Høgskolen i Ålesund
Larsgårdsvegen 2, N-6025 Ålesund – Tlf. +47 70 16 12 00 – Fax. +47 70 16 13 00
Studiehandbok
Til norsk

2007 - 2008 / Course descriptions / HA401207 Anestesisjukepleie 1  

HA401207 Anestesisjukepleie 1

Kode
HA401207

Emne / Fagnavn
Anestesisjukepleie 1

Omfang
10.00

Målgruppe
Studentar ved vidareutdanning i anestesisjukepleie

Forkunnskaper

Same somopptakskravet til studiet

Emne / fagmål

I dette emnet vil anestesisjukepleiaren sine ansvarsområde og funksjonar vere tema. Studenten skal utvikle forståing for anestesisjukepleiaren sin profesjonelle identitet i eit historisk perspektiv og samtidsperspektiv.

Emnet skal gi ei innføring i sjukepleie til kritisk sjuke og kunnskap om sjukepleie til ulike pasientgrupper. Anestesisjukepleie er å utøve sjukepleie og legedelegert anestesiologisk verksemd på ein forsvarleg og målretta måte, for å leggje til rette for kirurgi og/eller anna behandling. Å gi anestesi inneber at ein må kunne identifisere og kompensere for pasienten si eiga omsorgssvikt på grunn av skade eller manifest svikt i vitale funksjonar.

Emnet vil også innehalde vitskapsteori og metodar for forsking og fagutvikling, og kunnskap om å søkje og bruke forskingsresultat i klinisk praksisarbeid.

Ved fullført emne skal studenten ha:

·innsikt i anestesisjukepleiaren sine ansvarsområde og sin profesjonelle identitet

·forståing for og kompetanse i å utøve anestesisjukepleie med utgangspunkt i pasienten og pårørande sine ressursar og rettar til medverknad

·forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga

·kunnskap om og forståing for ulike medisinske tilstandar i intensivavsnitta

·kompetanse i klinisk observasjon an anestesipasienten og iverksetting av tiltak i samsvar med eigen kompetanse og ansvarsområde

·kompetanse i å gi individuelt tilpassa sjukepleie

·kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg

·kompetanse i å ivareta pasienten sitt behov og sikring ved bruk av medisinsk-teknisk utstyr

·kunnskap om sjukepleiaren sitt vitskaps-, teori- og verdigrunnlag, og korleis dette gjev perspektiv og føringar for forsking og fagutvikling i anestesisjukepleie.

·forståing for og kritisk vurdere forskingsbasert litteratur i faget.

Emneliste

Delemne 1: Profesjonell identitet hos anestesisjukepleiar, eit historisk og samtidsperspektiv

·anestesisjukepleiaren sine funksjons- og ansvarsområde

·profesjonell identitet hos anestesisjukepleiarar

·juridiske og etiske rammer for yrkesutøving

·ulike metodar for forsking og fagutvikling

·vitskapsteori

·søking og kritisk vurdering av forskingslitteratur

·fagleg skriving, ulike sjangrar

Delemne 2: Anestesisjukepleie ansvar og kompetanseområde, og ulike sjukdomstilstandar

·førebuing av ulike pasientgrupper til anestesi

·mottaking av pasient i operasjonsavdelinga

·bruk av medisinsk-teknisk utstyr, kontroll og reingjering

·alvorlege infeksjonar

·forgiftingar

·postoperativ sjukepleie ved ulike typar inngrep

·multitraume

·brannskadar

·drukning

Delemne 3: Pasientar og pårørande sine reaksjonar i møte med kritisk sjukdom og død

Undervisningsform

Det vil bli veksla mellom forelesing, arbeid i grupper og deltaking i systematisk undersøkande arbeid. Det vil bli lagt opp til ulike former for forskingsbasert undervisning. Dette inneber mellom anna at undervisninga vil vere i samsvar med dei nyaste forskingsresultata knytt til sentrale tema i utdanninga. I tillegg vil studenten få undervisning og trening i vitskaplege metodar.

Det blir forventa at studentane er aktive og medansvarlege i undervisninga. I tillegg inngår 10 veker med praksisstudiar.

Obligatoriske krav

Ingen

Vurderingsform

Mappevurdering, tre individuelle oppgåver. Det vil bli utdelt retningsliner der krava er spesifiserte.

Hjelpemidler til eksamen
Alle

Karaktertype
Bokstavkarakterer A - F der E er siste ståkarakter

Revidert dato
2007.05.14

Revidert av:
Asbjørg Giskemo