Høgskolen i Ålesund
Larsgårdsvegen 2, N-6025 Ålesund – Tlf. +47 70 16 12 00 – Fax. +47 70 16 13 00
Studiehandbok
Til norsk

2006-2007 / Course descriptions / HM401006 Forskingsmetode, vitskapsteori og fagleg skriving  

HM401006 Forskingsmetode, vitskapsteori og fagleg skriving

Kode
HM401006

Emne / Fagnavn
Forskingsmetode, vitskapsteori og fagleg skriving

Omfang
15.00

Målgruppe
Helse- og sosialfagleg personell

Forkunnskaper

Studenten må ha oppnådd graden bachelor i helse- eller sosialfag.

Emne / fagmål

Føremålet med dette emnet er å gi helsepersonell ei innføring i kvalitative og kvantitative metodar med relevans for helsefaga. Emnet vil også gi innsikt i det vitskapsteoretiske grunnlaget for dei ulike metodane. Det er også eit mål at deltakarane skal utvikle kompetanse til å ta del i utviklingsarbeid på ein systematisk og metodisk forsvarleg måte. Auka krav til og forventningar om fagleg skriving i helseføretaka gjer at fagleg skriving vil vere tema i kurset.

Mål for emnet er at studenten :

  • utviklar forståing for kvalitative og kvantitative forskingsmetodar
  • utviklar kunnskap og innsikt i det vitskapsteoretiske grunnlaget for ulike metodar
  • har kunnskap og innsikt om forskaren sitt etiske og juridiske ansvar
  • kan gjennomføre utviklingsarbeid på ein systematisk og metodisk haldbar måte
  • utviklar kunnskapar om fagleg skriving.
Emneliste

Delemne 1: Vitskapsteori. Forskarens etiske og juridiske ansvar.

  • Grunnleggande vitskapsteori

    Idehistoriske og grunnlagsfilosofiske perspektiver på helsefaga

    Refleksjon og kunnskap i helsefaga

  • Forskaren sitt etiske og juridiske ansvar

    Forskingsetiske prinsipp

    Forskingsetiske retningsliner

    Tilgang til og bruk av personopplysingar

    Kvar skal prosjekta meldast og kvar søker ein konsesjon?

    Teieplikt og anonymitet

    Tilgang til teiepliktbelagde personopplysingar

Delemne 2: Kvalitative metodetilnærmingar

  • Kvalitative forskingsintervju
  • Observasjonar
  • Fokusgrupper
  • Forteljingar/narrativ
  • Tekstanalyse

Delemne 3: Kvantitative metodetilnærmingar

  • Hypotesetesting og kausalforklaringar
  • Surveymetode: Dataproduksjon ved hjelp av spørreskjema
  • Analyser av mønster og samanhengar i kvantitative data
  • Statistisk generalisering, estimering og hypotesetesting

Delemne 4: Fagleg skriving

  • Skriveprosessen
  • Den akademiske sjangeren
  • Bruk av referansar
  • Litteratursøk
Undervisningsform

Studiet vil gå over eit semester. Det blir lagt opp til tre samlingar (2 dagar a 6 timar)

Det vil bli veksla mellom førelesingar, arbeid i grupper og studiespørsmål. Det blir forventa stor grad av eigeninnsats mellom samlingane.

Vurderingsform

6- timars skriftleg eksamen

Hjelpemidler til eksamen
Ingen

Karaktertype
Karakterskalaen har seks trinn: Frå A (beste karakter) til F der E er siste ståkarakter.

Revidert dato
2007.01.05