonsvitskap skal omfatta

Det kan leggjast meir eller mindre vekt på dei ulike punkta.

III Godkjenning av tema for arbeidet

Tema for prosjektarbeidet skal godkjennast av faglærar/rettleiar på grunnlag av skriftleg søknad med tisltrekkeleg spesifikasjon av. Søknaden

skal m.a. innehalda:

Søknaden bør utarbeidast i samråd med faglærar/rettleiar, og skal vera levert i endeleg versjon innan 28. februar i vårsemesteret, innan 15.

oktober i haustsemesteret

IV Presentasjon av arbeidet/produktet

Ein viktig del av øvinga er å læra studentane å framstilla ei 'vitskapleg' produkt i ei slik form at andre kan få innsyn i og utbytte av

arbeidet. Difor set ein visse krav til framstillinga, utan at alle punkta nedanfor er like absolutte.

1.Tittelblad med forfattarnamn og tid (semester/år) for arbeidet

2.Innahldsliste med sidetilvisingar

3.Liste over tabellar, figurar etc.

4.Føreord med grunnlag for val av tema, hjelpemidlar, støtte osv.

5.Samandrag

6.Problemstilling

7.Referanse av kva andre har gjort; eksisterande materiale

8.Analyse av problemet /oppgåva

9.Val av arbeids-/løysingsstrategi

10.Gjennomføring/implementering av produktet

11.Innsamling av data, utprøving

12.Drøfting og konklusjonar; resultat

13.Litteratur-tilvising

14.Stikkordliste, spesielle begrepsdefinisjonar

15.Vedlegg av programdokumentasjon, data, resultat etc.

V Vurdering av arbeidet

Prosjektarbeidet vil bli internt som del av grunnlaget for endeleg karakter for mellomfaget (2 av 10 vekttal).