Studenten må ha bestått tidlegare eksamenar i studiet
Emnet vil vidareføre operasjonssjukepleie til ulike pasientgrupper. I dette semesteret blir det forventa at studenten utviklar evnene sine til å medverke ved ulike kirurgiske inngrep, og innsikt i operasjonssjukepleiaren si rolle i det kirurgiske teamet. Kunnskap om - og behandling av kirurgiske instrument og medisinsk-teknisk utstyr samt kontrollrutinar er også eit viktig tema. Operasjonssjukepleiaren sitt ansvar i forhold til informasjon og mottak av operasjonspasienten vert også eit
Ved fullført emne skal studenten ha:
·forståing for og kompetanse i å utøve operasjonssjukepleie med utgangspunkt i pasient sin situasjon, ressursar og spesielle behov
·forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga
·kunnskap om og forståing for ulike kirurgiske inngrep og behandlingsmetodar
·kompetanse i klinisk observasjon av operasjonspasienten
·kompetanse i å gi individuelt tilpassa sjukepleie
·kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg
·kompetanse i å bruke medisinsk-teknisk utstyr på ein sikker måte
·kompetanse i å informere, undervise og rettleie pasientar, pårørande og medarbeidarar.
·kompetanse i å understøtte pasientar og pårørande si meistring av sjukdom og medisinsk behandling
Delemne 1
·Operasjonssjukepleiaren sitt ansvar,oppgåver og ulikeroller i det kirurgiske teamet
·Operasjonssjukepleie ved ulike kirurgiske inngrep og/eller undersøkingar
·Kirurgiske instrument ogendoskopisk utstyr
·Operasjonsmateriell
·Medisinsk-teknisk apparatur/utstyr
Delemne 2
·Dokumentasjon og rapportering
·Munnleg og skriftleg informasjon/ rettleiing
·Oppgåveskriving
Studentane skal individuelt eller i gruppe utvikle informasjonsbrosjyre knytt til eit aktuelt tema. Brosjyren skal presenterast for samla klasse, og godkjennast av fagleg ansvarlege.
Individuell heimeeksamen over 1 veke. Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord.
Bokstavkarakterar. A til F der E er siste ståkarakter.