I dette emnet vil intensivsjukepleiaren sine ansvarsområde og funksjonar vere tema. Studentane skal utvikle forståing for intensivsjukepleiaren sin profesjonelle identitet i eit historisk og samtidig perspektiv.
Emnet skal gi ei innføring i sjukepleie til kritisk sjuke. Intensivsjukepleie rettar seg mot menneske som på grunn av sjukdom eller skade har truande eller manifest svikt i vitale funksjonar. Studenten skal utvikle kunnskap om sjukepleie til ulike pasientgrupper. Det vil særlig bli lagt vekt på utfordringar knytt til ulike diagnosar og behandlingsformer. Mennesket sine reaksjonar i møtet med kritisk sjukdom og død er også eit sentralt tema.
Ved fullført emne har studenten:
- innsikt i intensivsjukepleiaren sine ansvarsområde og sin profesjonelle identitet
- forståing for og kompetanse i å utøve intensivsjukepleie med utgangspunkt i pasienten og pårørande sine ressursar og rettar til medverknad
- forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga
- kunnskap om og forståing for ulike medisinske tilstandar i intensivavsnitta
- kompetanse i klinisk observasjon under intensivbehandling og iverksetting av tiltak i samsvar med eigen kompetanse og ansvarsområde
- kompetanse i å gi individuelt tilpassa sjukepleie
- kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg
- kunnskap om og kompetanse i å gjennomføre delegert medisinsk behandling
- kompetanse i å ivareta pasientens behov og sikring ved bruk av medisinsk-teknisk utstyr
Delemne 1: Profesjonell identitet hos intensivsjukepleiar, eit historisk og samtidig perspektiv
- intensivsjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde
- profesjonell identitet hos intensivsjukepleiarar
- juridiske og etiske rammer for yrkesutøving
- systematisk undersøkande arbeid
- fagleg skriving, ulike sjangrar
Delemne 2: Ulike sjukdoms- og pasientgrupper, som til dømes
- hjerte/kar sjukdomar
- lungesjukdom
- alvorlege infeksjonar
- forgiftingar
- pasientar kopla til respirator
- postoperativ sjukepleie ved ulike typar inngrep
- multitraume
- ARDS
- brannskadar
- drukning
- endokrin svikt
- det premature barnet
Delemne 3: Pasientar og pårørande sine reaksjonar i møte ved kritisk sjukdom og død
Arbeidsformer
Det vil bli veksla mellom forelesing, arbeid i grupper og deltaking i systematisk undersøkande arbeid. Det vil bli lagt opp til ulike former for forskingsbasert undervising. Dette medfører mellom anna at undervisinga vil vere i samsvar med dei nyaste forskingsresultata knytt til sentrale tema i utdanninga. I tillegg vil studentane få undervising og trening i vitskaplege metodar. Det blir forventa at studentane er aktive og medansvarlege i undervisinga. 11 veker med praksisstudier inngår i dette emnet.
Mappevurdering, tre individuelle oppgaver. Det vil bli utdelt retningsliner der krava er spesifiserte.
Bokstavkarakterar. Karakterskalaen har 6 trinn fra A (beste karakter) til F der E er siste ståkarakter.