Namn på studiet
Bedriftsøkonomi, årsstudium
Studiepoeng
60
Organisering
Studiet byggjer på Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) sin plan for bachelorutdanning i økonomisk-administrative fag.
Etter å ha gjennomført det første året av studiet (60 studiepoeng), kan ein avslutta, og har då fullført eitt-årig studium i bedriftsøkonomi.
Innleiing
Studentane skal tileigna seg kunnskap om og læra seg til å forstå dei viktigaste økonomisk-administrative fagområda. Ein vesentleg del av studiet er orientert mot å kjenna att og å løysa praktiske problem. Studentane skal øvast opp i å bruka dei kunnskapane og metodane som dei tileignar seg, på ein kritisk måte.
Kompetanse / formell grad
Studiet kan innpassast som ein del av eit bachelorstudium i økonomi og administrasjon, eller det kan gå inn som ei eining i den ”frie” bachelorgraden.
Målgruppe
Studiet høver godt for dei som har eksamen frå tre-årig vidaregåande skule med vekt på matematiske, bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske fag og/eller relevant praksis frå yrkeslivet.
Årsstudiet vil høva særs godt for dei som i utgangspunktet ikkje ynskjer ein grad, men som i yrkessamanheng treng grunnleggjande kunnskapar innanfor økonomi og administrasjon.
Mål for studiet
Hovudmålet med dette studiet er å kvalifisera studentane for arbeid og vidare utdanning innanfor økonomi og administrasjon. Ein kan òg ta det som tillegg til utdanning frå andre fagområde.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Undervisninga er likevel lagt opp slik at ho byggjer på kunnskapar som går ut over desse minstekrava. For dei som ikkje har slik kunnskap, arrangerer høgskulen forkurs i matematikk.
Forkurset i matematikk tek til to veker før semesterstart. Alle som har svakare bakgrunn enn 2MS/2MN og 2MX/2MY eller tre årssteg i studieretning for handels- og kontorfag, bør følgja dette kurset.
Forkurset er ikkje obligatorisk og det er ikkje knytt studiepoeng til det. Vi vil likevel understreka at fleire obligatoriske emne i resten av studiet set som vilkår at innhaldet i forkurset er kjent. Det er òg slik at studentane kan bli prøvde i pensum frå forkurset ved den ordinære eksamen i matematikk.
Vi vil ved semesterstart også gje eit forkurs i data. Dette er eit krav for å bruka HSF sitt datautstyr.
Innhald / oppbygging
Studiet er sett saman av ei rekkje større og mindre emne. Kvart emne vert avslutta med eksamen og har studiepoeng etter arbeidsmengd. For dei som manglar grunnleggjande kunnskapar i matematikk, er forkurset nødvendig (sjå ovanfor).
Gjennomsnittleg arbeidsmengd tilsvarar 30 studiepoeng pr. semester. Det er gjort nærare greie for dei einskilde emna under emneomtalen.
Fristar for påmelding til dei valfrie emna vert kunngjorde seinare.
Fagplan for årsstudiet i bedriftsøkonomi:
|
Emnekode
|
Namn på emnet
|
Studie-poeng
|
O/V*)
|
Studiepoeng pr. semester
|
|
|
|
|
|
S1 (H)
|
S2(V)
|
|
|
It forkurs
|
Ingen
|
O
|
|
|
|
|
Matematikk forkurs
|
Ingen
|
V
|
|
|
|
BØ 6-101
|
Innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi
|
10
|
O
|
10
|
|
|
OR 6-101
|
Organisasjonskunnskap
|
10
|
O
|
10
|
|
|
MA 6-100
|
Matematikk
|
10
|
O
|
10
|
|
|
BØ 6-100
|
Finansrekneskap med analyse
|
15
|
O
|
|
15
|
|
OR6-100
|
Marknadsføring
|
5
|
O
|
|
5
|
|
JU 6-100
|
Forretningsjus
|
5
|
O
|
|
5
|
|
SØ 6-100
|
Samfunnsøkonomi
|
5
|
O
|
|
5
|
|
|
Matematikk oppfølgingskurs
|
Ingen
|
V
|
|
|
*) O – Obligatorisk emne, V – Valfritt emne
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Ikt vert brukt i større eller mindre grad i alle kurs. Eit årsstudium i bedriftsøkonomi kan ikkje gjennomførast utan eit stort innslag av sjølvstudium, der løysing av oppgåver vil vera sentralt.
Arbeidskrav
I dei fleste av emna er det arbeidskrav i form av obligatoriske oppgåvesett som skal innleverast til godkjenning, anten individuelt eller i grupper på maksimum tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.
Sluttvurdering
Ordninga for sluttvurdering går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Pensum
Sjå omtalen under kvart einskilt emne.