Rammeplan for vidareutdanning i anestesisjukepleie frå 1. desember 2005
Offentlig godkjenning som sjukepleiar og minst to år relevant yrkespraksis etter godkjenning
Hensikt:
Hensikt med vidareutdanning i anestesisjukepleie er å utdanne velkvalifiserte yrkesutøvarar som kan utøve sjukepleie og anestesiologisk legedelegert verksemd på ein forsvarleg og målretta måte i samband med kirurgi og anna behandling. Utøvinga skal vere i samsvar med helselovgivinga sine krav til yrkesutøving og faget sine kunnskapar og verdiar.
Mål
Anestesisjukepleiaren skal etter fullført utdanning ha handlingskompetanse til å kunne ivareta pasientar som gjennomgår kirurgiske undersøkingar og/eller behandling i ein kompleks og raskt skiftande kvardag, både i og utanfor sjukehus. Yrkesutøvaren skal ha utvida sjukepleiekunnskap og nødvendig basiskunnskap om den akutt/kritisk sjuke pasienten sin spesielle situasjon, og skal kunne utøve faget sjølvstendig eller i samarbeid med anna helsepersonell. Utdanninga skal gi kompetanse i fagleg utviklingsarbeid.
Studenten skal etter avslutta utdanning :
- Utøve anestesisjukepleie med respekt for pasienten og pårørande sin integritet, ressursar og oppleving av å vere akutt og/eller kritisk sjuk og gjennomgå undersøkingar og behandling
- Meistre å gjennomføre generell anestesi på ein sjølvstendig måte på elles funksjonsfriske pasientar, og samarbeide med anestesilege med å gje anestesi til pasientar med meir komplekse sjukdomstilstandar
- Meistre overvaking og administrering/vedlikehald av sedasjon og regional anestesi
- Identifisere, gjennomføre og evaluerer pasientane sine behov for individuell og heilskapleg sjukepleie pre - , per - og postoperativt samt førebyggje komplikasjonar og ivareta pasienten sin tryggleik.
- Bedømme situasjonar sjølvstendig, prioritere og handle raskt og forsvarleg slik at akutt og/eller kritisk sjuke sine livsviktige funksjonar blir oppretthaldne/gjenoppretta
- Meistre bruk og kontroll av medisinsk–teknisk og ha eit reflektert forhold til denne teknologien sine muligheiter og avgrensingar
- Reflektere kritisk i valsituasjonar og handle etisk og juridisk forsvarleg
- Støtte og yte omsorg til pårørande og fremje pasienten og pårørande si medbestemming
- Meistre samhandling med akutt og/eller kritisk sjuke pasientar og deira pårørande og hjelpe dei til å gjennomarbeide opplevingar og reaksjonar på sjukdom og død
- Gi situasjonstilpassa undervisning, rettleiing og informasjon til pasientar, pårørande, studentar og andre medarbeidarar
- Nytte relevante kunnskapar i møte med pasientar og frå ulike kulturar
- Gjennomarbeide eigne reaksjonar i samband med arbeidet og hjelpe medarbeidarar/kollegaer med deira opplevingar og reaksjonar
- Dokumentere evaluere og kvalitetssikre eige arbeid
- Nytte relevant forsking og bidra til fagutvikling i yrkesutøvinga
- Ha ferdigheiter i samhandling og teamarbeid på tvers av faggrupper og nivå
- Vidareutvikle den personlege og faglege kompetansen som anestesisjukepleiar
- Dokumentere, evaluere og kvalitetssikre eige arbeid, nytte relevant forsking og bidra til fagutvikling
Det blir veksla mellom teori- og praksisstudium. Overordna mål er å utdanneansvarlege og sjølvstendige studentar, noko som krev studentaktive læringsformer. Arbeidsformene i teoriblokka vil veksle mellom forskingsbaserte forelesingar, arbeid i gruppe, læring i simulator ogprosjektarbeid. Det vil bli gitt rettleiing i samband med skriftleg arbeid og gjennomgåande i praksisstudia. Organiseringa, undervisninga og læringsaktivitetane skal fremje studentaktiv deltaking i studiet og fremje kritisk tenking og utvikling av eigen praksis.
Studiet er organisertsom heiltidstudium over tre semester. Kvart semester vil starte med ei teoriblokkmed eit omfang på 6-8 veke , resten avsemesteret vil vereknytt til praksis. Praksisperiodanevilvere frå 10- 15 veke. Eksamen vil bli lagt til slutten av kvart semester
Studiet er bygt opp med fylgjande hovudemne og delemne (jfr også tabell nedanfor).
Hovudemne 1 Sjukepleiefagleg fordjuping og samfunns- vitskaplege emne, 15 studiepoengDelemne 1 A Opplevingar og reaksjonar på akutt og/eller kritisk sjukdom
Delemne 1B Kompetanse- og fagutvikling
Delemne 1C Etikk
Delemne 1D Rammefaktorar, organisering, leiing og miljø
Hovudemne 2 – Medisinske og naturvitskapelege emne, 39 studiepoeng
Delemne 2A - Fysiologi og patofysiologi
Delemne 2B – Farmakologi
Delemne 2C – Mikrobiologi
Delemne 2D - Medisinsk utstyr
Delemne 2E - Intensivmedisin og kirurgi
Delemne 2F – Anestesiologi
Hovudemne 3- Anestesisjukepleie som fag og yrkesutrøving, 36 studiepoeng
Delemne 3A - Den akutt og/eller kritisk sjuke pasient og pasientar som skal ha anestesi
Delemne 3B - Anestesisjukepleie, ansvar og kompetanseområde
Praksisstudia
Praksisstudia er organisert slik:
1. semester 10 veke ,2.semester 15 veke ,3. semester 11 veke.
Fagplan for praksis inneheld konkrete planar for observasjons- og hospiteringspraksis, og for dei rettleia praksisstudieperiodane i det kliniske feltet som gjer greie for kva studentenskal lære på den einskilde praksisstaden.
Alle praksisstudieperiodanei det kliniske felt er rettleia, og det er venta at studenten førebursegtilrettleiing med skriftleg rettleiingsnotat.
Kompleksiteten i læresituasjonane aukar gjennom studiet og stiller tilsvarande krav til studenten sin funksjon, sjølvstende og ansvar. Utvikling av studenten sinkompetanseblir vurdertetter fastsette kriterium, og det blir gitt karakteren bestått/ikkje bestått.
I løpet av praksisstudieperiodane har studentenulike skriftlege arbeidskrav, både individuelt og i gruppe, som må være godkjende før praksisstudieperioden kan vurderast til bestått.
Ved ikkje bestått praksisstudieperiode har studenten høvetil å ta opp att perioden éin gong til. Praksisstudiet må vere bestått for å halde fram i studiet og gå opp til eksamen. Om det ligg føre særskilde grunnar, kan studenten søkje styret for høgskulen om å få lagt til rette ein tredje praksisperiode ( Forskrift til rammeplan, 2005)
Praksisstudiet er obligatorisk, fråvær utover 10 % resulterer i at studenten ikkje får godkjent praksisperioden. Fråværet må takast att etter avtale med høgskolen og praksisstad.
Hospitering:
Alle studentar som ynskjer det, har høve til å hospitere ved andre helseføretak i 3. semester. Hospiteringa kan vare inntil 2 veker, då dette ikkje er rettleia praksis.
Kostnader i samband med reise og opphald må studenten dekkje sjølv.
Internasjonalisering
Det er ikkje lagt til rette for studieopphald i utlandet i løpet av utdanninga
Vurderingsordningar
Mappevurdering
Oppgåver som studenten arbeider med i løpet av studieåret blir samla i mapper som til sist blir levert i ei eksamensmappe. Det blir gjennomførtmappevurdering i fag som krev sjølvstendig gjennomarbeiding, refleksjon, bevisstgjering og modning av stoffet. Oppgåvene har nær tilknyting til studenten sine erfaringar frå praksisstudieperiodane. Studenten blir tilbydd rettleiingundervegs i prosessen, og det blir gitt tilbakemeldingar både skriftleg og munnleg, individuelt og i grupper/klasser. Oppgåvene blir vurderte ut frå fastsette kriterium som er gjort kjende for studenten .
Heimeeksamen
Heimeeksamen blir brukt i fagområde der studenten må vise innsikt i og reflektere over fagstoffet, og der sjølvstendig utval og strukturering av relevant stoff er ein viktig del av læringsprosessen. Dette gjelder prosjektoppgåver og fordjupingsoppgåva. Ein heimeeksamen blir avvikla individuelt eller i gruppe og i ein avgrensa tidsperiode. Oppgåvene blir vurderte ut frå fastsette kriterium som er kjende for studentane.
Skriftleg skuleeksamen
Skriftleg skuleeksamen blir brukt i fag der det er forventa at studenten har faktakunnskapar som grunnlag for å kunne utøve fagleg forsvarleg sjukepleie, til dømes innanfor medisinske og naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege emne. Ulike emneområde kan slåast saman og testast integrert.
Munnleg høyring
Munnleg høyring blir brukt som ei tilleggsvurdering av fordjupingsoppgåva