Farmasistudiet gir deg ein grundig innføring i kjemiske-, biologiske-, medisinske og farmasøytiske fag. Etter gjennomført studium vil du ha teoretiske og praktiske ferdigheiter som gjer deg ein høg kompetanse innan farmasi. Utdanninga gir deg autorisasjon som farmasøyt, og eit godt grunnlag for forsking og anna vidareutdanning innan legemiddelrelatert verksemder.
Krav til forkunnskaper
Generell studiekompetanse/realkompetanse og 2MX/2MY/3MZ og 2FY og 3KJ
Undervisning
Undervisning står skildra under kvart enkelt emne.
Vurdering / Eksamensformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står skildra under kvart enkelt emne.
Yrkesvegar
Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som farmasøyt. Som farmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel og gifter på resept. Tidlegare var manuell tilverking av legemiddel ein viktig del av arbeidet til ein farmasøyt. I dag blir dei fleste legemidla produsert industrielt, og yrkesrolla er endra til å omfatte rådgiving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten. Andre oppgåver kan vere legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den einskilde pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman.
Oppstart
Haust
Programansvarleg
Senter for farmasi
Administrativt ansvarleg
Senter for farmasi.
Dette er ei rettleiande oversikt over emner som går inn som ein del av studieprogrammet og er basert på studiestart haustsemesteret. Det kan kome endringar.