FRILUFTSLIV, 3. ÅR BACHELOR
1 år heiltidsstudium Haustsemester - Friluftsliv fordjuping (oppstart hausten 2005) Vårsemester – Valfrie emne
Studiet utgjer eit årsstudium som inngår i bachelorstudiet i friluftsliv.
Studiet skal gi studentane ei fordjuping i aktivitetar som klatring og høgfjell der vegledarrolla er sentral. Studiet skal og gje studentane ei innføring i vitskapeleg utviklingsarbeid innan friluftsliv.
Fullført 2. år bachelor friluftsliv eller tilsvarande.
Haustsemester
Fordjupingsprosjekt friluftsliv - 15 studiepoeng
Fordjuping fjell/bre/klatring og vegledarrolla - 15 studiepoeng
Vårsemester, 30 sp
Her kan studentane velje ulike emne.
Aktuelle emne er mellom anna: Tilpassa friluftsliv i nærmiljø – 15 studiepoeng, Entreprenørskap – 15 studiepoeng, Fjord Heritage, nature conservation & landscape management - 30 studiepoeng. Andre anbefalte emne er andre moduler innafor idrett, naturfag, reiseliv, eller studieopphald i utlandet.
Nærare omtale av innhaldet i haustsemesteret går fram av emneomtalane
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. På turar og ekskursjonar vil metodiske vurderingar stå sentralt, saman med høg eigendugleik og meistring av ferdigheitar innan friluftsliv. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
Arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet blir samla i ei arbeidsmappe som følgjer studiet. Studentane får framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til eigenaktivitet. Det vert forventa at studentane tek ansvar både for planlegging og føring av turar i ulike miljø.
Høgskulen har utvekslingsavtalar med universitet og høgskular i Australia, Nederland og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus- programma. Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i dei valfrie emna i vårsemesteret.
Arbeidskrava går fram av emneomtalane
Sluttvurderinga går fram av emneomtalane
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.