IT-12 IKT og læring
Utskrift av leksjonen er på 8 A4-sider. Sidan leksjonen har lenkjer til eksterne sider, er det nødvendig også å sjå gjennom leksjonsteksten på skjerm.
Kursleksjonen er forfattaren sin eigedom. Som kursdeltakar kan du fritt bruka leksjonen til eige, personleg bruk. Kursdeltakarar som ønskjer å bruka leksjonen t.d. til undervisning eller kursføremål, må ta direkte kontakt med forfattar for nærare avtale. Copyright: Jostein Tvedte, 2001.
Innleiing
Etter- og vidareutdanning av lærarar
i ulike fag og emne har føregått etter mange ulike "modellar".
Korte eller lengre kurs har vorte arrangerte sentralt eller
desentralt. Kursstaden kan ha vore eigen skule, ein høgskule
eller kanskje eit hotell. Arrangøren kan ha vore skuleeigar og/eller
ein institusjon som tilbyr relevante kurs på ulike nivå. Ved høgskular
som tilbyr lærarutdanning har det i alle år vore arrangert
etter- og vidareutdanning for lærarar. Lærarar har kome til høgskulen,
eller høgskulen har kome ut i regionane med desentrale tilbod. I
80-åra reiste leksjonsforfattaren rundt i Hordaland og Rogaland
og underviste på desentrale 10-vekttalskurs i det som den gong
heitte "Informatikk for lærarar". Ein møtte topp
motiverte lærarar som frivillig stilte opp fredag kl. 1600 for
å delta på ei helgesamling som omfatta 12 timar med førelesing
fram til laurdag kl. 1600! Det var harde tider, både for
kurshaldar og -deltakar, men ein hadde ikkje noko alternativ! Det
har ein i dag! I alle høve når det gjeld etter - og
vidareutdanning i "Informasjonsteknologi for lærarar".
I dag har informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) opna
for nye vegar til kunnskap om og med IKT. Ein kan nytta IKT til
å finna ut om IKT kan gi betre læring! Dette kurset, "IKT
og læring", er eit forsøk på å få lærarar til å prøva
ut IKT som verktøy i ulike læringsmiljø. Samstundes kan ein
som kursdeltakar dra nytte av å vera med i eit større fagleg
fellesskap. I vårsemesteret 2002 vil det vera ca. 110 deltakarar
på kurset: ca. 60 interne studentar ved HSH/NVU, og 47
deltakarar frå skular i Hordaland. Det erfaringsnettverket som
kan utviklast i løpet av kurstida bør ha stort spreiings-potensiale;
auka kompetanse hos einskildlærarar vil gi aukt innsikt i IKT-bruken
i skulane. Slik auke trur ein også kan medføra betre læring. I
alle fall kjenner leksjonsforfattaren seg forplikta til å ha ei
slik tru! Siste setninga avspeglar kanskje ein snev av tvil, -
ein har vel framleis grunn til å vera kritisk til kva verktøy
og arbeidsmåtar som høver på ulike steg i utdanningssystemet.
IKT kan vera det "rette" verktøyet i enkelte
samanhengar, men IKT kan også vera heilt "feil" i
andre samanhengar! I arbeidet med dette kurset, "IKT og læring",
skal ein som kursdeltakar kanskje oppdaga både gode og dårlege
sider ved teknologibruken. Meininga med kurset er at
kursdeltakarar sjølv skal finna ut kva som er best; det vert
ikkje gitt eintydige "svar" i leksjonane, men ein prøver
å visa fram sider ved teknologien som kan vera relevante å
kjenna til. Medan dei første fire leksjonane (1-4) er teknisk
orienterte; dei handlar om publisering på Internett, handlar dei
siste 8 leksjonane om læringsteori, IKT i læreplanar og IKT-relaterte
arbeidsmåtar. Nytt i år er bruken av samarbeidsverktøyet
ClassFronter (sjå nærare omtale nedanfor).
Historikk
Nettverksuniversitetet, sjå http://www.nvu.no/intro/samarbeidet.html, har eksistert sidan 1994, og
mellom kurstilboda frå HSH har ein funne mange kurs innan etter-
og vidareutdanning av lærarar. Etter at det i 1997 kom ny
rammeplan for vidareutdanning i "Informasjonsteknologi
for lærarar" og ny plan for etterutdanning i IT for
lærarar, har kursmodular vore tilgjengelege som "reine"
Internett-kurs. Ikkje minst har mange kommunar nytta seg av
etterutdanningskurset (på 6 leksjonar). Slike
etterutdanningskurs har vore gjennomførte etter ulike modellar,
der det har vore ei blanding av lokale, "fysiske"
samlingar og Internett-rettleiing. I Sveio kommune vart det i
1998/1999 gjennomført eit etterutdanningskurs i IT for alle lærarane
i kommunen. Parallelt med etterutdanninga tok to av lærarane
vidareutdanning i "IT for lærarar" ved HSH, som NVU-studentar.
Desse to lærarane fungerte som lokale rettleiarar i
etterutdanningskurset. M.a. gjennomførte dei den obligatoriske
praksisen sin som rettleiarar for kollegaene sine i Sveio kommune.
Denne samarbeidsmodellen, med ei blanding av NVU-kurs, lokal
tilrettelegging og lokale kontaktpersonar/rettleiarar, har i
ettertid vorte kalla "Sveio-modellen". Liknande
kursmodellar har vore gjennomførte også i andre Hordalands-kommunar,
m.a. i Etne kommune. Hausten 2001 tilbyr ikkje HSH
etterutdanningskurset. Nå ventar me på "LærerIKT",
ei nasjonal satsing på etterutdanning i IKT for lærarar.
Prototypen skal m.a. testast ut i Hordaland.
Prøveprosjektet våren 2000, det såkalla "Horda-kurset", var eit samarbeidsprosjekt mellom Statens utdanningskontor, Høgskulen Stord/Haugesund og Nettverksuniversitetet. I vårsemesteret deltok ca. 100 lærarar fordelt på 10 storgrupper. "Horda-kurset" var på ein måte ei "oppskalering" av Sveio-modellen. I vårsemesteret 2001 gjennomførte 72 Hordalands-lærarar kurset.
Ved Høgskolen Stord/Haugesund starta ein hausten 1997 opp eit forsøk blant studentar som tok vidareutdanning i "IT for lærarar". Sidan studiet hadde både interne og eksterne studentar (NVU-studentar), vart det gjort forsøk med å samkjøra desse to gruppene. For interne studentar vart det både eit "virtuelt" og eit "reelt" læringsmiljø hausten 1997. Eller, både eit IKT-basert og eit tradisjonelt læringsmiljø.
I oppstarten H97 var den interne undervisninga "normal", altså lærarstyrt, med vektlegging på tradisjonelle førelesingar og grupperettleiing på laben. Etter kvart gjekk ein gradvis over til meir studentstyrte aktivitetar. Førelesingstida vart korta ned, og lærar/rettleiar la aukande vekt på å presentera opne problemstillingar. IT-studentane fekk gradvis meir ansvar for si eiga læring. Alternativet til tradisjonelle førelesingar vart nett-leksjonar, og gruppediskusjonane vart etter kvart "flytta" til dei elektroniske diskusjonskonferansane (grupperomma) som var knytte til delkursa.
IT-studentane vart oppfordra til å søkja rettleiing etter følgjande prioritering:
Studiet vart etter kvart prega av eigenaktivitet, og relativt omfattande oppgåver. Læraren vart mindre "synleg", men likevel tilgjengeleg. Førelesingstida vart halvert i høve til "normalt". Dei interne førelesingane vart prega av å vera tilretteleggjande meir enn utdjupande og altomfemnande. Det vart delt ut fyldige kompendium og vist til relevante NVU-leksjonar på Internett, og det vart vist til aktuelle lærestader tilrettelagt av utanforståande tilbydarar på Internett. Lærar-rolla var prega av tilrettelegging og hjelp til å skaffa oversikt.
Dette forsøket inngår som ein del av prosjektet "A dual mode learning environment. Common courses for on campus and external students", der ein prøver å samkjøra opplæringa til interne og eksterne IT-studentar. Ansvarlege for prosjektet er høgskulelektorane Svein Ove Lysne og Jostein Tvedte ved HSH.
I løpet av dei siste 8 semestra (H97, V98, H98, V99, H99, V00, H00 og V01) vart det delt ut spørjeskjema til alle studentane som følgde opplegget, både interne studentar og NVU-studentar. Resultat frå forsøket er dokumentert og presentert, m.a. på dei internasjonale konferansane ICTE 98 (i Santa Fe), SITE 98 (i Washington DC), ICTE 99 (i Edinburgh) og SITE 2000 (i San Diego).
Organisering
Dette kurset er basert på at
kursdeltakarar har tilgang til Internett, anten heime eller i
alle fall på skulen der ein arbeider. I utgangspunktet skulle
det vera minst to deltakarar frå kvar skule, altså eit "par"
som kan støtta kvarandre i arbeidet med kurset. Arbeidsgruppene
på 3-4 deltakarar kan vera sett saman av deltakarar frå ulike
skular, ja, også frå ulike kommunar! Eit "par" kan
godt splittast opp og vera plasserte i to ulike arbeidsgrupper. Storgruppene
(regionsgruppene) kan variera frå 5 deltakarar (Sunnhordland)
til 21 (Bergen). Kvar storgruppe har ein kontaktperson.
Kontaktpersonen skal først og fremst sjå til at lokale
arbeidsforhold vert lagt til rette, og skal fungera som
storgruppa sin talsmann i høve til HSH og kursleiar.
Kontaktpersonane skal sikra den lokale tilrettelegginga, og er
difor nøkkelpersonar spesielt i oppstarten. I samband med
eksamen kan det også vera nyttig at kontaktpersonen hjelper til
med t.d. å finna felles eksamenslokale, eksamensvakter, m.m..
Rettleiing frå HSH/NVU skal skje på arbeidsgruppe-nivå. Når arbeidsgruppa har utarbeidd løysing på innsendingsoppgåver, vert det sendt melding til rettleiar. Rettleiar gir altså tilbakemelding til arbeidsgruppa. Det er eit viktig moment i denne modellen at gjennomføringa av kurset føregår i eit samarbeid, både internt på skulen (i "paret") og mellom skular. Berre slik vil ein i kursarbeidet direkte oppleva effekten av IKT. IKT opnar for nye måtar å (sam)arbeida, også internt. Her vil samarbeidsverktøyet ClassFronter spela ei viktig rolle. Typisk for slike verktøy er at dei fungerer best når dei vert mykje brukte!
Kven som er rettleiar (det kan vera andre enn kursleiar) er oppgitt i kvar leksjon. Det er alltid mogleg å ta individuell e-post-kontakt med rettleiar, sjølvsagt, men rettleiing skal normalt føregå på arbeidsgruppe-nivå.
Materiell
Kurset er bygd opp av til
saman 15 leksjonar, først 3 "oppvarmingsleksjonar" (a,
b og c), deretter 12 ordinære leksjonar. Oppvarmingsleksjonane
var nye hausten 2000. Erfaringar frå prøveprosjektet våren
2000 viste at ein hadde behov for ein "mjukare"
oppstart. I "oppvarmings-perioden" (vekene 42-45) kjem
dei aller fleste kursdeltakarane skikkeleg i gang: Det vert
oppretta e-post-samband med rettleiar, ein gjer seg kjend med kurssida og
ClassFronter, og ein får registrert seg hos
Nettverksuniversitetet (NVU).
Kurssida, http://stud.hsh.no/lu/inf/it12 endrar seg under vegs i kurset, men pr. 14.10.01 såg ho slik ut:

Sidan dette kurset, IT-12, normalt går i vårsemesteret, klikkar ein seg inn på "Horda-grupper hausten 2001". For å koma inn på denne sida må ein ha brukarnamn og passord. Informasjon om brukarnamn og passord vart sendt i posten til kursdeltakarane i veke 42, saman med "det grøne heftet" (leksjonane a og b).
Kurssida for "Grupper - Hordaland H01" ser slik ut pr. 29.10.01:

I ruta øverst står det ei aktuell melding. I venstre kolonne vil ein etter kvart finna aktive lenkjer til leksjonane. Nederst i venstre kolonne ligg e-post-lenkje til kursleiar. I høgre kolonne finn ein litt informasjon om kurset, om nødvendig utstyr og ei kort omvisning på Høgskulen Stord/Haugesund sin "campus" på Rommetveit. Vidare er det ei lenkje til HSH sine "rom" i ClassFronter. Men, den aller viktigaste lenkja er "Registrering til NVU". Alle fjernstudentar skal registrera seg til Nettverksuniversitetet (NVU). Det er viktig at ein får gjort denne registreringa så fort som mogleg. Sjølv om ein tek eksamen i vårsemesteret 2002, skal alle kursdeltakarar vera registrerte hos NVU innan fredag 16.11.01.
ClassFronter
Nytt i år er bruken av
samarbeidsverktøyet ClassFronter. For å få tilgang til http://fronter.com/hsh/, må ein vera registrert brukar, og ha fått
tildelt passord:

Brukarnamn og passord vert sendt ut via e-post til alle kursdeltakarar og kontaktpersonar i Hordalands-prosjektet seinast tysdag 29.10.01. Dei kursdeltakarar som ikkje har informert kursleiar om kva e-post-adresse som skal nyttast, får ikkje tilgang til ClassFronter.
Når ein har fått tilgang til http://fronter.com/hsh/, såg sida slik ut 14.10.01:

Utover i kurset vil ein gjera seg kjend med dei ulike verktøya som er tilgjengelege i "Fronter". Her finn ein oversikt over kven som er deltakarar i kurset ("Studenter"), her kan ein diskutera (under "Forum"), her finst lenkjer til aktuelle nettstader ("Linker"), osv..
Det aller første ein skal gjera når ein er komen inn på http://fronter.com/hsh/ er å velja "rom":

Det er eitt fellesrom, "Felles Hordalandsprosjektet", der alle kursdeltakarar og kontaktpersonar har tilgang, og fem regionale rom. Dei regionale romma kan berre nyttast av kursdeltakarar og kontaktperson som høyrer til i den regionale gruppa.
Under
kan ein fylla ut aktuelle personlege data, t.d. e-post-adresse,
adresse (URL) til personleg nett-side, telefonnummer, osv..
Ønskjer ein utfyllande informasjon om ClassFronter, kan ein nytta denne nett-adressa: http://no-1.fronter.com/no/
Elles vil ein nok læra mykje om ClassFronter i løpet av kurset!
Rettleiing
Rettleiar skal gi rettleiing på
arbeidsgruppe-nivå. Dette er ei sentral side ved strukturen i
denne kursmodellen. Ein meiner å oppnå større effekt av arbeidet
med kurset når rettleiing føregår i eit samarbeid. Ein lærer
å bruka IKT gjennom å bruka IKT. Ein vert "tvinga"
til å arbeida i ein IKT-basert struktur der ein må nytta både
e-post og verktøya i "Fronter" for å arbeida
effektivt.
Normalt er rettleiar lett tilgjengeleg. Arbeidsgruppene får best service ved å halda seg til innleveringsfristane som står oppgjevne i leksjonen. Til vanleg har ein ca. 14 dagar på seg til å senda inn svar på oppgåver. Av praktiske grunnar opererer ein med ein innleveringsfrist, ein dato. For å få god "flyt" i kursframdrifta er det sjølvsagt ein fordel for kursdeltakarane å halda fristane.
Kursleiar ser det som viktig å vera lett tilgjengeleg; også på kontortelefon 53 49 13 78. Det er berre å ringa! Sjølv om kursleiar også underviser interne studentar ved HSH, så er det rimeleg god sjanse for å treffa han på telefonen. Tysdagar, torsdagar og fredagar er dei "beste" kontordagane. Er kursleiar bortreist, vil det liggja melding på kurssida.
Arbeidsmåtar
Når ein er NVU-student, arbeider ein via Internett, ved ein
datamaskin. Sjølv om ein tilhøyrer ei arbeidsgruppe og ei
storgruppe (regional gruppe, t.d. Bergen), arbeider ein ofte åleine
ved datamaskinen. Når ny leksjon vert lagd ut på kurssida,
lastar ein denne ned på eigen maskin, eller skriv han ut på
papir. Er leksjonsteksten på fleire sider, er det sjølvsagt
betre å lesa han på papir enn på ein skjerm. Men, leksjonane
er hypertekstar, og i hypertekstar er det lenkjer til
underliggjande/utanforliggjande materiell. Difor er det alltid
lurt å "skumma" gjennom leksjonsteksten på skjerm også!
Som NVU-student må ein gjera seg kjend med leksjonsplanen, slik at ein kjenner framdrifta i kurset. Det er sjølvsagt nyttig å oppretta eit bokmerke (Netscape) eller ein "favoritt" (MS Explorer) til kurssida, for raskt å kunna ta ein "kikk innom" sida. Kanskje er det nye, viktige meldingar frå kursleiar, eller kanskje er det nyttig informasjon å finna i eitt av "Fronter-romma"? Gjer det til ein vane å besøkja kurssida og "Fronter-romma" ofte! I kurstida bør desse vera like uunnværlige som lokalavisa!
I arbeidet med kurset vil ein av og til ha behov for hjelp, (-elles har ein meldt seg på feil kurs!). Treng ein hjelp, skal ein møta situasjonen med aktivt arbeid, og då kan følgjande prosedyre vera nyttig:
Stega er føreslegne for at kursdeltakarar skal verta kjende med dei verktøya som er tilgjengelege i denne typen kursopplegg. Sjølvsagt kan ein allereie under punkt 1 ringa til rettleiar! Telefonen er eit godt IKT-verktøy! Men det fungerer som regel som "ein-til-ein"-kommunikasjon. Slik sett kan fleire ha glede av opne spørsmål/svar i eit felles grupperom. I tillegg kan ein også søkja informasjon via ein eller annan søkjemotor, t.d. Kvasir eller Alta Vista. Skal ein finna gode svar, må ein gjerne stilla svært presise spørsmål. Korleis ein presiserer eit "søk" på Internett får ein gode tips om i søkjemotorane sine hjelpesystem. Det er vel anvendt tid å læra seg dei viktigaste "søkje-knepa"!
Erfaringar
Sidan 1994 har leksjonsforfattaren arbeidd med etter- og
vidareutdanning i "IT for lærarar" via Internett.
Generelt kan ein seia at dette har vore eit svært inspirerande
arbeid, der ein har møtt svært motiverte og flinke
kursdeltakarar. Sjølve materiell-distribusjonen, leksjonane som
vert sende ut på "nettet", har føregått relativt
problemfritt. Det same gjeld "dialogen" med
kursdeltakaren via e-post. Verre har det vore å få grupperomma
til å fungera. Det kan sjå ut som at lærarar har vanskeleg for
å vera spontane i opne fellesforum: Det vert sjeldan stilt
"dumme" spørsmål i grupperomma! Tradisjonelt er det
dei "flinke" kursdeltakarane som har vore mest aktive i
grupperomma! Dei som verkeleg hadde hatt bruk for å stilla ærlege,
nyttige spørsmål, har tradisjonelt vore forsiktige med å ytra
seg! Men kanskje var det nettopp slike spørsmål ein burde fått
fram i grupperomma! Hugs at andre kursdeltakarar les både spørsmålet
og svaret, - og har stor nytte av det! I eit tradisjonelt
klasserom kan ein relativ passiv elev få med seg kva andre, meir
aktive elevar spør om, - og kva dei får til svar. Det er svært
viktig å skapa liv i "romma", slik at ein også kan få
til ein "lytte-effekt".
I løpet av kurstida vert det lagt ut interaktive spørjeskjema. Desse kan gi nyttig tilbakemelding til kursleiinga, tilbakemeldingar som er heilt nødvendige i den vidare utviklinga av kurset. Det vert informert nærare om dei interaktive skjemaa på eit seinare tidspunkt i kurset.
Etterutdanning er arbeid! Same korleis ein snur og vender på det; ein må arbeida seg fram til kompetanse, også kompetanse innan IKT og læring. Difor seier ein helst "gjennom arbeidet med kurset", ikkje "gjennom kurset", når kursopplegget vert omtala. Lukke til med dei 12 neste leksjonane i "IKT og læring"! Lukke til med arbeidet!
Innsendingsoppgåve
C
Svarfristen for denne innsendingsoppgåva er fredag 09.11.01.
Etter svarfristen kan ein ikkje venta å få rettleiing.
Innsendingsoppgåvene er ikkje obligatoriske.
Arbeidsgruppe-oppgåve c
Arbeidsgruppene i dei 5 regionale gruppene i Hordaland (Bergen,
Nordhordland, Ytre Midthordland, Hardanger/Voss og Sunnhordland)
skal etablera seg i samband med leksjon c. Det er hovudoppgåva i
denne leksjonen. Arbeidsgruppene må gi rettleiar tilbakemelding på følgjande
problemstillingar:
Gruppeoppgåvene i denne leksjonen skal etter planen hjelpa til med å få kursdeltakarane i gang med arbeidet, slik at dei fleste er i "takt" når første ordinære leksjon vert lagd ut i veke 46. Svar på gruppeoppgåve c skal sendast til rettleiar som e-post. Hugs å merkja sendinga med namn på arbeidsgruppa, t.d. "Bergen Haukeland".
Denne sida er oppdatert 30.10.01 av Jostein Tvedte. Alle lenkjer til eksterne nettsider fungerte då sida vart oppdatert.