Intensivsjukepleie Emne 1 og Intensivsjukepleie Emne 2 må vere bestått.
Delemne 1: Sjukepleiefaglege tilnærmingar til intensivpasienten
Temaet vil presentere ulike sjukepleiefaglege tilnærmingar som kan knytast til ulike vitskaplege retningar og har som mål at studenten utviklar ei kritisk analytisk haldning til fag og yrkesutøving. Fagleg skriving i sjukepleie vil også vere ein del av dette emnet.
- ulike kunnskapsformer
- evidensbasert praksis
- fagleg skjønn
- fagleg skriving
Delemne 2: Sjukepleie til ulike pasientgrupper
I dette semesteret skal studenten utvikle djupneforståing for sjukepleie til pasientar med akutte og kritiske sjukdomstilstandar i intensivavsnitta. Det blir forventa at studenten har oversikt over forsking innanfor sentrale tema i intensivsjukepleie. Det er også eit mål at studentane skal utvikle kompetanse til å ta del i utviklingsarbeid på ein systematisk og metodisk forsvarleg måte.
- forsking knytt til sentrale område i intensivsjukepleie
- kvalitative og kvantitative forskingsmetodar
- etiske perspektiv på forsking
Delemne 3: Etiske/juridiske utfordringar ved kritisk sjukdom
Å arbeide med kritisk sjuke pasientar medfører at sjukepleiaren har ansvar for pasientar og pårørande i sårbare livssituasjonar. Dette krev at sjukepleiaren må utvikle forståing for både dei etiske og juridiske utfordringane og dilemma dette inneber.
- livshjelp/dødshjelp
- pasientmedverknad ved kritisk sjukdom
- når pasienten nektar behandling
- etiske perspektiv på kommunikasjon
Delemne 4: Pasient- og pårørandeerfaring ved kritisk sjukdom
Å lytte til pasientar sine erfaringar er ei kjelde til innsikt for helsepersonell. Ei aukande forsking knytt til dette har synleggjort verdien av denne type kunnskap. I dette emnet vil forsking knytt til pasientar og pårørande sine erfaringar og reaksjonar på kritisk sjukdom vere tema. Undervisinga vil omhandle:
- pasient og pårørandeerfaringar ved kritisk sjukdom
- utvikling av intensivsyndrom/psykose
- pårørande i intensivavdelinga
Delemne 5: Kommunikasjon, informasjon og samhandling ved kritisk sjukdom
Samhandling og kommunikasjon mellom sjukepleiar og pasient vil ha betydning for korleis pasient og pårørande meistrar ei sjukdomsfase. Sjukepleiaren må lære å understøtte pasienten sine ressursar og samhandle med pasient og pårørande mot ei positiv sjukdomsutvikling, eventuelt tilpassing til ein ny livssituasjon. I undervisinga vil ein også ta for seg vilkår for meistring og førebygging av intensivsyndrom.
Vi lever i eit fleirkulturelt samfunn. Kommunikasjon med menneske frå andre kulturar er særleg utfordrande ved alvorleg sjukdom. Barn som pårørande er også eit emne som vil bli vektlagt.
- kommunikasjon, samhandling med menneske i sorg og krise
- meistring av kritisk sjukdom
- veiledning og informasjon til pasientar og pårørande i intensivavsnitta
- kommunikasjon med pasientar frå andre kulturar
- barn som pårørande
Delemne 6: Leiing av intensivavsnitta
Arbeidet på ulike intensivavsnitt føreset at sjukepleiaren har innsikt i organisering og leiing av desse avsnitta. Ein stor del av arbeidet med kritisk sjuke er delegerte legeoppgåver. Difor vil tverrfagleg samarbeid vere tema. Det er også ynskjeleg at sjukepleiarar blir stimulert til fagutvikling. Intensivavsnitta som læringsarena vil bli drøfta her.
- organisering og leiing av intensiv- operasjons- og anestesiavdelinga
- tverrfagleg samarbeid i arbeidet med kritisk sjuke
- intensivavsnitta som læringsarena
- kvalitetssikring av intensivavsnitta
Arbeidsformer
Det vil bli veksla mellom forelesing, arbeid i grupper og deltaking i systematisk undersøkande arbeid. Det vil bli lagt opp til ulike former for forskingsbasert undervising. Dette medfører mellom anna at undervisinga vil vere i samsvar med dei nyaste forskingsresultata knytt til sentrale tema i utdanninga. I tillegg vil studentane få undervising og trening i vitskaplege metodar. Det blir forventa at studentane er aktive og medansvarlege i undervisinga. Praksis på 15 veker er ein del av dette emnet.
Avsluttande oppgåve relatert til yrkesutøving. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 10.000 ord. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på opp til tre studentar. For studentar som skriv i gruppe, skal oppgåva ha eit omfang på om lag 15.000 ord. Det vil i tillegg bli gjennomført individuell munnleg høyring knytt til oppgåva og sjølvvalt pensum. Den munnlege prøva kan justere karakteren på oppgåva.
Bokstavkarakterar. Karakterskalaen har 6 trinn fra A (beste karakter) til F der E er siste ståkarakter.