2007 - 2008 gammel / Course descriptions / HI401307 Intensivmedisin
Offentleg godkjenning / autorisasjon som sjukepleiar og minst 2 års relevant yrkespraksis etter godkjenning.
Mål
Måla er at studenten skal:
Innhald
Sjukepleiarane på intensiveiningane må ha grundige kunnskapar i intensivmedisin, kirurgi og anestesiologi for å kunne ivareta funksjonane dei har i desse einingane. Medisinsk kunnskap skal gi grunnlag for å observere og overvake kritisk sjuke menneske samt gjennomføre delegert medisinsk behandling. Sjukepleiarane må i tillegg kunne gi tilpassa informasjon for å understøtte pasienten og pårørande si meistring av sjukdomen og den medisinske behandlinga.
Emnet er inndelt i fire delemne:
Delemne 1: Kardiologi
Delemne 2: Intensivmedisin
Alvorlige infeksjonar:
- Meningitt/sepsis
- Tetanus
- Streptokokkinfeksjonar
- Sjukehusinfeksjonar, postoperative sårinfeksjonar
- HIV/AIDS
- Hepatitt
Delemne 3: Anestesiologi og kirurgi
Delemne 4: Førstehjelp og katastrofemedisin
Skadestad-arbeid
- diagnostisering og prioritering
- behandling
- transport
ArbeidsformeneDet vil bli veksla mellom førelesingar, arbeid med studiespørsmål og gruppearbeid. I tillegg vil læring i simulator vere ei viktig læringsform når det gjeld å utvikle kompetanse i basal- og avansert hjarte/lungeredning.
Studenten skal gjennomføre og ha godkjent to arbeidskrav knytt til basal og avansert hjarte- lungeredning. Arbeidskrava består av ein teoretisk og ein praktisk del, og blir vurdert i høve til godkjent/ikkje godkjent. Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen i Intensivmedisin.
Individuell skriftleg skuleeksamen på 6 timar.