Namn på studiet
NORSK: Lese- og skriveopplæring og på ungdomssteget, NO322
Studiepoeng
30 studiepoeng
Organisering
Deltidsstudium. 10 dagssamlingar og ei to-dagars oppstartsamling. Arbeid i lokal studiegruppe mellom samlingane. Bruk av nettet er sentralt, og alle studentane må disponere datamaskin med nett-tilgang.
Innleiing
Dette er eit vidareutdanningstilbod i norsk. Studiet passar spesielt godt for lærarar som er i jobb i skulen. Det er eit studium utan tradisjonell skuleeksamen til slutt, men arbeid med arbeidskrav føregår jamt utover i heile studiet.
Kompetanse / formell grad
Utgjer saman med Norsk 1 eit årsstudium. Kan saman med Norsk 1 gå inn med 60 stp i ein bachelorgrad. Valfritt fag i den fireårige lærarutdanninga.
Målgruppe
Lærarar som underviser i grunnskulen, helst på mellomsteget eller ungdomssteget.
Mål for studiet
Vidareutdanningstilbodet er utvikla som eit ledd i utvikling og utprøving av nasjonale etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar i grunnskulen. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra. Det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin når det gjeld lesing, skriving og korleis IKT kan brukast som fagleg og didaktisk hjelpemiddel i skulen. Samhandling gjennom tekst er det berande prinsippet både i rammeplan for lærarutdanning og i L97, og det er det faglege grunnlaget for kompetanseutviklinga også i dette norskstudiet.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i norsk 1 (30stp). Lærarar med utdanning etter gamle planar 5vt/15stp) eller tilsvarande kan og søkje.
Innhald / oppbygging
Tre hovudområde:
1. IKT og språkleg samhandling (7,5stp)
Omfattar kunnskap og ferdigheiter og IKT-didaktikk
2. Utvikling av lese- og skrivekompetanse (15stp)
Omfattar grunnleggjande prinsipp i lese- og skriveopplæring, vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, elevtekstkunnskap, lese- og skrivevanskar på ungdomssteget og lese- og skriveutvikling for elevar med norsk som andrespråk
3. Lesing og skriving i ulike sjangrar (7,5stp)
Omfattar munnlege og skriftlege tekstar av og for ungdom og vaksne og lesing av litteratur og eigne tekstar.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er organisert som ei blanding av regionale samlingar, arbeid i lokal studiegruppe og arbeid på nettet. Det er derfor heilt nødvendig at kvar student har lett tilgang til datamaskin med nett-tilkopling. I studiet legg ein stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det blir lagt stor vekt på studentaktivitet på alle felt.
Praksis
Tilsvarande to veker. Til vanleg organisert som punktpraksis over lengre tid, gjerne på eigen arbeidsplass, der ein prøver ut faglege opplegg.
Arbeidskrav
10 obligatoriske arbeidskrav. Nokre av desse er individuelle, andre er gruppearbeid.
Sluttvurdering
NO322 000 Mappevurdering. Fire av dei 10 obligatoriske arbeidskrava utgjer vurderingsgrunnlaget. To av desse blir trekte ut av høgskulen, og to vel studenten ut sjølv.
Pensum
Førebels pensumliste blir delt ut ved starten av studiet.