Vidareutdanning i IT for lærarar, 3. modul 2. halvårseining

IT-25. Prosjektarbeid



Prosjektarbeidet utgjer 2 vekttal av andre 10-vektallseining i "Informasjonsteknologi for lærarar" ved Høgskulen Stord/Haugesund. I tillegg består andre 10-vekttalseining av kursa "IT-21 Elektroniske læremiddel" (4 vt) og "IT-23 Læremiddeltilpassing, programutvikling" (4 vt). 

Prosjektarbeidet skal vera knytt til eitt av dei to 4-vekttalsemna, og skal ha eit innhald som fell innanfor bruk av IKT i skule og opplæring. Prosjektarbeidet skal dokumenterast skriftleg og presenterast elektronisk.  - Totalt bør ikkje den skriftlege dokumentasjonen overstiga 20 sider. I tillegg må prototype t.d. i MS Visual Basic-format (.FRM, .VBP og .MAK-filer + evt. grafikk- og datafiler) evt. PowerPoint-presentasjon (.PPT-format) følgja som vedlegg.

----------  .:. ----------

Velkommen til ei ny arbeidsform
I dette kurset skal me bruka verktøyet ClassFronter. Dette er eit e-lærings-verktøy, som gjev oss tilgang til ulike integrerte verktøy. Lærestoffet, oppgåver osv. vil bli publisert i dette verktøyet. Samtidig får ein tilgang til diskusjonsforum, samtidig skriving av dokument, kalender m.m., som skal vera til hjelp både for individuelt arbeid, og samarbeid med andre. Det er viktig at ein i starten brukar noko tid på å finna ut av korleis ClassFronter fungerer.

Brukarnamn og passord
For å logga seg på ClassFronter må ein ha brukarnamn og passord. Dette får ein ved å kontakta kursrettleiarane:

Pålogging
Kurset er er tilgjengeleg via http://www.fronter.com/hsh .

Etter at ein er logga på ClassFronter, må ein velja IT-25 kurset (i komboboksen) i toppen, for å koma inn i rett kurs-rom. Inne i ClassFronter vil ein ha fleire menyval i venstre kant som er felles for alle, og ein del menyval i toppen som er private for den enkelte. T.d. kan ein under Arkivet lasta opp/lagra filer som kun ein sjølv har tilgang til, medan alt som vert lagra under Dokument er synleg for alle studentane i kurset. På same måte kan ein leggja inn avtalar/meldingar osv. i kalenderen. Desse kan ein bestemma om kun skal vera synleg for seg sjølv, eller også distribuerast til andre.

Hjelp i ClassFronter
Det er fleire plassar å skaffa seg hjelp i ClassFronter:

  • ClassFronter har ein innebygd hjelpefunksjon. Trykk på: Hjelp, og få hjelp i forhold til der du er i programmet.
  • Vel Dagens i toppen og deretter Omvisning
  • Gå til http://www.fronter.com. Her er det meir informasjon å finna om verktøyet. Vel t.d. ClassFronter og deretter Prøv oss. Du kan då laga ditt eige brukarnamn og passord (vert tilsendt på e-post). Dette kan du bruka for å logga deg på ClassFronter sine testsider/testrom. Dette er ein fin måte å eksprimentera med verktøyet på.

Lukke til!

Sist oppdatert 07.02.03 av Anders Grov Nilsen.