IDRETT, 1. ÅR BACHELOR
Studiet er ei årsstudium som kan inngå i bachelorstudiet i idrett fysisk aktivitet og helse eller bachelorstudiet i friluftsliv. Studiet kan nyttast som valfritt fag i 4-årig allmennlærarutdanning eller som vidareutdanning for lærarar.
Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget; hovudsakleg i grunnskule og vidaregåande skule, eller som ynskjer å ta ei friluftslivs -eller idrettsutdanning ved HSF eller andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ynskjer å arbeide med frivillig idrettsarbeid eller innan naturbasert reiseliv. Ein del tek dette studiet før dei startar fysioterapi, sjukepleie, politiutdanning o.l.
Studiet skal gi studentane best mogeleg innsikt i idrett og fysisk aktivitet som fagområde ved at studentane:
- Tileignar seg og systematiserer grunnleggjande kunnskapsstoff innan fagområdet
- Utviklar eigendugleik/meistring av sentrale rørslemønster
- Aukar dugleik i å observere, analysere og vurdere sentrale rørslemønster
- Får kunnskapar og erfaring i å planlegge, organisere, leggje til rette og rettleie på ulike dugleiksnivå
- Får innsikt i normer og reglar i ulike idrettar
- Blir stimulert til sjølvstendig og kritisk arbeid
Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
Rørslelære/anatomi, 10 sp
Fysiologi/treningslære, 15 sp
Idrett og samfunn, prosjekt, 10 sp
Idrettspedagogikk/idrettspsykologi, praksis, 10 sp
Aktivitetslære, 15 sp
Praktiske emne:
Friluftsliv, dans, snø/skiaktivitet, orientering, ballspel, friidrett, grunntrening, symjing/livberging og praksis i skuleverket. Andre typar aktivitetar vil og vere aktuelle.
Teoretiske emne:
Idrett og samfunn, prosjektarbeid, rørslelære, anatomi, fysiologi, treningslære, idrettspsykologi og pedagogikk
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet.
To veker i vårsemesteret. Grunnskule/vidaregåande skule/leirskule/folkehøgskule.
Arbeidskrava går fram av emneomtalane.
Sluttvurdering går fram av emneomtalane.
Pensum går fram av emneomtalane.