Høgskolen Stord/Haugesund, haustsemester 2002

Elektroniske læremiddel

IT-21

 

Velkommen til IT-21 kurset

I dette kurset skal me bruke verktøyet ClassFronter. Dette er eit e-lærings verktøy, som gjev oss tilgang til ulike integrerte verktøy. Lærestoffet, oppgåver osv, vil bli publisert i dette verktøyet. Samtidig får ein tilgang på diskusjonsforum, samtidig skriving av dokument, kalendar osv., som skal vere til hjelp både for individuelt arbeid, og samarbeid med andre. Det er viktig at ein no i starten brukar noko tid på å finne ut av korleis ClassFronter fungerer.

Brukarnamn og passord

For å logge seg på ClassFronter må ein ha brukarnamn og passord. Dette får ein ved å henvende seg til:

Pålogging

Logg på IT-21 kurset

Etter at ein er logga på ClassFronter, må ein velje IT-21 kurset i toppen, for å kome inn i rett kurs-rom. Sjå Rom: Velg.... Inne i ClassFronter vil ein ha fleire menyval i venstre kant som er felles for alle, og ein del menyval i toppen som er private for den enkelte. F.eks. kan ein under Mitt Arkiv laste opp/lagre filer som kun ein sjølv har tilgang til, medan alt som vert lagra under Dokumenter er synleg for alle studentane i kurset. På same måte kan ein leggje inn avtalar/beskjedar osv, i kalendaren. Desse kan ein bestemme om kun skal vere synleg for seg sjølv, eller også distribuerast til andre.

Etter innlogging kan det vere interessant å sjå kva opplysningar som er registrert om deg som brukar. Vel Dagens og klikk deretter på namnet ditt i toppen. Her kan du leggje til/endre opplysningar om deg sjølv. Endring av passord vil vere aktuelt for dei fleste. Dersom det ikkje er registret e-post adresse, må du leggje inn dette.

Hjelp i ClassFronter

Det er fleire plassar å skaffe seg hjelp i ClassFronter:

Lukke til med kurset.

 

Sist oppdatert 20.08.02 av Svein Ove Lysne