| Praksis |
I fagplanen, under "Struktur, innhald og arbeidsformer"(side 3) står følgjande: "Praksis der studentane nyttar IT til pedagogiske oppgåver i skole eller barnehage høyrer med i båe 10-vekttalseiningane." Under kvart hovudemne står det elles at: "Praksis knytt til undervisning og opplæring i IT-bruk er obligatorisk. Praksis skal vere godkjent før studenten går opp til eksamen." Gjennomføring
Kandidatar som tar sikte på å avslutta ei 10-vekttalseining i vårsemesteret
2001, må difor ha gjennomført godkjent praksis innan 01.05.01. (NB!!
Denne fristen gjeld eksterne NVU-studentar. For interne studentar ved
HSH gjeld andre fristar.) Denne
presiseringa er gjort 13.03.01 av Jostein Tvedte. Korleis? Når partiet er etablert, skal det veljast ein leiar. Partiet v/leiar finn sjølv fram til ein rettleiar, og gjer avtale med han. Fagansvarleg ved HSH skal godkjenna rettleiaren, og opprettar kontrakt med han. Rettleiaren vert lønna etter faste satsar. Partiet skal også skaffa utprøvingsarena. Utprøvingsarenaen kan vera t.d. eigen eller "lånt" klasse. Partiet utviklar så ein plan for arbeidet i samarbeid med rettleiar og faglærar, og gjennomfører opplegget på ein eller fleire utprøvingsarenaer. Til slutt utarbeider partiet ein skriftleg rapport som skal sendast til fagleg ansvarleg for kurset, jostein.tvedte@hsh.no. For NVU-studentar er det også mogleg å gjennomføra individuell praksis; t.d. i eigen klasse. Ta kontakt med fagansvarleg dersom dette er aktuelt. Praksis skal vera knytt til IKT-bruk i samband med "pedagogiske oppgåver i skole eller barnehage". Det kan også vera aktuelt å gjenomføra delar av praksis som t.d. eit etterutdanningkurs i IT-bruk for lærar-kolleger i ein kommune eller på ein skole. Kandidatane er sjølv ansvarlege for at
praksis vert gjennomført og godkjent. Berre kandidatar som har fått
godkjent praksis får gå opp til siste eksamen. Omfang Fristar Denne sida er oppdatert 26. august 2002 av Elen Instefjord |
| Tilbake |