Oppdatert: 13. oktober 2005    

   


Tilbake

Rettleiar:
 
•  Audun Tveit


Køyreplan

Faginnhald    

 

 

 


 

 

 

 

 

 


Vevmeister

 

 

RØRKO 022   Sveiseteknologi (IWE-teori)

Kurs over Internett
20 studiepoeng

Oppstart: Etter nærare avtale med bedrift


Kontaktperson: HSH, Audun Tveit

RØRKO 022 Sveiseteknologi (IWE-teori) er eit teorikurs over Internett som dekker dei tre første modulane i dei internasjonale krava til IWE-utdanning (International Welding Engineer). Dette er eit eksamensretta etterudanningskurs på 20 studiepoeng( ECTS - European Credit Transfer System) for ingeniørar, teknikarar, lærarar m. fl. som ønskjer oppdatert kunnskap innan sveiseteknologi. Kurset går over vel 3 månader og vert arrangert saman med The Welding Institute (sjå www.hsh.no /IWE ). Kurset vert avslutta med 2 dagar a 4 timar eksamen.

RØRKO 022 Sveiseteknologi inngår i den obligatoriske kursrekka (NSF/ANB) for kandidatar til IWE-diplom, det høver også for kandidatar til IWT-diplom. Dersom internasjonal IWE eller IWT-diplom er målet, må kandidaten senda eksamenspapira frå denne eksamen saman med ingeniør eller teknikarutdanning til Norsk Sveiseteknisk Forbund(NSF) for registrering og godkjenning i den internasjonale utdanningsrekka. Dei neste trinna er oppfylling av praksiskrav i samsvar med reglar (NSF/ANB), fagleg samtale(ANB), 110 timar kurs(4.modul + prosjektarbeid) i regi av Teknologisk Institutt og så ein avsluttande IWE eller IWT-eksamen. Ein avsluttande eksamen er for IWE: 8 timar skriftleg + minimum 1 time muntleg eksaminasjon. For IWT: 6 timar skrifleg eksamen.

 

 
Sentralbord: +47 534 91300 - Fax: +47 5349 1401 - Postadresse: Postboks 5000, N-5409 Stord - www.hsh.no