Som ved opptak til studiet
I dette emnet vil operasjonssjukepleiaren sine ansvarsområde og funksjonar vere tema. Studentane skal utvikle forståing for operasjonssjukepleiaren sin profesjonelle identitet i eit historisk og samtidig perspektiv.
Emnet skal gi ei innføring i sjukepleie til kritisk sjuke. Operasjonssjukepleie er å utøve sjukepleie på ein forsvarleg og målretta måte for å leggje til rette for kirurgi og/eller anna behandling.
Emnet vil også innehalde ulike vitskaps-syn og metodar for forsking og fagutvikling, i tillegg til kunnskap om å søkje og bruke forskingsresultat i klinisk praksis. Studenten skal utvikle kunnskap om sjukepleie til ulike pasientgrupper.
Ved fullført emne skal studenten ha :
·innsikt i operasjonssjukepleiaren sine ansvarsområde og sin profesjonelle identitet
·forståing for og kompetanse i å utøve operasjonssjukepleie med utgangspunkt i pasienten og pårørande sine ressursar og rettar til medverknad
·forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga
·kunnskap om og forståing for ulike medisinske tilstandar i intensivavsnitta
·kompetanse i klinisk observasjon av operasjonspasienten og iverksetting av tiltak i samsvar med eigen kompetanse og eige ansvarsområde
·kompetanse i å gi individuelt tilpassa sjukepleie med grunnlag i pasienten sin eigen kroppslege erfaringskunnskap
·kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg
·kompetanse i å ivareta pasienten sine behov og tryggleik ved bruk av medisinsk-teknisk utstyr
·kunnskap om sjukepleie sitt vitskaps-, teori- og verdigrunnlag, og korleis dette gjev perspektiv og føringar for forsking og fagutvikling i operasjonssjukepleie
·forståing for korleis ein skal søke og kritisk vurdere forskingsbasert litteratur.
Delemne 1: Profesjonell identitet hos operasjonssjukepleiar, eit historisk og samtidig perspektiv
·operasjonssjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde
·profesjonell identitet hos operasjonssjukepleiarar
·juridiske og etiske rammer for yrkesutøvinga
·ulike vitskapssyn og metodar for forsking og fagutvikling
·korleis søke etter, og kritisk vurdere forskings litteratur
·fagleg skriving, ulike sjangrar
Delemne 2: Operasjonssjukepleie, ansvar og kompetanseområde og ulike sjukdomstilstandar
·førebuing av ulike pasientgrupper til operative inngrep
·mottaking av pasienten i operasjonsavdelinga
·bruk av medisinsk-teknisk utstyr, kontroll og reingjering
·leiring, komplikasjonar og hypotermi
·pre-, per- og postoperativ sjukepleie (perioperativ sjukepleie)
·stress- og risikofaktorar generelt og spesielt hjå utsette grupper
·alvorlege infeksjonar
·forgiftingar
·perioperativ sjukepleie ved ulike typar inngrep
·multitraume
·brannskadar
·drukning
Delemne 3: Pasientar og pårørande sine reaksjonar i møte med kritisk sjukdom og død
Det vil bli veksla mellom forelesing, arbeid i grupper og deltaking i systematisk undersøkande arbeid. Det vil bli lagt opp til ulike former for forskingsbasert undervisning. Dette medfører mellom anna at undervisninga vil vere i samsvar med dei nyaste forskingsresultata knytt til sentrale tema i utdanninga. I tillegg vil studentane få undervisning og trening i vitskaplege metodar. Det blir forventa at studentane er aktive og medansvarlege i undervisninga, og i å bidra til utvikling av eit godt lærings- og studiefellesskap.
Mappevurdering, tre individuelle oppgåver. Det vil bli utdelt retningsliner der krava er spesifiserte.