Høgskolen i Ålesund
Larsgårdsvegen 2, N-6025 Ålesund – Tlf. +47 70 16 12 00 – Fax. +47 70 16 13 00
Studiehandbok
Til norsk

2007 - 2008 gammel / Course descriptions / HI401407 Intensivsjukepleie Emne 2  

HI401407 Intensivsjukepleie Emne 2

Kode
HI401407

Emne / Fagnavn
Intensivsjukepleie Emne 2

Omfang
15.00

Målgruppe
Studentar i intensivsjukepleie

Forkunnskaper

Intensivsjukepleie Emne 1 må vere bestått.

Emne / fagmål

Emnet vil vidareføre intensivsjukepleie til ulike pasientgrupper. I dette semesteret blir det forventa at studenten utviklar forståing for den kompleksiteten og dei individuelle uttrykka som ulike sjukdomstilstandar kan ha. Intensivsjukepleie ved spesielle behandlingsformer og prosedyrar vil også vere eit tema.

Intensivsjukepleiaren har eit stort ansvar i forhold til informasjon og veiledning til pasient og pårørande. Intensivsjukepleiaren som pedagog vil vere tema i dette semesteret.

Ved fullført emne skal studenten ha:

  • forståing for og kompetanse i å utøve intensivsjukepleie med utgangspunkt i pasient og pårørande sine ressursar og rettar til medverknad
  • forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga
  • kunnskap om og forståing for ulike medisinske tilstandar i intensivavsnitta
  • kompetanse i klinisk observasjon under intensivbehandling og iverksetting av tiltak i samsvar med eigen kompetanse og ansvarsområde
  • kompetanse i å gi individuelt tilpassa sjukepleie
  • kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg
  • kunnskap om og kompetanse i å gjennomføre delegert medisinsk behandling
  • kompetanse i å bruke medisinsk-teknisk utstyr på ein sikker måte
  • kompetanse i å informere, undervise og rettleie pasientar, pårørande og medarbeidarar.
  • kompetanse i å understøtte pasientar og pårørande si meistring av sjukdom og medisinsk behandling
Emneliste

Delemne 1: Intensivsjukepleie ved ulike sjukdomstilstandar/behandlingsformer

Delemne 2: Intensivsjukepleie ved spesielle behandlingsformer og prosedyrar som til dømes:

  • respiratorbehandling, CPAP og BIPAP, oksygenbehandling
  • terapeutisk hypotermibehandling
  • dialyse
  • defibrillering/elektrokonvertering
  • avansert monitorering
  • avansert kirurgisk og medisinsk behandling

Delemne 3: Intensivsjukepleiaren sine pedagogiske funksjonar

  • ulike tilnærmingar til læring
  • munnleg og skriftleg informasjon/veiledning
  • oppgåveskriving
Undervisningsform

Arbeidsformer

Det vil bli veksla mellom forelesing, arbeid i grupper og deltaking i systematisk undersøkande arbeid. Det vil bli lagt opp til ulike former for forskingsbasert undervising. Dette medfører mellom anna at undervisinga vil vere i samsvar med dei nyaste forskingsresultata knytt til sentrale tema i utdanninga. I tillegg vil studentane få undervising og trening i vitskaplege metodar. Det blir forventa at studentane er aktive og medansvarlege i undervisinga. 10 veker praksisstudium er ein del av dette emnet.

Obligatoriske krav

Studentane skal individuelt eller i gruppe utvikle informasjonsbrosjyre knytt til eit aktuelt tema. Brosjyra skal presenterast for samla klasse, og godkjennast av fagleg ansvarlege.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen over 1 veke. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord.

Hjelpemidler til eksamen
Alle

Karaktertype
Bokstavkarakterar. Karakterskalaen har 6 trinn fra A (beste karakter) til F der E er siste ståkarakter.

Revidert dato
11/05/2007

Revidert av:
Marit Kvangarsnes og Ingunn Vasset